Kina si vedvarande nedstenging av den viktige hamnebyen Shanghai fører forsyningskjeden til randa av kollaps, men det kan vere planen

Av JD Heyes, Natural News. Omsett av saksyndig.

Under dekket av det som visstnok er ein «null-Covid»-politikk, har dei kinesiske kommunistiske styresmaktene nok ein gong stengt ned den viktige hamnebyen Shanghai i ei tid der verdas forsyningskjedekrise er verre enn nokosinne, noko som fører mange til å tru at Beijing har som mål å få den til å kollapse for å få eit taktisk overtak før dei invaderer Taiwan.

Ifølgje ein artikkel publisert på Quoth the Raven si Substack-side, er den vedvarande nedstenginga av den strategisk viktige hamna til det punkt at borgarar som bur der svelt i hel og ein risikerere uro og destabiliserande opptøyar, mest sannsynleg gjort med vilje.

«Aukane nedstengingar i Kina får meg til å tru meir og meir at landet ikkje akkurat er lei seg for den forsyningskjedekrisa dei skaper for resten av verda,» seier forfatteren.

«For fleire dagar sidan skreiv eg om mistankar eg hadde rundt Kina sin siste runde med Covid-nedstengingar. I den artikkelen trekte eg konklusjonen at landet sin «null-Covid»-plan er irrasjonell og eksepsjonelt dårleg, og at Kina sine nedstengingar kan handle om noko meir enn berre Covid,» heldt forfattaren fram, og kom med tre potensielle scenario for å «skyte over mål» med dei vedvarande nedstengingane:

  1. Kommunistpartiet (CCP) kan prøve å ta til seg meir makt.
  2. Det kan finnast noko om Covid som Kina veit, og som resten av verda framleis ikkje veit.
  3. Kina ser etter ei orsaking for å sakke ned produksjonen sin for å leggje press på Vesten i ei tid der dei prøver å skilje seg økonomisk frå Vesten.

Forfattaren sa deretter at nummer tre er det mest sannsynlege scenarioet, og la til at for berre nokre dagar sidan byrja Kina å utvide dei obligatoriske nedstengingane over eit større område av landet. I tillegg seier spalta at Kina sin leiande olje- og gassprodusent – hugs at ingen verksemder eller industri i det landet er utan band til CCP-styresmaktene – har òg teke valet å stoppe å gjere forretningar med dei fleste vestlege nasjonar, men spesielt USA, Canada og Storbritannia.

Måten nedstengingane blir implementert på seier òg mykje når det gjeld kva slags industriar som blir påverka, skreiv forfattaren, og refererte til ein nyleg rapport.

«Zhengzhou Airport Economic Zone, eit sentralt kinesisk produksjonsområde som inkluderer Apple Inc sin forsynar Foxconn, annonserte ei 14-dagars nedstenging fredag [22.april 2022; oms.an.] for å bli tilpassa i samsvar med epidemi-situasjonen,» ifølgje Reuters.

Dei sentrale styresmaktene i Beijing har òg utvida kontroll over mesteparten av det nordvestlege Kina, der innbyggjarar i byen Xian vart gjevne ordrar om «å unngå unaudsynte turar utanfor sitt buområde, og oppmuntra selskap til å late dei tilsette arbeide heimanfrå eller bu på arbeidsplassen.

Tenestefolk i byen Suzhou fortalde òg innbyggjarar at «alle tilsette som er i stand til å jobbe heimanfrå, må gjere det, og buområde og bedrifts-campusar burde unngå unaudsynt tilkomst av menneske og køyretøy,» ifølgje Reuters-rapporten.

Kollektivt teke, er det tydeleg at Kina aukar intensiteten av nedstengingane rundt om i landet – som er den same typen handlingar styresmaktene tok i 2020 som skapte forsyningskjedekrisa i fyrste omgang (hugsar de at butikkar var tomme for varer som toalettpapir i fleire månader?).

Dette er før store delar av verda har mislykkast i å kome seg frå desse opphavlege manglane, noko som tydar at den noverande forsyingskjede-situasjonen berre kjem til å bli verre, og ja, det er svært mogleg.

«Bilprodusentar globalt heng framleis fast i ein mangel på halvleiarar [engelsk semiconductors; oms.an.], butikkhyller i USA er framleis sparsamt utstyrte, varer og gods som under normale omstende ville vere tilgjengelege, heng etter med bestillingane med fleire månader, og prisar har gått i taket,» sa Quoth the Raven.

Og ingenting Biden-regimet gjer vil formilde noko av dette. Faktisk er Bidens politikk å forverre mangel og drive prisane opp endå meir for alt vanlege amerikanarar treng – mat, bustad, transport, bensin, naturgass, straum, klede og meir.

Vi kan ikkje gjere so mykje med Kina, men vi kan avinstallere ein Demokrat-kontrollert Kongress i november og erstatte dei medlemmane med lovgjevarar som vil setje ein stoppar for Bidens galskap.

Vi må det dersom vi ønskjer å redde landet vårt frå kollaps.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s