Kven vil til slutt eige alt, inkludert deg?

Av dr. Joseph Mercola, 26.april 2022. Omsett av saksyndig.

Videoen «Monopoly – Follow the Money» gjev ei 45-minutts gjennomgang av kven som eigentleg eig verda. Det viser seg at det store fleirtalet av verda sine aktiva er eigde av berre to investeringsselskap – BlackRock og Vanguard-gruppa.

Kombinert har dei eigarskap i nesten 90% av alle S&P 500-firma, og gjennom sine investeringar har dei hemmeleg monopol i alle industriar. Kort fortalt er ideen om at der er konkurranse i marknaden, ein utspekulert illusjon.

BlackRock kjøper opp bustader

No kan du vere kjent med World Economic Forum-slagordet «Innan 2030 vil du eige ingenting». For det føremålet kjøper no BlackRock og andre investeringsselskap opp kvar einaste einebustad dei kan finne, og kjem med tilbod frå 20% til 50% over prisantyding.

Avhengig av kor du bur, kan du ha lagt merke til at bustader blir selde berre timar etter at dei har blitt lagde ut, noko som gjer bustadjakt so godt som umogleg. Bustadkjøparar i min heimstat Florida opplever definitivt dette fenomenet.

Investeringsselskap kjøper òg opp heile nabolag. Berre for å nemne eit døme, eit nabolag med 14 bueiningar i Conroe, Texas, vart kjøpt for 32 millionar dollar [om lag 293 200 000 kroner; oms.an.] – 20% over prisantyding – av Fundrise LLC, eit bustadmeklar-crowdfunding-selskap, som deretter snudde om og gjorde alle bustadene om til utleige-einebustader [engelsk: single-family rentals, forkorta SFR].

Ifølgje investeringsekspertar, er SFR-ar «eksepsjonelt attraktive investeringsobjekt», og dette er eitt aspekt som driv fram trenden. Demografiske endringar à la det at unge stiftar familiar og avgrensingar for kva dei har råd til, er òg sagt å vere drivande faktorar. Men det forklarer eigentleg ikkje heilt kva som går føre seg.

Krigen mot privat eigedom

Å kjøpe bustad har vore del av den amerikanske draumen sidan dette landet vart grunnlagt. Det har vore ein betydeleg del av finansiell suksess og tryggleik. No blir låg- og middelklassen av amerikanarar med vilje posisjonert til å bli permanente leigetakarar, noko som tydar at dei ikkje kan byggje seg opp kapital. Evna deira til å kjøpe bustad, sjølv om dei har råd til det, blir tekne frå dei av selskap som kan overby dei med kontakttilbod.

I ein nyleg episode av «60 Minutes», gjorde Lesley Stahl faktisk ein god jobb i å få fram kvifor bustadprisar går i taket. Det er ikkje berre det at desse investeringsselskapa kan grafse til seg bustader med eit museklikk, men dei skaper òg ein kunstig auke av både bustads- og leigeprisar.

Til dømes auka leigeutgiftene i Jacksonville, Florida, med gjennomsnittleg 31% i 2021, og Austin, Texas, såg eit hopp i leigeutgiftene på 40%. Grunnen ser ut til å vere todelt: Vi byggjer ikkje nok bustader, og det som blir bygt, blir kjøpt opp av konsern-utleigarar til overpris.

Konsern-eigedomsinvestorar ser ikkje eingong på bustadene dei byr på, og seier typisk frå seg retten til å inspisere eigedommen. Bustaden kan vere i kva som helst slags tilstand, og bli selt innan nokre timar. Som Stahl seier, «dette set fyrstegongskjøparar i ein særs vanskeleg situasjon,» ettersom dei har so mange hinder å kome seg gjennom før dei kan sikre seg eit lån og inngå avtalen.

Styresmaktene estimerer at vi no manglar 4 millionar bustader, og den mangelen held fram med å vekse. Eit eigedominvesteringsselskap intervjua av Stahl slår fast at dei legg ut, i gjennomsnitt, 200 til 300 bustader til leige kvar veke, og tek imot 10 000 leigeførespurnader i veka.

Ikkje so skjult refordeling av rikdom

Som det står å lese i ein tweet av Cultural Husbandry:

«Dette er refordeling av rikdom, og det er ikkje rikfolk sin rikdom som blir refordelt. Det er den til den normale amerikanske middelklassen, deira hard tente rikdom som er på veg inn i nevane på verdas mektigaste einingar og individ. Det tradisjonelle finansielle køyretøyet [er] vekke for alltid.

