WHO har ikkje gjeve opp sitt forsøk på å snikinnføre Pandemiavtalen

Saksyndig skreiv ved fleire høve i 2022 om den sokalla Pandemiavtalen som WHO og den politiske eliten var særs ivrige etter å presse igjennom – helst utan at nokon fekk det med seg. Under plandemien gjekk deira våtaste draumar i oppfylling, sidan dei då hadde kontroll over det meste. Heldigvis vann den gode sida tilbake i 2022, men mykje tydar på at sigeren i beste fall var kortvarig og på ingen måte kan takast for gjeven. Dei gjev seg ikkje no når dei er nesten på målstreken – og viktigast av alt er det at folket er vakne og tenkjer sjølv. Opplyste, modige menneske er dei som kan gjere motstand. Alternativet er ei mørk framtid som for dei aller fleste vil bli ganske kort.

Sjå følgjande Saksyndig-artiklar om Pandemiavtalen:

«Verdsrådet for helse kjempar mot WHO sin diktatoriske pandemiavtale», publisert 16.april 2022.

« ‘Pandemiavtale’ vil gje WHO nøklane til globalt styre», publisert 24.april 2022.

«Personalmangelen er verre enn nokosinne – vil Pandemiavtalen til WHO vere utløysaren for kollaps av den norske helsesektoren?», meiningsartikkel publisert 25.mai 2022.

«Er den totalitære faren over for denne gong? World Health Assembly møtte motbør frå Afrika og fleire andre ikkje-vestlege land i Genève», publisert 31.mai 2022.

No ser det ut til at «beistet» har vakna igjen og vil prøve igjen det som mislykkast for tre år sidan. S.D. Wells i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Dei hadde det ei lita stund. Fullstendig kontroll. Den nye verdsordenen, styrt av globalistar og deira høgre hand Big Pharma, hadde fullstendig kontroll over nesten kvart menneske på planeten Jorda på byrjinga av covid-plandemien. Det fungerte. Masse-propagandakampanjen av frykt forårsaka massepanikk og alle miste vitet, og bøygde seg for den meiningslause «protokollen» av nedstengingar, munnbind, sosial avstand, antibakteriell overforbruk mot eit virus, og massedødssprøyte-indoktrinering.

Alle kakse-organisasjonane var med på det: WHO, CDC, FDA, WEF, alle som éin. Sluttspelet var å få kvart einaste menneske injisert med ‘teknologi’ der cellene deira skaper milliardar av prion som står bak dødsfall av alle årsaker, slik at ingen kan koke det ned til dødssprøytene – men verda kjem til å berre bestå av eit par milliardar menneske innan få år. Etterpåklokskapen er alltid 100%, so alle kan sjå frå blodbadet etter dødssprøytene at dette ikkje er nokon konspirasjonsteori.»

Omgrepet konspirasjonsteori vart brukt konsekvent heilt frå byrjinga av for å stengje all debatt rundt covid-19, «tiltak» og mRNA-injeksjonane. Og kven stod bak?

«WHO var sjølve grunnmuren for Den nye verdsordenen, Den store tilbakestillinga, og dei ønskte full kontroll over liva til alle, og dette inkluderte å ta vekk all medisinsk fridom og retten til ytringsfridom og fri presse.

Faktisk publiserte Brownstone Institute nyleg ein kommentar som analyserer utkastet til Pandemiavtalen som var meint å takast til vurdering på den komande 78. World Health Assembly. Avtalen, som komplementerer Dei internasjonale helseretningslinjene (IHR) frå 2005, med tillegg i 2024, har som mål å sentralisere pandemihandtering under Verdas helseorganisasjon. Medan mykje av dokumentet bruker ikkje-bindande språk slik som ‘kan’ og ‘der det passar’, reflekterer det WHO sitt press for kontroll over alle aspekt ved pandemiar, frå erklæring til respons, inkludert vaksinedistribuering og forsyningskjedar.

Kritikarar argumenterer at avtalen manglar proporsjonalitet og at den fokuserer snevert på visse befolkningar medan den ignorerer meir generelle helsebehov. Til dømes ser den vekk frå kor viktig individuell motstandskraft er, og dei unike helseprioriteringane til regionar slik som Afrika, som har ei hovudsakleg ung befolkning.

I staden for å desentralisere helseomsorg, fremjar WHO ei ‘heil-styre’-tilnærming [whole-of-government approach i originalartikkelen; oms.an.], som enkelte seier har forårsaka skade, spesielt i låginntektsland under covid-19-responsen. Avtalen legg òg vekt på WHO-godkjende vaksinar og allopatiske legemiddel medan den speler ned tradisjonell lækjepraksis.

Avtalen knyter helse saman med klimaendring, og framstiller det som ein hovudtrugsel mot globalhelsa. Dette reflekterer ein veksande trend innåt i WHO om å utvide mandatet sitt utover tradisjonelle helserelaterte tema. Derimot er fokuset avtalen har på storskala, sentraliserte løysingar bekymringsverdig med tanke på kor praktisk og kostbart det er, spesielt for utviklingsland. Til dømes krev Artikkel 9 i avtalen lågkostnadsvaksinar og teknologioverføringar til mindre utvikla nasjonar, men det å implementere dei kan bli utfordrande og dyrt. […]

Til sjuande og sist argumenterer Brownstone Institute og andre at Pandemiavtalen og dei relaterte IHR-tillegga gjev WHO for mykje makt, potensielt i disfavør av lokale helsesystem og generell helse-utfallslikskap. Den sentraliserte tilnærminga, saman med WHO sitt tvilsame rulleblad når det gjeld covid-19-pandemien, reiser bekymringar om gjennomsiktigheit, rettferd og grada av effektivitet.

Det at avtalen fokuserer på profitt i globalhelse-industrien og at den manglar praktiske løysingar for utviklingsland, set desto meir søkjelys på behovet for ei meir balansert, sentralisert tilnærming til pandemiberedskap og -respons.»

Kommenter innlegget