Forskarar avslører: Medisinsk tyranni, ikkje covid-19, stod bak global overdødelegheit

Koronaprosjektet hjernevaska store delar av verdas befolkning med ei løgn so kolossal at nesten ingen kunne førestille seg at det var ei løgn. Heile verdssamfunnet vart endra, fridom og menneskerettar vart sett på vent eller beint fram avskaffa, og millionar døydde. Ikkje av det påstått allmennfarlege viruset SARS-CoV2, men den livsfarlege, uvørdne og totalitære politikken som hadde som offisielt mål å avgrense skadeomfanget av viruset. Menneskerettar måtte setjast i bakgrunnen på grunn av dette nye, særs smittsame lungeviruset som feia over kloden og forårsaka nedstengingar og tvangsvaksinasjon.

Kva om den ekte mordaren ikkje var viruset i det heile? Kva som auken vi såg i overtalsdødelegheita var eit direkte resultat av medisinsk tyranni, ikkje eit virusutbrot? Lance D Johnson i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Banebrytande forsking frå kanadiske vitskapsfolk plukkar frå kvarandre den offisielle forteljinga, og eksponerer korleis pandemipolitikk – ikkje SARS-CoV-2 – var den leiande drivkrafta bak overtalsdødsfall. Deira analyse av dødsfall av alle årsaker i USA og Europa avslører eit illevarslande mønster: dødsfall steig samstundes med statlege inngrep, ikkje virusspreiing. Respiratorar, isolasjonsprotokollar og institusjonell forsømming vart den reelle pandemien, som ikkje-proporsjonalt kravde liva til eldre, fattige og sårbare. […]

Geografiske avvik avslører bedraget

Dersom covid-19 verkeleg var eit raskt spreiande luftvegsvirus, ville overtalsdødsfall ha følgt føreseielege epidemiologiske mønster – gradvis spreiing frå urbane knutepunkt til landlege område, der naboregionar ville ha opplevd liknande påverknad. I staden fann forskarar oppsiktsvekkjande inkonsekvensar.

Ta den vestlege grensa til Tyskland som døme: tett folkesette område i Frankrike, Belgia og Nederland opplevde øydeleggjande toppar i dødelegheita, medan nabolandet Tyskland sine område var so godt som urørte. ‘Viruset ville ikkje stoppe på grensa,’ sa leiande forskar Joseph Hickey til The Defender. ‘Folk reiser rundt heile tida. Skilnaden måtte vere på grunn av politikk.’

Det same fenomenet spelte seg ut i amerikanske byar. New York leid katastrofale tap, medan San Francisco – eit anna større internasjonalt knutepunkt – gjorde det ikkje. Dersom eit nytt virus hadde skulda, kvifor varierer dødsratar so drastisk i byar med samanliknbar folkesamansetnad, helsesystem og volum av tilreisande?

Synkroniserte dødstoppar peiker på mislykka retningslinjer, negativ effekt av påbod, ikkje patogen

Kanskje det mest fordømmande beviset på virusforteljinga er det nifse fenomenet at dødstoppar fann stad samstundes. Rundt om i Europa og USA oppstod overtalsdødsfall nesten samstundes i mars-mai 2020 – rett etter WHO si pandemierklæring – trass store skilnader i regionale smittetidslinjer.

I Italia opplevde nordvestlege regionar dødsratar som var sju gonger høgare enn i sentrale område, likevel fann begge toppane stad på same tid. Dette går imot kvar einaste kjende modell for virusspreiing, som spår ujamne utbrot etter kvart som smitte reiser frå episenter til område i utkanten. I staden antydar dataa ein koordinert utløysar: utrullinga av dødelege medisinske protokollar.

[Kommentar frå Saksyndig: Originalartikkelen har frasen staggered outbreaks, der staggered blir brukt om noko som har blitt arrangert på ein måte som ikkje er heilskapleg, eller som overraskar og forbløffar. «Ujamne utbrot» står her i motsetnad til det som faktisk skjedde: utbrot som, i strid med virusspreiingsmodellar, fann stad samstundes. Virus hoppar frå sentrum til sentrum, politikk blir iverksett over natta, lokalt so vel som internasjonalt.]

