Ifølgje VOX i vedkomande sin nyaste artikkel, publisert på UtenFilter 19.mars 2025, er mot og tapperheit stor mangelvare. Spesielt i Noreg. Ein kan nesten seie at det er typisk norsk å vere feig. Dette har eg sjølv erfart i mine 18+ år i det norske arbeidslivet. Folk konfronterer deg sjeldan direkte, dei går heller ymse omvegar via kollegaer og leiing. Resultatet er ein personalsamtale med anonyme skuldingar og/eller bekymringsmeldingar om ting du skal ha sagt eller gjort. Slik feigskap er hundre gonger verre enn open fiendtlegheit, for sistnemnde kan ein i det minste forsvare seg mot. Få, om nokon, kan forsvare seg mot skuggespel og løynde alliansar.
I Noreg og resten av Europa går det den vegen høna sparkar, for å bruke VOX sine eigne ord. Kvifor dette får lov til å skje, skriv vedkomande om innleiingsvis:
«Ett vesentlig moment er den iboende menneskelige feigheten. Det er naturlig å sky ubehagelige kjensgjerninger.»
Og vidare:
«Feighet ser nesten ut til å klebe seg til iboende genetiske forutsetninger. Det vil følgelig bli med på lasset fra generasjon til generasjon. Feighetens grunnleggende vesen ligger i det medfødte flukt-instinkt. Det som kan fortrenge dette instinktet er kunnskap og forstand. Rett og slett hvor godt man kan identifisere faren, dens konsekvenser og hvordan man kan bekjempe den. Feighet er en egenskap knyttet til vår vilje, som ytrer seg i å gå for langt i å unnvike alle farer og ubehag. Beskyldning om feig adferd er berettiget når det foreligger en plikt til å trosse farer. Som trusler mot barn, familie eller samfunn. Feighetens motsetning er mot eller tapperhet.»
Når ein snakkar om flukt, vil eg trekkje fram det som etter mitt syn er ein av dei mest graverande episodane i nyare tid. Kanskje er sjølve den feminiserte oppdraginga grunnen til at norske menn bokstavleg tala har mist motet og blitt ynkelege feigingar. Kiri, eks-dama til kontroversielle Are Hegrand, skreiv på sistnemnde sin blogg No Nonsense News 9.oktober 2020 følgjande, som eg siterte i min eigen artikkel «Blir maskuline menn forsøkt utrydda?» (publisert 16.februar 2022):
«Menn ønsker først og fremst å beskytte kvinner og barn. Sunne, maskuline mannfolk finner stor glede i å ‘redde kvinner’. Dersom tidligere AUF-leder Eskil Pedersen hadde fått lov til å utvikle seg på en naturlig måte ― uten den feminiserende hjernevasken ― så hadde han nok ikke rømt med halen mellom beina som en feig hund. Men det gjorde han, og etterlot hjelpeløse og skrekkslagne ungdommer i døden på Utøya. Og vi nordmenn syntes tydelig at dette var helt greit fra Pedersens side.»
Eg legg til kva eg sjølv skreiv i same artikkel:
«Eskil Pedersen kunne knapt ha handla på ein feigare måte. Han forlét folk i naud for å redde sitt eige skinn. Ingen ekte mann ville ha gjort noko slikt, spesielt ikkje om det var jenter som bokstavleg tala var i livsfare frå ein forrykt, mordarisk terrorist.»
Éin ting er kva feige menn gjer i slike situasjonar, ein annan og langt meir alvorleg ting er at samfunnet godtek det. I motsetnad til kujonar som flykta for å redde sitt eige skinn under krigen, har Pedersen enno ikkje blitt stilt ansvarleg for det han gjorde. Mange kunne ha vore i live om han (og andre unge menn på Utøya) hadde gjort si tradisjonelle samfunnsplikt som mann – men mykje tydar på at han, og mange andre norske «menn» – ikkje heilt føler seg kalla til å gjere ein innsats for å beskytte sine medmenneske. Dette er faktisk det verste eit menneske kan gjere. Å utføre urett er ille – å late vere å gripe inn når ein ser urett, og ein har evne og midlar til det, er like ille, om ikkje verre.
Noreg var urovekkjande lett å invadere, både i 1940 og i 2020. Nesten alle godtok okkupasjonen og få eller ingen gjorde nemneverdig motstand. For å presisere, snakkar eg her om 2020-okkupasjonen av Noreg, «Koronaprosjektet». Under Andre verdskrigen var i det minste dei fleste norske menn enno ikkje feminisert og ufarleggjort av programmering, kjemikaliar og mangel på farsfigurar.
Avslutningsvis konkluderer VOX følgjande:
«At en slik utvikling kan finne sted, tross at alle lenge har kunnet se se hvor hen det bærer, kan ikke skyldes annet enn nettopp feigheten. Kombinert med velstand, manglende selvdisiplin og en offentlig atmosfære av ettergivenhet og feminin «forståelse» for alskens overgrep. Feighetens innerste vesen ender dessuten oftest med at sinnet blokkerer fullstendig for virkeligheten.»
Realiteten er at dagens Noreg er invadert og direkte valdteke av ein elite som vil utrydde oss. Dei vil ha meir servile og underkastingsviljuge folkeslag i landet i staden for oss. Vi er uønskte. Feigingen kan rømme, men han kan aldri sleppe unna. Før eller seinare vil han møte seg sjølv i døra, og då er det for seint. Anten det skjer i form av landssvikoppgjer eller utrydding av eige genmateriale, er løpet køyrt. Det finst inga orsaking for å vere feig, sjølv om fleirtalet har valt det. Fleirtalet har ikkje alltid rett, for å underdrive kraftig.

Dels skyldes den særnorske feigheten det kalde klimaet, som velger etter samarbeidsevne, dels skyldes det 500 år med protestantisme, hvor alle individualister, fritenkere eller opprørere ble marginalisert eller drevet bort. I fremtiden må de som evner å tenke egne tanker ekspandere, og ekspandere fort. Ellers går alt ned i dragsuget, og vi blir erstattet av arabere, per kvinne og feighetsdyd.
LikarLikt av 1 person
I tillegg til feigheit, kan ein gjerne leggje til ein tilsynelatande mangel på empati òg. Finst det eit folkeslag som har meir skadefrygd enn nordmenn? Folk godtar seg når stakkars, hardtarbeidande menneske blir bøtelagt over 10 000 for «ulovleg» bruk av mobiltelefon under køyring, eller når dei får bøter av overivrige parkeringsbetjentar. Å bli oppsagt er visst òg ei stor kjelde til latter og glede hjå feigingane. Til og med fall med beinbrot eller andre alvorlege personskadar blir ledd av. Og gløym aldri Hans Gaarder-affæren, då medie-Noreg og folk flest omtrent fekk horn i panna av skadefrygd.
Ymse humorgrupper (eigentleg mobbegrupper) på Facebook kringkastar denne djevelskapen 24/7. Problemet er ikkje sjølve ytringane, men kva ytringane kan få folk til å gjere – eller late vere å gjere. Her speler medieprogrammering ei stor rolle. Folk blir ikkje nødvendigvis skapt vondskapsfulle, men blir hjernevaska og emosjonelt avstumpa av all valden dei ser i filmar og TV-seriar.
LikarLikar