Blir ingenting gjort når kvinner hamnar i maktposisjonar?

Saksyndig rundar av denne «arbeidsveka» med å kommentere eit innlegg som vart publisert i nettavisa UtenFilter 11.desember 2025, skrive av «Ground dude». Kva skjer når kvinner hamnar i maktposisjonar? Fint lite, etter hans meining. Alt blir diskutert opp og ned i mente, men ingenting blir gjort. Han skriv innleiingsvis:

«Når kvinner havner i maktposisjoner, endres alt. Ikke handlingen – men meningen. Hele organisasjonen går i slow motion mens mening etter mening utveksles, vurderes og diskuteres i uendelige runder.»

Dei tre døma Ground dude nemner er:

  • «Sende ut en rapport? Først blir den diskutert, omdiskutert, omformulert og godkjent på tre nivåer, før ingen rekker å åpne vedlegget.
  • Ansette noen? Først vurderes holdninger, meninger, perspektiver og kulturforståelse i en tre-timers “intensjonsrunde” som ender med at stillingen lyses ut på nytt.
  • Innkjøp av kaffemaskin? Diskutert i fire møter. Forslag om å kjøpe ny, gammel eller bytte til te-maskin vurderes. Til slutt kjøpes det ingenting, men alle vet hvorfor.»

Han konkluderer med at lite blir gjort, alt blir meint, «og entusiasmen, den er uovertruffen».

Intensjonen bak kan vere god frå leiaren sitt synspunkt. Det er ein demokratisk tanke at alle meiningar skal bli høyrt. I praksis er det ikkje alle meiningar som fortener å bli høyrt. All energien som blir kasta vekk på tomsnakk, koseprat og regelrett ordonani kunne ha blitt brukt til å gje tenestene som arbeidsplassen tilbyr eit sårt tronge kvalitetsløft. Det finst neppe eit meir skadeleg element for arbeidsplassen enn dei som sit på ræva og pratar hòl i hovuda på folk, men som aldri set handling bak dei utrulege mengdene med ord dei konstant leverer.

23.mars 2023 publiserte eg ein meiningsartikkel om ustabile kvinner i leiarstillingar. Ground dude sin artikkel provar at kvinnene ikkje eingong treng å vere ustabile. Når ein er meir oppteken av relasjonsbygging, meiningsutveksling og «kaffislabberas» enn å få ting gjort, vil kvaliteten på tenestene som arbeidsplassen tilbyr bli deretter. Ingenting fungerer, og «ingen» veit kvifor. Dei som faktisk veit kvifor, er det ingen som høyrer på. Dersom dei ytst få mennene på arbeidsplassen prøver å kome med konstruktiv kritikk, blir gjerne leiaren langtidssjukemeldt, før ein annan kvinneleg leiar til slutt blir installert. Mannen blir sagt opp når dei kvinnelege kollegaene rottar seg saman mot han – om han då ikkje seier opp sjølv fordi han er lei av den elendige leiinga.

Ground dude antydar at sosialismen kan vere årsak til dei mange elendige kvinnelege leiarane. Her meiner eg at feminismen er ein meir plausibel syndebukk. Det var feminismen som «frigjorde» kvinna frå husstell og barneoppdraging og plasserte ho i ein jobbmarknad ho ikkje var komfortabel med å byrje i. Det oppstod eit farleg vakuum i heimen. Nokon måtte jo framleis passe ungane og stelle huset. I gamle dagar hadde vi her i Noreg sokalla husmorvikarar, men ordninga vart uforklarleg avskaffa, truleg saman med husmorskulane. Resultatet i dag er at Karrierekvinner ® slit seg ut både på jobben og i heimen, fordi dei i praksis er dobbeltarbeidande. Utslitne kvinner blir irrasjonelle, ubereknelege og beint fram farlege. Dei føler seg trengt opp i eit hjørne, skvisa på alle kantar, og ein uheldig kommentar kan utløyste død og dommedag.

Som eg skriv i nemnde artikkel:

«Kva enn slags grillar feminismen har sett i hovuda på enkelte kvinner, er det til stor skade for samfunnet. Spesielt om slike får leiarstillingar og noko som liknar på makt. Enkelte lèt diverre makta gå til hovudet på seg, og slike kan øydeleggje ikkje berre arbeidsplassen sitt renommé, men òg liva til dei underordna tilsette. Får slike ustabile, irrasjonelle kvinner høgtståande posisjonar i samfunnet, er vi ute å køyre. Ustabile kvinner i leiarstillingar kan få Noreg til å bryte saman. Merk dykk dette. Merk dykk òg at når mektige kvinner misser vit og forstand på denne måten, går det utover mennene. Kvifor er sjølvmordsstatistikken blant menn so høg som den er? Fordi dei har blitt mentalt øydelagt av eit mannshatande samfunns systematiske psykiske terror.

Når den ustabile, irrasjonelle og maktrusa kvinna fyrst sit godt planta i ei leiarstilling som ho er kjønnskvotert inn i, skal det særs mykje til for å fjerne ho. Ho sit og rugar på makta som ein fugl sit og rugar på eit egg, og lèt seg ikkje rikke om so heile arbeidsplassen går til helvete. Frå min ståstad ser det diverre ut til å berre vere éi løysing: Dei tilsette må gå saman og få denne leiarkvinna fjerna, ofte ved å bruke hennar eigne hersketeknikkar og psykiske terror mot ho sjølv. Dette krev målretta aksjonar og koordinering, og faren er alltid til stade for at ein av dei tilsette angrar seg og tystar. Difor er det sjeldan ei kvinne blir skvisa ut av ei leiarstilling på noko nivå.»

Ein lesar i kommentarfeltet til Ground dude-artikkelen antydar at det er mektige menn på høgste hald som bestemmer at kvinner skal kvoterast inn i underordna leiarstillingar – for på toppen er alle leiarar menn. Dette skal visstnok vere ein måte å undertrykkje verda, slik at desse mektige mennene kan behalde makt og pengar. Kva enn intensjonen bak måtte vere, er resultata ikkje til å fornekte: tenestene i det norske samfunnet fungerer stadig dårlegare. Alt tek tid og lite skjer (om noko skjer i det heile). Og i mellomtida sit kvinner og skravlar rundt om på ymse møterom om kva type kaffimaskin verksemda skal kjøpe inn til arbeidsplassen.

One comment

Legg att svar til Lysalv Avbryt svar