Alex Thomson til Reiner Füllmichs Grand Jury: City of London styrer eigentleg verda – og dei ønskjer å eige og kontrollere absolutt alt, inkludert sinnet ditt og genane dine

Alex Thomson var i åtte år offiser i den britiske etterretningsetaten GCHQ, Britain’s Signal Officer Intelligence Agency, partneretaten til NSA. I tillegg var han medlem av GCHQs kryss-disiplinære team for kjemiske, biologiske, radiologiske og atomkraft-relaterte trugslar, CBRN.

På dag 2 av Reiner Füllmich og Vivane Fischer sin Grand Jury of the People’s Court of Opinion, snakka Thomson om sjølve hjartet i det britiske imperiet, City of London, og korleis denne supermektige kabalen av styrtrike familiar utførde fleire revolusjonar som gjekk på å kontrollere produksjon og hindre vekst av intelligens og intellektuell eigedom.

Dette er særs tungt og komplisert stoff som essensielt utfordrar det dei fleste har blitt opplært til å tru. Dette er eit audmjukt og ærleg forsøk på eit samandrag av vitnemålet hans, henta frå Daily Exposé. Artikkelen der inneheld både videoen hans og ein transkripsjon av det han sa. Lesaren er oppfordra til å lese transkripsjonen i sin heilskap, og trekkje sine eigne konklusjonar av påstandane i innhaldet.

I jobben sin lærte Thomson at anglo-amerikansk etterretning og det militære etablissement fyrst og fremst handlar om å vere leiande i kunnskap som kan påverke helse i stor skala (kjemi, biologi, radiologi og atomkraft), og ikkje minst potensialet for å lage våpen ut av denne teknologien – biologiske våpen slik som til dømes smittsame sjukdommar.

Thomson slår fast at City of London er den dominerande makta i verda, og at dei gjorde seg klar for denne rolla rundt år 1870. I hans eigne ord: «[…] den moderne verda, monopoliseringa, kartelliseringa av verda, byrja i sinne på den tida.»

Alt av korrupsjon frå britiske kron-monopol og City of London-pengar ser ut til å peike tilbake til den perioden rundt 1870, «[…] der det, i eit nøtteskal, fann stad fleire revolusjonar gjort av den britiske eliten. Og alle dreia seg om å kontrollere produktivitet og unngå vekst av intelligens og intellektuell eigedom blant dei innfødde folkeslaga i Det britiske imperiet og i konkurrerande nasjonar.»

Han seier vidare: «So, der var ein revolusjon av kva du kan kalle mind space [«kunnskaps-rom»; oms.an.], som sidan 2010 har vore ein eksplisitt term brukt av den britiske regjeringa sitt sentrale departement, Cabinet Office. Ein revolusjon i kvaliteten på utdanninga tilbode britiske og seinare andre vestlege skulebarn. Ein revolusjon i tjuveriet av intellektuell eigedom av eliten. Ein revolusjon av modellen av helseomsorg og fri tilgang til den.»

Det har ikkje minst skjedd ein revolusjon av den klassiske britiske liberal-demokratimodellen, som kontinentale Europa og jus-utdanningar har kopiert eksplisitt frå britane: ein modell der det er nærgåande kontroll av det som skjer i Parlamentet og i etatar under statleg kontroll. Dette byrja i 1870 og var i stor grad fullført i det kritiske året 1947/48. Då hadde Storbritannia sin National Health Service (universell helseteneste), var i frontlinja for militær eining av det europeiske kontinentet og heile NATO, og var leiande i verda som innovatørar av korleis dei handterte sitt eige folk.

City of London er – saman med Church of England – den einaste institusjonen som har overlevd kvar einaste konstitusjonelle revolusjon på Dei britiske øyar og framleis halde på sine privilegium og omfattande rikdom.

City of London har sin eigen juridiske status, skilt frå dei 32 andre bydelane i London. Dei opererer som ei sjølvstyrande eining, og har sine privilegium frå so langt tilbake som Magna Carta av år 1215. Ingen har nokosinne utfordra dette sjølvstyret. Dei har i periodar hatt makt over Den britiske krona, og dermed i praksis styrt ein stor del av verda (Det britiske imperiet). I ein tiårsperiode på 1600-talet avskaffa dei til og med den britiske krona. I 1694 oppretta dei Bank of England, og lånte då ut 12,5 millionar britiske pund til krona. Dette hevdar Thomson er grunnlaget for all gjelda som eksisterer den dag i dag. Dei noverande etterkomarane til dei opphavlege aksjeandelseigarane i Bank of England er hemmeleg.

