Væpna politi gjekk til åtak på fredelege Freedom Convoy-demonstrantar i Ottawa

Journalist Alexandra Lavoie i Rebel News har dei siste vekene vore i Ottawa og dokumentert den historiske, fredelege protesten til fleire tusen lastebilsjåførar. Dei protesterer mot urimeleg vaksineplikt og diktatoriske «tiltak» som vart innført på grunnlag av den sokalla korona-«pandemien». Statsminister Justin Trudeau, ein av Klaus Schwab sine Young Global Leaders, rømte raskt frå hovudstaden, der han på sin gøymestad kalla demonstrantane for «høgreekstreme», «misogynistar», «terroristar» og det som verre var.

No måndag (14.februar 2022) påkalla han Canadas Emergencies Act, som vanlegvis blir brukt om situasjonar som er ein trugsel for rikets tryggleik. Lova gjev ifølgje Steigan politi og styresmakter «ekstraordinære fullmakter til ransaking, beslaglegging og arrestasjon» av dei som blir vurdert å delta i «ulovlege demonstrasjonar». Politiet har mellom anna truga med å ta barna til demonstrantane i varetekt og stele kjæledyra deira (!). Dei har beslaglagt bankkontoar og taua vekk køyretøy.

Dei to leiarane av konvoien, Tamara Lich og Chris Barber, vart torsdag kveld (17.februar 2022) arrestert. Dei er sikta for «fleire kriminelle handlingar», men på noverande tidspunkt er det uvisst kva dei to faktisk har gjort.

I forkant av arrestasjonane gjekk polititeam ut i gatene og delte ut flygeblad til demonstrantane om at «opprørslova» var sett i verk.

Rebel News sine «konvoi-rapportar» viser tungt væpna, stort sett maskert politi som går til åtak på fredelege folkemassar på høglys dag. Dei ser ut til å føreta tilfeldige arrestasjonar av demonstrantane, som på ingen måte bruker vald tilbake. Dei ser ut til å vise passiv motstand, og dette militariserte politiet må bere dei vekk éin etter ein.

På ein video ser ein politiet kome ridande på hestar inn i folkemengdene. Fleire demonstrantar blir velta over ende. Ei eldre dame skal visstnok ha blitt trampa på av politihestar etter å ha kasta ein sykkel på dei. Dette viste seg å vere ein rullator, som på ingen måte vart kasta på hestane.

Politiet hevda sjølv at demonstrasjonane skulle oppløysast på ein fredeleg måte. Denne påstanden står i skarp kontrast til ein Twitter-video som viser ein politimann slå og sparke ein demonstrant som ligg på bakken. Kommentaren til videoen, som er delt av nokon med namn «K2», har eit ordspel på parolen Two weeks to flatten the curve («to veker for å flate ut kurven»): Two knees to flatten your ribs («to veker for å flate ut ribbebeina dine»).

Natt til laurdag 19.februar såg det ut som politiet hadde trekt seg tilbake. Demonstrantane var der framleis. Det kan òg sjå ut til at fleire menneske slutta seg til den fredelege protesten på grunn av at politiet kom og prøvde å bryte den opp.

Som forventa nemner ikkje NRK og TV2 frå hovudstraumsmedia desse hendingane med eit ord.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s