Amerikansk sjukepleiar varslar: Vaksinerte mødrer har 1900% større risiko for dødfødsel

Dei mange og alvorlege biverknadene til dei påstått «trygge og effektive» covid-19-mRNA-injeksjonane blir forsøkt skjult av dei ansvarlege etter alle kunstens reglar. Dei som varslar om skadar og dødsfall knytt til dei eksperimentelle sprøytene, blir tagde i hel og forsøkt fjerna – igjen etter alle kunstens reglar. Det er i elitens interesse å halde mest mogleg skjult all sjukdommen, døden og elenda «vaksinane» har forårsaka, og alle som roper ut, lever farleg frå fyrste augneblink. Dei risikerer å misse alt, spesielt jobb, karriere og sitt gode namn og rykte. Sist ut i rekkja av modige varslarar, er ein sjukepleiar i California som har saksøkt sjukehuset ho jobbar på – dei har med vilje dekt over ein ‘katastrofal auke’ i dødfødslar blant kvinner som fekk covid-19-sprøytene. Dei har ikkje berre dekt over dødfødslane, dei har straffa sjukepleiaren for å varsle om dei. Sjukehuset har valt økonomisk gevinst på kostnad av menneskeliv.

Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Søksmålet, som vart begjært i Høgsteretten i Fresno førre veke, hevdar at Community Regional Medical Center, som er drive av Community Medical Centers (CMC), forsettleg skjulte daga som viste ein dramatisk auke i fosterdødsfall som byrja våren 2021 – berre månader etter at sjukehuset byrja å aggressivt fremje covid-19-vaksinar til gravide kvinner.

Michelle Spencer, ein veteransjukepleiar på fødselsavdelinga på sjukehuset, sa at ho var vitne til ein drastisk auke i dødfødslar blant vaksinerte mødrer, og fekk gjengjelding mot seg etter å ha slått alarm internt og delt bevis med uavhengige media.

‘Essensen i denne saka er at sanninga skal setje deg fri,’ sa Greg Glaser, advokaten til Spencer. ‘Sjukehuset sat på data som samanlikna vaksinerte og uvaksinerte. Tala beviste at vaksinane forårsaka abortar og meir i den vaksinerte gruppa.’

Ifølgje søksmålet gjekk leiinga på sjukehuset gjennom desse dataa – for so å grave dei ned, for berre å etterlate ei tom mappe etter instruksar frå lovgjevarane. Søksmålet kjem med påstand om bedrageri, gjengjelding og uetisk føretakspraksis. Søksmålet blir finansiert av Children’s Health Defense.

Spencer, som har jobba på sjukehuset sidan 2017, seier dødfødslar var sjeldne før vaksineutrullinga, i snitt éin per månad. Men frå og med våren 2021, seier ho at tala skaut i vêret til rundt 20 per månad – ein tjuedobbel auke som har halde fram til denne dag.

Fordi Spencer ikkje har tilgang til den fulle sjukehusdatabasen, baserer estimata hennar seg på hennar fyrstehandserfaring og interne kommunikasjon – inkludert ein e-post frå september 2022 frå perinatal-leiande sjukepleiar Julie Christopherson som skildra trenden i sterke ordelag.

‘Der var 20 dødsfall i august,’ skreiv Christopherson, ‘som går forbi rekordtalet på 21 dødsfall i juli 2021. Og so langt i september har der vore 7 – og det er framleis berre åttande dag av månaden.’

I den same e-posten åtvara Christopherson at trenden sannsynlegvis kom til å halde fram, og innrømte at dødsfalla var ei påkjenning for sjukehuspersonalet: ‘Det er mykje arbeid for dykk som sjukepleiarar i avdelinga, og det er òg mykje arbeid for meg. Dødsfall kan ha teke mykje av tida mi vekk frå andre pasientgruppene som eg sørvar…’

Ifølgje søksmålet til Spencer, fall auken i dødfødslar nøyaktig saman med sjukehuset sitt aggressive press for å vaksinere gravide kvinner, som visstnok inkluderte at gynekologar og fødselslegar med sjukehusprivilegium fekk løyve til å administrere covid-18-vaksinar utan å fortelje skikkeleg om risikoane.

Klagen skuldar òg sjukepleiarleiar Christopherson for å uttrykkje partiskheit mot uvaksinerte familiar, og hjelpe sjukehuset med å undertrykkje data som knyter vaksinen til auken i fosterdødsfall.

Spencer seier at nesten alle dødfødslane fann stad blant vaksinerte mødrer, medan fosterdødsfall blant uvaksinerte mødrer heldt seg på grunnlinja – rundt eitt per månad.

I tillegg til dødfødslar, seier Spencer at ho og kollegaene òg byrja å merke ein auke i komplikasjonar blant mødrer og nyfødde, inkludert hjarte- og karproblem, blodproppar, blødingar og fysiske deformitetar hjå babyar slik som manglande fingrar, tær, bilyd på hjartet og gulsott.

‘Frå direkte observasjon og samtalar med kollegaer etter mars 2021, fann saksøkjande part ut om aukande tal av babyar fødd på CMC med tilstandar…’ står det i klagen.

Trass desse teikna, skal leiinga på sjukehuset ha ignorert tryggleikssignal, og i staden tent godt på vaksinefremjing, medan dei nekta å etterforske nokon mogleg samanheng mellom sprøytene og bølgja av fosterdødsfall og skadar.

I staden for å svare på bekymringane hennar, seier Spencer at sjukehuset gjengjelda. Etter å ha delt den interne e-posten til Christophersom med medieformidlarar, seier Spencer at ho vart gjenstand for ei partisk internetterforsking som var meint å stoppe munnen på ho, og fråråde andre sjukepleiarar i å snakke ut.

‘Eg vart utsett for gaslighting av leiinga,’ seier Spencer i klagen, som skildrar sjukehusleiarar som kom med ‘udokumenterte bortforklaringar’ slik som eksponering overfor plantevernmiddel som ein meir sannsynleg årsak for auken i babydødsfall.

I desember 2022 seier Spencer at sjukehuset heldt tilbake ein lovd bonus på 5000 dollar, og viste til hennar ‘status som etterforska’ som grunn. Ho trur at trekket var meint å sende ein illevarslande bodskap: ‘Varslarar kjem til å bli straffa.’

Trass motbøren, jobbar Spencer framleis på sjukehuset, der ho informerer pasientane sine om risikoane ho meiner er assosiert med visse vaksinar – inkludert covid-19 og hepatitt B. Men ho seier at til og med det har ført til reprimandar frå leiinga. Spencer ber no retten om å gje ordre om ei tredjepartsetterforsking av dødfødslane, i tillegg til oppreisning og erstatning for tapt inntekt.

‘Eg håper dette søksmålet vil eksponere vondskapen som går føre seg i sjukehussystemet,’ sa Spencer. ‘Og vekkje foreldre og gjere sjukepleiarar merksame.’

Glaser gjentok kravet om gjennomsiktigheit: ‘Sjukehuset valde økonomisk gevinst over menneskeliv,’ sa han. ‘Og sjukehuset gjengjelda mot frøken Spencer som sjukepleiaren som varsla om alt dette. Målet vårt med saka er å gje bevismaterialet til ein jury for å setje sanninga fri. Berre då kan vi verkeleg byrje å lækje. Og Gud veit at vi treng det.’»

One comment

Legg att svar til Lysalv Avbryt svar