Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
Massemordar Tony Fauci frå National Institute of Allergy and Infectious Diseases (NIAID) har erklært at han trekkjer seg frå embetet i desember, noko som markerer slutten på hans nesten 40 år lange skrekkvelde som «offentleg tenestemann».
I ei melding datert 22.august, skreiv Fauci at han forlèt stillinga si seinare i år «for å følgje det neste kapitlet i karrieren min», og skryter av alle hòla i beltet han har oppnådd i løpet av dei siste 38 åra som leiar i NIAID – og, i meir enn ti år før det igjen, andre statlege stillingar.
«Eg har hatt det enorme privilegiet å tene under og gje råd til sju amerikanske presidentar, frå og med president Ronald Reagan, om nyss oppdukka og gjenoppdukka smittsame sjukdommar-trugslar, inkludert HIV/AIDS, Vest Nil-virus, miltbrann-åtaka, pandemisk influensa, ymse fugleinfluensa-trugslar, Ebola og Zika, blant andre, og, naturlegvis, mest nyleg Covid-19-pandemien,» sa Fauci.
«Eg er spesielt stolt over å ha tent som den medisinske hovudrådgjevaren til president Joe Biden frå fyrste dag av hans administrasjon.» (Relatert: ein gammal video av Fauci dukka nettopp opp frå den tida han var einig i at den beste immuniteten er den naturlege, uvaksinerte immuniteten.)
Stolte Fauci seier at han «ikkje pensjonerer seg», men skiftar heller gir til neste fase av sine folkemordariske føretak. Han seier at han framleis har «so mykje energi og lidenskap for feltet mitt» som han framleis ønskjer å bruke for å «skape framsteg i vitskap og folkehelse, og å inspirere og vere mentor for den neste generasjonen av vitskaplege leiarar når dei hjelper til med å førebu verda på framtidige trugslar frå smittsame sjukdommar.»
Stoltheit kjem før fallet, Fauci
Fram til desember vil Stolte Fauci halde fram med å gjere «full innsats», seier han, i sitt «noverande ansvar», medan han førebur seg for ein komande overgang av leiarskap.
«Takka vere krafta til vitskap og investeringar innan forsking og innovasjon, har verda vore i stand til å kjempe mot dødelege sjukdommar og hjelpe til med å redde liv rundt om i verda,» held Fauci fram i meldinga, og tutar i hornet og bruker nok ein gong ordet «stolt» til å skildre sin sjølvoppfatta suksess.
«Eg er stolt over å ha vore del av dette viktige arbeidet, og ser fram til å hjelpe til med å halde det fram i framtida,» konkluderte han.
Som respons kom den falske «presidenten» Joe Biden med si eiga melding, der han skrytte Fauci opp i skyene for å vere ein «hengiven offentleg tenestemann» som innehar «ei stødig hand av visdom og innsikt skjerpa over fleire tiår i spissen av somme av våre farlegaste og mest utfordrande folkehelsekriser.»
«Når det var på tide å byggje opp eit team for å leie vår Covid-19-respons – faktisk, noko av det fyrste eg bestemte som nyvalt president – spurde eg straks dr. Fauci om å utvide tenesta si til å òg bli min medisinske hovudrådgjevar for å handtere Covid-19-krisa som nasjonen vår stod overfor,» seier Biden si melding.
Biden skreiv openbert ikkje eit ord av dette, forresten, sidan desse setningane er korrekt samansette og gjev meining, og ikkje sporar av til den meninigslause idiotien Biden vanlegvis lirer av seg kvar gong han opnar kjeften.
Når det gjeld Fauci, trur han tydelegvis genuint at han gjorde ein framifrå jobb i alle desse åra, og at han burde vere stolt av seg sjølv for å myrde millionarvis av menneske under Wuhan koronavirus (Covid-19)-plandemien åleine – for ikkje å snakke om alle Fauci sine tidlegare folkemordariske føretak medan han arbeidde i regjeringa.
«Over heile verda, forsikre dykk om at denne vesle ormen aldri kan ferdast i gatene,» skreiv ein lesar som respons på Fauci si melding.
«Tid for hans neste kapittel: fengsel,» la ein annan til.
«Det neste kapitlet i karrieren hans vil involvere å få ein oransje kjeledress og gitter på vindauga,» sa nokon andre. «Fullstendig kriminell dritsekk og menneskeheitas blodigle.»