Friverdi [engelsk home equity; oms.an.] er det finansielle hovudinstrumentet som middelklasse-familiar bruker for å byggje seg opp rikdom, og BlackRock, ein sentralbankfinansiert finansiell institusjon, kjøper opp alle husa for å sikre seg at unge familiar ikkje kan byggje seg opp rikdom… Dette er ei fundamental reorganisering av samfunnet.»

Visst er det det, og det er i samsvar med planar for samfunns-reorganisering som er skildra under faneord som The Great Reset, Build Back Better, Agenda 21 og 2030-agendaen for berekrafting utvikling.

Desse agendaene arbeider alle saman mot det same målet, som er eit globalt monopol på eigarskap og rikdom, med eit klart skilje mellom dei som har og dei som ikkje har; eigarane og dei eigde; herskarane og dei som er herska over; eliten og leiglendingane.

«Berekraftig utvikling»-agendaen er ein plan for å slavebinde deg

Krigen mot privat eigedom har sitt opphav for fleire tiår sidan. I 1976, under FN sin fyrste konferanse om Human Settlements, det sokalla Habitat 1, fastslo FN i Item 10:

«Land… kan ikkje handsamast som eit ordinært aktivum, kontrollert av individ og gjenstand for presset og det ineffektive i marknaden. Privat landeigarskap er òg eit prinsipielt instrument for oppsamling og konsentrasjon av rikdom og bidreg difor til sosial urettferd; dersom ein ikkje kontrollerer det, vil det bli eit stort hinder i planlegginga og implementeringa av utviklingsplanar. Offentleg kontroll av bruk av land er difor uunnverleg.»

Ideen er tydelegvis at private investeringsselskap slik som Vanguard og BlackRock kan hindre sosial urettferd ved å kjøpe opp all privat eigedom og leige den ut. På den måten kan ingen (bortsett frå investorane deira) byggje seg opp rikdom.

Dette er det «utfallslikskap» [engelsk equity] handlar om, og det har ingenting å gjere med likskap [engelsk equality]. «Sosial utfallslikskap» er ufatteleg urettferdig, ettersom den tek vekk dei talentfulle si evne til å gjere noko utav seg sjølve.

Privat eigedom og fridom kan ikkje skiljast frå kvarandre

FN sin Human Settlements-agenda, Agenda 21 og Berekraftig utvikling-agendaen for 2030 er I direkte konflikt med det amerikanske Bill of Rights og dei grunnleggjande prinsippa i dette landet. George Washington erklærte, «Privat eigedom og fridom kan ikkje skiljast frå kvarandre.» På same vis slo John Adams fast at «Eigedom må vere sikker, elles kan ikkje fridom eksistere.»

Earth Summit (Verdstoppmøtet) i 1992 fastslo under-generalsekretæren i Konvensjonen for klimaeendring og adm.dir. i FN sitt Miljøprogram, Maurice Strong, at:

«Noverande livsstilar og forbruksmønster i den velståande middelklassen, som involverer høgt inntak av kjøt, inntak av store mengder frosenmat og butikkmat, bruk av fossilt drivstoff, verktøy, air condition heime og på arbeidsplassen, og hus i forstaden, er ikkje berekraftige.»

Dersom kjøtforbruk, frosenmat, bruk av fossilt drivstoff, verktøy i heimen, air condition og einebustader «ikkje er berekraftige», kan det tolkast dit hen at målet i kvar ein plan for berekraftig utvikling er å eliminere alle dei tinga. Dette er lettare å gjere i somme land enn i andre. Som forklart av Cook County News Herald tilbake i 2012:

«Fordi Kongrossen ikkje er einige med alle desse FN-planane for å stele eigedommen vår og øydeleggje økonomien vår, får dei gjennomslag ved hjelp av fiat, dekret, proklamasjonar, direktiv og generøse bidrag gjevne til lokale samfunn…»

Kort fortalt prøver den teknokratiske eliten å gå utanom den amerikanske grunnlova og Bill of Rights ved hjelp av ymse metodar, slik som å prøve å gjere FN og Verdas helseorganisasjon om til globale maktsenter, der medlemsstatar blir tvinga til å gå med på kva enn agenda dei set, noko som dermed underminerer nasjonal suverenitet.

Som forklart i Agenda 21-videoen ovanfor, nøyer ikkje Agenda 21 seg med å leggje føringar på privat eigarskap av bustader og land. Den inkluderer òg:

  • Konfiskering av privat eigedom.
  • Forby menneskeleg tilgang til land [kommentar frå saksyndig: dette er i praksis oppheving av Allemannsretten].
  • Relokalisering av menneske frå land til by.
  • Tilleggsskattar.
  • Restriksjonar på vassbruk.
  • Restriksjonar på kor mykje avfall du har lov til å produsere.
  • Tvinga involvering i samfunnet.
  • Manipulering av transportmønster og aukande drivstoffprisar for å leggje føringar på reise – alt under påskotet å «redde jorda».

