Vaksine-massedød: Dødsfall blant fullvaksinerte og trippelvaksinerte går til himmels

Av Mary Villareal, Natural News. Omsett og noko forkorta av saksyndig.

Artikkelen er meint å representere meininga til forfattaren.

Nye data gjevne ut av Public Health Scotland (PHS) viser at dødsfall blant dei som fekk Covid-19-vaksinar gjekk til himmels i januar – med 80 prosent av alle dødsfall sett blant fullvaksinerte.

Tilfelle har falle den siste månaden i alle aldersgrupper, men vaksinerte har representert fleirtalet av dei.

Ifølgje PHS-rapporten står dobbeltvaksinerte for fleirtalet av tilfelle frå 11.desember 2021 til 8.januar med 145 890. Trippelvaksinerte (dei som har fått oppfriskningsdosar), stod for fleirtalet av tilfelle frå 8.januar til 4.februar med 46 951. […]

Hovudstraumsmedia og regjeringa har fortalt folk at når det gjeld sjukehusinnleggingar, vil dei som har teke sprøytene sine berre få milde infeksjonar og har mindre sannsyn for å bli innlagt på sjukehus med viruset. Derimot seier dei nye dataa at dette var ei løgn.

Basert på PHS-dataa, ligg uvaksinerte mykje betre an når det gjeld sjukehusinnlegging. PHS-dataa viser at sjukehusinnlegging blant uvaksinerte fall med 24 prosent i januar samanlikna med månaden før. I mellomtida auka sjukehusinnleggingar blant trippelvaksinerte med 88 prosent.

Det har vore 40 registrerte dødsfall blant trippelvaksinerte mellom 4.desember og til og med 31.desember, men talet gjekk i vêret frå 1. til 28.januar. Det var ein auke på 495 prosent blant dei som har fått Covid-19-oppfriskningsdosane sine, samanlikna med berre ein 30 prosent auke i dødsfall blant den uvaksinerte befolkninga i same tidsrom – 46 i desember og 60 i januar.

Statistisk evidens og data viser òg at vaksinane ikkje ser ut til å fungere på den måten som folk vart fortalt at dei ville, som fører ein til spørsmålet: Kva er det verkelege føremålet med desse sprøytene? […]

Vaksine som biovåpen

Karen Kingston, tidlegare tilsett i Pfizer som vart varslar, peikte på dokumentasjonen av ein lipid-partikkel-skapars nettside som viser at grafénoksid finst i vaksinane. Grafénoksid er eit enkeltatoms-material som kan skape grafén under kjemisk reduksjon.

Grafén er skildra som «det sterkaste, tynnaste og mest førande materialet på jorda.» Medisinske ekspertar forklarte at denne samansetninga har blitt studert for ei rekkje biomedisinske bruksområde, inkludert biosensorar og legemiddel-levering, og i visse mengder kan det vere giftig for menneske.

I tilfellet med å bruke det i potensielle vaksinar, trur ein at det ikkje er giftig for menneskeceller. Derimot seier medisinske ekspertar at ein treng fleire studiar og forsøk for å avgjere om samansetninga vil vere fullstendig trygg og effektiv for biomedisinsk bruk eller ikkje.

I covid-19-vaksinen seier Kingston at det blir brukt til å skade barn over heile verda. I eit intervju med dr. Bryan Ardis, sa Kingston: «Dette er rett og slett ikkje noko anna enn ein konspirasjon for å begå skjerpa overfall og drap på barn og vaksne gjennom tvang. Det er det FDA held på med. Alt dette er kriminelle handlingar.»

Kingston siterte òg Pfizer-vaksinens godkjenningsbrev frå 23.august, som sa at der finst risiko for myokarditt som biverknad av vaksinen, der godkjenningsbrevet fastslo at det var ein av dei «kjende alvorlege risikoane» av sprøyta. «Med vilje påfører dei skade, betennelse, morbiditet og dødelegheit på barna våre og militæret vårt.»

Ho trur òg at det er eit nifsare mål med vaksinen.

Ardis sjølv sa at FDA-rådgjevarar som stemte ja til å injisere sprøytene i unge barn burde bli haldne ansvarlege. «Det er kva det er – brotsverk mot heile menneskeheita. Dette er lemlesting og mord på ein stor skala,» sa han.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s