WEF og Klaus Schwab har klar sin neste generasjon av «Young Global Leaders»: Deira skremmande visjonar og haldningar må fram i dagen – finn ut kven dei er

Av Baxter Dmitry, NewsPunch, 25.april 2022. Omsett og noko forkorta av saksyndig.

Klaus Schwab sitt World Economic Forum (WEF) sine mål går langt meir enn å berre omskape økonomien. Dei ønskjer å fysisk omgjere deg og barna dine og barna dine sine barn. Dei vil at du skal eige ingenting og vere lykkeleg.

WEF har kontrollert globalist-eliten lenger enn nokon av oss visste om. Klaus Schwabs Young Global Leaders» har blitt installert som marionett-leiarar i land rundt om i den vestlege verda. Venstreradikale avgangsleevar slik som Justin Trudeau i Canada, Emmanuel Macron i Frankrike, og Jacinda Ardern i New Zealand, so vel som milliardærane Bill Gates og Jeff Bezos, dei mest berykta døma.

[Kommentar frå saksyndig: Kronpris Haakon og kronprinsesse Mette Marit er WEF er òg Young Global Leaders. Ein annan kjent nordmann på lista er tidlegare skøyteløpar Johann Olav Koss.]

No har vi den komplette lista over WEF sine framtidige globale leiarar. Det ville vere klokt av deg å lagre lista for framtidig referanse. Med tanke på dei undertrykkjande regima som er leia av den originale generasjonen av Young Global Leaders, og ettersom vi no veit planane som WEF har for menneskeheita, kan vi berre anta at denne nye generasjonen av leiarar blir opptrena i å vere endå verre.

Klaus Schwab sitt Young Global Leaders-kull for 2021 inkluderer løytnant-guvernøren i delstaten Michgan, ein senior-visepresident i Uber, rasist-aktivisten Ibram X Kendi og direktørar i Dow, Pfizer og Merck blant mange andre.

Land i heile verda er representerte i WEF si siste «avling» av 112 framtidige globalistleiarar. Ifølgje heimeisda deira, består Young Global Leaders av «meir enn 1400 medlemmer og avgangselevar med 120 nasjonalitetar». Individa blir trena opp i å vere «på linje med World Economic Forum sin misjon,» å «framdrive offentleg-privat samarbeid i den globale, offentlege interessa.» WEF er kjent for sine årlege elitistmøte i Davos, ein skiferie-by i Sveits. Rair Foundation rapporterer:

World Economic Forum fremjar den farlege forskyvinga av regjeringane sin pågåande fusjon med massive konsern, skildra som «offentleg-privat co-operasjon». Denne «co-operasjonen» blir òg illustrert i sokalla «stakeholder-kapitalisme», som flyttar industri frå å operere med profittmotiv. Til slutt vil slikt eit system bli tvinga til å kollapse i seg sjølv, men globalist-elitistane verkar ikkje å bekymre seg for mykje over det.

Du kan bla gjennom lista av Young Global Leaders-kullet frå 2021 etter region. [Her er til dømes kullet frå Europa; oms.an.]

Men WEF ønskjer ikkje berre å omgjere økonomien, dei ønskjer å omgjere menneskeheita.

Ein del av Schwab sin visjon ser ut til å vere hans forrykte oppattaking av «syntetisk biologi», som har blitt skildra som «å designe og konstruere biologiske modular, biologiske system og biologiske maskiner, eller re-designe eksisterande biologiske system for nyttige føremål.» Essensielt er Syntetisk biologi ein paraplyterm som inkluderer ein bisarr utkant-besettelse med transhumanisme, eller «fusjonen av menneske med teknologi».

Ein sjokkerande artikkel frå november 2020 publisert på LifeSite News er om dr. Miklos Lukacs de Pereny, ein professor i vitskap, teknologi og innovasjon ved Universidad de San Martín de Porres i Peru. Eit sitat frå professoren forklarer at Den fjerde industrielle revolusjon «er ingenting anna enn implementeringa av transhumanisme på eit globalt nivå.»

Visseleg, i 2016 fastslo Schwab at denne «Fjerde industrielle revolusjon» vil «føre til ein fusjon av våre fysiske, digitale og biologiske identitetar.»

Schwab sine visjonar er so skandaløse at han openbert burde bli avfeia som ein eksentrisk galning. Men i staden deltek dei sjølv-erklærte globale elitane ivrig på Schwabs konferansar og melder seg på «Young Global Leaders»-programmet.

Dersom den «Fjerde industrielle revolusjon» er Klaus Schwab sin visjon om å omgjere menneskeheita og økonomien, er dermed oppskytingsplattforma «The Great Reset». Verktøyet til Great Reset er naturlegvis koronavirus-pandemien.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s