Kort fortalt vil den globale eliten at du skal tru at den einaste måten å redde verda på, er at du blir slaven deira. Det er sikkert og visst eit tragisk endeutfall. Dersom dei lykkast, vil nær sagt alle dine grunnlovsfesta rettar og fridommar bli eliminert.

Kven eig jordbrukslandet og dikterer matpolitikken?

Privat bustadeigarskap er ikkje det einaste som blir truga av det stadig meir omsluttande monopolet til eliten. Bill Gates er no ein av dei største privateigarane av amerikansk jordbruksland, og han har òg makt over global matpolitikk som ingen kan matche, som detaljert i AGRA Watch-rapporten, «The Man Behind the Curtain: The Gates Foundation’s Influence on the UN Food Systems Summit.»

Medan Gates berre er éin mann, er hans politiske påverknad betydeleg forsterka av det faktum at han finansierer eit stort tal selskap og organisasjonar som gjer det han ber dei om i det skjulte. Når du ser lange lister av grupper, tenkjer du automatisk at der er mange deltakarar i spelet når, faktisk, Gates er den eine tråden som går gjennom mesteparten eller alle av dei.

I sin 2014-rapport, «Three Examples of Problems with Gates Foundation Grantes,” set AGRA Watch søkjelys på kvifor Gates sine massive investeringar i global matproduksjon har mislykkast i å løyse nokon av dei svært ekte problema vi står overfor. Fyrst og fremst er mange av løysingane han støttar, «plaster-løysingar» som faktisk forverrar rot-årsakene.

Døme inkluderer finansieringa av utviklinga av gen-manipulert mat designa for å vere rikhaldige på visse næringsstoff. Problemet er at desse avlingane deretter endar opp med å erstatte lokalt mangfald med berre nokre få gen-manipulerte variantar som til og med ikkje tek lokale forhold med i reknestykket. So, ved å pushe fram «forsterka» avlingsvariantar, blir feilernærming faktisk verre, ettersom biomangfaldet blir redusert.

For det andre er «ein sta fokus på avlingsutbyte» i strid med forsking som viser at lågt utbyte eller utilstrekkjeleg produksjon ikkje skaper svolt i verda. «Der er rikeleg evidens i dag for at problemet i staden er fattigdom og mangel på tilgang, som blir forverra av øydelegging av lokale matsystem og kommersialisering at mat,» seier AGRA Watch, og legg til:

«Bidrag frå Gates’ Foundation og AGRA held fram med å fokusere på utbyte, som førebur Afrika for eit system tilpassa behovet til den profitt-søkjande, utbyte-orienterte kommersielle gardbrukaren, heller enn bonden eller smågardbrukaren som produserer mangfaldige avlingar for eit lokalt samfunn.»

Tilleggsobservasjonar kan ein finne i AGRA Watch-artikkelen «Philanthrocapitalism: The Gates Foundation’s African Programs Are Not Charity”, publisert i desember 2017, der filantrokapitalisme er skildra som «eit forsøk på å bruke marknadsprosessar for å gjere det gode», men som er ibuande problematisk «ettersom marknader passar dårleg til å produsere sosialt konstruktive mål».

Sagt på ein annan måte, skaper Gates sitt filantropimerke fleire nye problem for kvart av dei det løyser. Gates har òg investert i syntetisk storfekjøt-industrien, og ikkje overraskande har han drive og bede vestlege nasjonar om å gå over til ein diett av 100% falskt kjøt – alt under påskot av å redde miljøet. Det er det same argumentet pusha av Agenda 21 og resten av planane om berekraftig utvikling.

Media og medisin er fullstendig kontrollert

Hovudstraumsmedia og den farmasøytiske industrien er to andre viktige område som har blitt tekne over av den monopol-sentrerte «djupstaten». Begge industriane blir i overveldande grad eigde av BlackRock og Vanguard, so å tru at hovudstraumsmedia vil rapportere sannferdig er uvørdent for å seie det mildt, spesielt ettersom det har å gjere med helse og medisin.

Allopatisk medisin har forresten blitt kontrollert av dei skamlaust grådige sidan John D. Rockefeller grunnla Rockefeller Institute for Medical Research i 1901 og førde kampanjar for å eliminere naturopatisk medisin, som var det normale, for å erstatte den med petroleumsbaserte, patenterte legemiddel.

Alt som ikkje kunne patenterast vart avskaffa og kjende kurar vart avfeia som kvakksalveri. Rockefeller oppnådde dette på same måten som Gates og andre teknokratar gjer det i dag – gjennom kontroll av media.