Dei fattige og sårbare betalte den høgste prisen

Vondskapen bak pandemipolitikken var ikkje eingong jamt spreidd. Forskarar oppdaga at overtalsdødsfall samla seg i fattigdomsråka samfunn, der innbyggjarane sette sin lit til sjukehus med for lite midlar, og institusjonell omsorg.

I New York-bydelen Bronx – der låginntektsgrupper bur – leid langt høgare dødelegheit enn rike Manhattan, trass nærleiken til kvarandre. London-bydelane Brent og Westminister spegla denne skilnaden. Trongbuddheit og overbefolkning åleine kunne ikkje forklare avviket; den ekte syndaren var medisinsk feilhandtering.

Sjukehusa vart dødsmøller, der ikkje-testa behandlingsmetodar slik som mekanisk respirasjon – ofte administrert uvørdent – gjorde sjukdommar som lett kunne behandlast om til dødelege tilstandar. I mellomtida vart pasientar nekta familiebesøk, skikkeleg næring, og tidlege behandlingsalternativ, noko som sette fortgang i forfallet deira.

Bevismaterialet kan ikkje nektast for: det som uriktig vart kalla ein ‘pandemi’, var i røynda eit nøye styrt overfall på menneskeleg fridom, verdigheit og helse. Den veldige overtalsdødelegheita som ein såg rundt om i nasjonane var ikkje resultatet av at eit dødeleg virus gjekk amok – det var den direkte konsekvensen av statleg påført medisinsk tyranni, tvangsmandat, og systemisk bedrageri.

Når menneske blir terroriserte til isolasjon og panikk, når levebrødet blir øydelagt, blir meining og føremål tekne vekk, og konkurs blir norma; når bedragersk testing, tvinga isolasjon og det å nekte folk tidleg behandling gjer sjukehus om til lidehus – blir det tydeleg at krisa aldri handla om folkehelse. Det handla om kontroll.

Når skremselspropaganda gjer dødelegheit om til eit masselydigheitsvåpen; når sjukehus opererer bak ansvarleggjeringsskjold medan medisinske feil skyt i taket; når effektive behandlingsmetodar blir undertrykte i favør av skadelege protokollar; når eksperimentelle injeksjonar blir påbodne trass at dei har katastrofalt mislykkast – då oppstår sanninga; den største trugselen mot menneskeheita var ikkje eit virus, men sjølve institusjonane som vi stolte på skulle beskytte oss mot det.

Nedstengingane, påboda, den psykologiske krigføringa – desse var dei reelle drivkreftene bak overtalsdødsfall. Forskinga beviser det. Lidinga bekreftar det. Løgnene avslører det.

Dette var ikkje ein pandemi. Det var ei kalkulert nedriving av samfunnsmessig motstandsdyktigheit, driven av geopolitiske agendaer og utnytting og utbytting frå konserna. Dersom vi ikkje greier å anerkjenne rotårsaka – det medisinske tyranniet som splitta, gjorde sjuke og undertrykte befolkningar – risikerer vi å gjenta historia under endå mørkare omstende.

Pandemien handla aldri om eit virus. Det handla om kontroll – om å kondisjonere befolkninga til å akseptere medisinsk tyranni under dekket folkehelse. Beviset ligg i dataa: overtalsdødelegheit følgde ikkje spreiinga av viruset; den følgde påboda.

Frå respiratorar til nedstengingar til vaksineeksperiment som gjekk gale, var den ekte pandemien iatrogen. Og heilt til vi konfronterer denne sanninga, vil arkitektane bak denne katastrofen halde fram med å lure seg unna ansvarleggjering – medan offera held fram med å vere del av ein namnlaus statistikk i ei oppdikta krise.»

2 comments

  1. Convidkvakksinen er decoy for depopulasjon via SMART-grid våpenisert med «directed energy»

    kontrollert av ki. Spredd ut for å ikke vekke mistanke. Convid er mikrobølgeforgiftning.

    Bitchute/Rumble: 60 ghz and oxygenabsorption.

    Vaxxerne har satt seg på toget frivillig da de tok en superlederinjeksjon under mikrobølge SMART grid.

    Bitchute.com: graphene oxide, IoB, IoT, black goo, 60 ghz..

    Likt av 1 person

Legg att svar til bWabbit Avbryt svar