City of London kontrollerer det sokalla Mother of Parliaments, Westminster-parlamentet. Dei har ein representant kalla the Remembrancer, som sit i House of Commons, der monarken ikkje har tilgang. Remembrancer fører referat av det som blir sagt i dette Huset.

Dei fleste i dag trur feilaktig at det er monarken som styrer Storbritannia, og dermed det britiske imperiet. I røynda er det ikkje fullt so enkelt. Der finst ein indre kjerne – basert i City of London – som sit i førarsetet og trekkjer i trådane. Dei kallar seg Privy Council og styrer i kronas namn. Det er berre eit spel for massane at parlamentet og regjeringsdepartementa blir konsulterte i det heile, og iallfall eit spel at det finst eit skilje mellom utøvande, lovgjevande og dømmande makter.

Thomson kjem so med ei interessant utgreiing: Carroll Quigley ved Georgetown University, som var læremeisteren til blant andre Bill Clinton, skreiv i boka si Tragedy & Hope: A History of the World in Our Time, at det har vore fire industrielle revolusjonar. Det som Klaus Schwab i World Economic Forum skreiv om ganske nyleg, vart allereie skrive om på 1960-talet av denne Carroll Quigley. Her er eit samandrag av desse fire industrielle revolusjonane:

Den fyrste revolusjonen er innføring av landbruk, som førar til auka rikdom hjå jordeigarar. Den andre er den mekaniske industrielle revolusjonen, der finanskapitalen skor seg. Det er her situasjonen i City of London oppstår. Her bestemmer dei seg for at denne mekaniske revolusjonen er ei finansboble som vil sprekke, med mindre dei tek grep. Dei avgjer at for å oppnå fullstendig, æveleg makt over folket, må dei òg eige sinna deira; deira intellektuelle eigedom. Andre nasjonars industrielle framgang var nemleg ein trugsel mot monopolet som City of London hadde oppretta. Spesielt demokratiet og at folk vart meir og meir opplyste.

Frå 1870 og utover var Europa prega av krig og politisk uro. Dette kulminerte med attentatet på erkehertug Franz Ferdinand i 1914, som starta Fyrste verdskrigen. Thomson hevdar at enkelte historikarar meiner at dette og andre attentat i den edwardianske æraen kan ha blitt organisert av City of London. Som Thomson skriv om denne perioden:

«I eit nøtteskal var endringa som den eksistensielle krisa frå midten til slutten av 1800-talet bragte med seg, at City of London sin handelsmodell – som skildra av Quigley, dei suksessive bølgjene av monopol-typar – denne modellen kom til å understreke kor viktig kontroll var, ikkje berre militær makt eller fysiske eigendelar lenger, men sinna til menneske no kjent som human resources i Det britiske imperiet og vidare – og dette er grunnen til at science fiction byrjar å snakke om eigarskap over menneskets genetikk frå den tida – sånn at City of London kunne selje varer og aukande grad av tenester til resten av verda, som aldri ville halde følgje innan mind space

Kort fortalt er det kampen om menneskesinnet dei er opptekne av no, og dei ser på helse som ein undersektor i den kampen. City of London får andre nasjonar til å gjere grovarbeidet for seg ved hjelp av psykologisk manipulasjon. City of London sine perspektiv og forteljingar blir adopterte av dei nasjonane, som samstundes går vekk frå sine eigne perspektiv og forteljingar.

Dei som styrer City of London er elitefamiliar som har arva den makta over mange generasjonar.

Oxfords fyrste kunsprofessor, John Ruskin, var den som kom med doktrinen at den britiske eliten hadde ei plikt til å eksportere sitt eige verdssyn til resten av verda. Ein av elevane hans var Cecil Rhodes, som koloniserte sørlege Afrika og vart styrtrik. Han oppretta ei rekkje organisasjonar, deriblant Rhodes Scholarship. Ei av dei Rhodes samarbeidde med, var ein viss Lord Rothschild. Etter Rhodes’ død i 1902 kom andre prominente familiar inn i denne indre sirkelen, deriblant Astor-familien. Den ytre sirkelen vart seinare kjent som the Round Table groups. Desse er visstnok dei som eigentleg styrer land som USA og Canada i dag.

Thomson antydar at alle tidlegare britiske koloniar (Storbritannia, Irland, USA, Canada, Australia, New Zealand…) er under City of London sin kontroll.