WHO-avtalen er Covid-ulv i saueskinn

WHO sin pandemiavtale er kanskje den største trugselen vi har sett so langt, og vil gå langt i å implementere The Great Reset. Som eg sa i ein artikkel frå mars 2022, er pandemiavtalen ein direkte trugsel til ein nasjons suverenitet i å ta avgjerder for seg sjølv og sine borgarar, og vil erodere vekk demokrati overalt om den trer i kraft.

24.mai 2021 annonserte Europarådet at dei støtta etableringa av ein internasjonal Pandemiavtale, der WHO ville ha makt til å erstatte grunnlovene til individuelle nasjonar med si eiga grunnlov under faneorda «pandemi-førebygging, førebuing og respons».

3.mars 2022 autoriserte Rådet opning av forhandlingar for ein internasjonal avtale. Denne oversikta oppsummerer prosessen.

Det er ingen tvil om at denne avtalen er del av globalistane sin plan om å monopolisere helsesystem over heile verda, og ein måte for dei å tvinge obligatoriske vaksinar, vaksinepass og digitale identitetar på dei samarbeids-uviljuge massane.

Kvar ei pandemirelatert avgjerd som WHO gjer, vil overstyre nasjonale og statlege lover. Til slutt vil alle helserelaterte avgjerder falle innunder WHO sin jurisdiksjon, ettersom dei fastslegne måla i avtalen inkluderer ikkje berre framtidig pandemi-respons, men òg eit sterkare rammeverk for helse med WHO som den koordinerande autoriteten når det gjeld globale helsetema generelt.

Generaldirektør i WHO, Tedros Adhanom Ghebreyesus, har òg sagt at hans «sentrale prioritet» som generaldirektør i WHO er å dytte verda mot universell helsedekning. Som dr. Peter Breggin noterer seg, der han referer til Ghebreyesus sin appell til WHO sin Executive Committee 24.januar 2022 der han la fram sin globale helseplan, «Kommunismens ånd kan følast i heile dokumentet».

WEF: «Verda er best styrt av sjølv-utvalt koalisjon»

WEF sin «Global Redesign»-rapport frå 2010 argumenterer for at verda er best styrt av ein sjølv-utvalt koalisjon av «stakeholders» – multinasjonale konsern, styresmakter, internasjonale organ slik som FN og WHO, og utvalte sivile samfunnsorganisasjonar – som i sin tur tek avgjerder på vegner av den globale befolkninga.

Dersom du ser etter, vil du oppdage at alle globalist-agendaene, same kva dei blir kalla, har dette som kål. Dei jobbar synkront med å fjerne makt frå folket ved å gjere folkevalde tenestefolk irrelevante. All makta er meint å vere i hendene på ein sjølvutvalt, sjølv-nominert elite. Dersom du trur at dei har nokon som helst intensjon om å gjere det som er best for folket, er det på tide å vakne opp fordi du heilt klart drøymer.

I godt over 100 år har dei gjort kva som er best for seg, sjølv om avgjerdene deira forgifta vår matforsyning, jordsmonn, luft og vatn. Sjølv om dei øydela miljøet vårt og resulterte i utrygge legemiddel og giftige matvarer; sjølv om det førde til hungersnaud, sjukdom og død.

Dei har loge, juksa og brukt kvart forkastelege, umoralske og uetiske knep i boka. Dei har tvinga, bestukke og manipulert etter kva dei fann for godt. Dei har sakte, men sikkert infiltrert kvart samfunnsområde med den intensjon å endre det til å tene sine eigne mål.

Teknologi, som er grunnlaget for teknokrati, har late denne sjølv-utvalde gruppa av stormannsgalne å trivast og byggje sin maktstruktur i skuggane. Fyrst no byrjar dei å vise sine sanne ansikt, ønsket sitt om absolutt makt og kontroll.

Som New American bidragsytar C. Mitchell Shaw skriv, “Dersom du ikkje betaler for produktet, er du produktet.» DU og dine personlege data er produkta til Google, Twitter, Facebook og Instagram. Desse plattformene sel alle dine personlege data for profitt. Det er den typen forretning dei driv med.

Dataa dine blir òg mata til kunstig intelligens, og algoritmar blir skapte for å profilere og manipulere deg. Alt du seier og gjer blir brukt mot deg. Endemålet til desse stormannsgalne er alltid det same: å tene pengar på deg, sjølv om det skader eller drep deg, og å manipulere deg til å akseptere at sjølve forretningsmodellen deira er å herske over deg. Alt dette tek slutt når mange nok vaknar opp til det dei gjer, og nektar å følgje programmet deira.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s