I ein av sine hemmelege dagbøker skreiv Cecil Rhodes om sine visjonar, som kort fortalt går ut på at verdssynet og forteljingane til Det britiske imperiet skal spreiast ut til heile verda – og ved hjelp av strategisk plasserte talspersonar syte føre at alle i heile verda tenkjer på same måte. Eitt folk, éin tankegang, eitt rike. Denne talspersonen burde ifølgje Rhodes gå gjennom ei rekkje testar der ein kartlegg kor uthaldande, veltalande og lojal vedkomande er til Det britiske imperiet (eller eigentleg til City of London) sine visjonar.

City of London har ein avleggjar. Denne finn ein på Wall Street på Manhattan. Både City of London og Wall Street finansierte begge sider i begge verdskrigane, iallfall ifølgje Anthony Sutton ved Hoover-instituttet ved Stanford University i California, mellom anna i boka si Wall Street and the Rise of Hitler. Både City of London og Wall Street oppretta Det tredje riket (Nazi-Tyskland) og Sovjetunionen. Sutton vart oppsagt frå Stanford i kjølvatnet av desse avsløringane.

Visste du at det var MI5, ei grein av britisk etterretning, som bestemte kven som fekk kome på BBC i mellomkrigstida? Det hevdar Thomson, og viser i vitnemålet fram dokument frå den tida. MI5 har naturlegvis sine eigentlege eigarar i City of London. I 2010 snakka det britiske Cabinet Office om det sokalla MINDSPACE, der dei bruker omgrepet nudging, for å få folk til å gjere som (City of London) vil, og få folket til å ville gjere det. Enkelt forklart er dette psykologisk krigføring, der dei bruker manipulasjon for å få folk flest vil å «ønskje» å vere lydige og lojale same kva slags ordrar ovanifrå dei får. Dei blir nemleg påverka på eit undermedvite nivå.

Dei fleste vestlege land deler i dag City of London sine perspektiv og forteljingar. Thomson har i sitt arbeid som mellom anna translatør av kommunikasjon til folket frå regjeringar, kome fram til følgjande fellestrekk, som kan sporast tilbake til City of London sitt syn:

«Dei [regjeringane] skriv til folket rundt det å ivareta eiga helse, og fortel dei at måten dei eksisterer på ikkje er god nok. Kroppane deira, sinna deira, genane deira, intelligensen deira, har ikkje blitt optimalisert, og difor konkurrerer ikkje desse husdyra, denne befolkninga so godt som dei burde i verda. So det er ei utviding av City of London-modellen til det europeiske kontinentet, der det viser seg at den på mange måtar passar fint inn i både kodifiserte sivil-lovområde med høg respekt for lover og reglar, so vel som i eit område med Common Law

City of London meiner at det på det eurasiske kontinent må finnast berre ei tysk og ein russisk blokk, og at begge må kontrollerast av den anglo-amerikanske maktstrukturen.

Ifølgje Thomson sine kjelder sit rundt 13 familiar på toppen av makstrukturen i City of London, Manhattan og det europeiske kontinentet. På høgaste nivå som det i dag er mogleg å kome utan å kome med tåkeprat om at Satan styrer verda, finn ein på den eine sida sentral-europeiske germanske familiar, og på den andre sida familiar på Dei britiske øyar, der sistnemnde no stort sett har base i USA. Desse to familie-«klanane» [mine ord] har ei slags våpenkvile med kvarandre. Til sjuande og sist kan alle politiske konfliktar på 1900-talet sporast tilbake til dei to klanane si rivalisering mot kvarandre. Begge to ser på russarane som ei utfordring til maktmonopolet sitt.

Dei har kome fram til at den lettaste måten å styre og kontrollere verda på, er å få alle til å tru at det berre finst eitt perspektiv og éi offisiell forteljing. Og alle avvik må stemplast som «feilinformasjon», «konspirasjonsteoriar» og (berre for å ta eit døme frå nær fortid) «antistatleg tankegods».

City of London har ikkje berre forsøkt å oppnå monopol på jord, eigedom, pengar, varer og tenester. Dei har like ivrig prøvd å oppnå monopol på sjølve sinnet til menneske. Thomson trur sterkt at dei sokalla «vaksinane» frå Pfizer, Moderna, Jansson og AstraZeneca kan vere eit forsøk frå City of London å genredigere mennesket, slik at dei dermed kan krevje opphavsrett (copyright) på oss. Då kan denne kabalen av styrtrike familiar omsider oppnå sitt eldgamle mål om å eige sine undersåttars hjarte og sjel.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s