Washington Post skulda dr. Robert Malone for å spreie «feilinformasjon» – no saksøkjer han dei for ærekrenking

Av Christina Maas, Reclaim the Net. Omsett av saksyndig.

Dr. Robert Malone, ekspert på mRNA-teknologi og ein ivrig covid-vaksinekritikar som har blitt konsekvent sensurert av Big Tech, saksøkjer Washington Post (WP) for ærekrenking. Søksmålet hevdar at avisa kom med ærekrenkjande påstandar mot han i ein artikkel publisert 24.januar [2022].

Artikkelen påstår at dr. Malone spreidde «feilinformasjon» i ein tale der han sa at vaksinane «ikkje fungerer» mot omikron-varianten. Som evidens for at påstanden var falsk, siterte WP ein artikkel av CDC som avdekte at oppfriskningsdosar beskytta folk mot alvorleg sjukdom.

WP utela den delen der dr. Malone sa at vaksinar «ikkje hindrar omikron-infeksjon, viral replikasjon eller spreiing til andre.»

I eit intervju med The Epoch Times sa dr. Malone: «Eg sa ingenting om sjukdom og død på det tidspunktet.» Han skulda deretter WP for å selektivt feilsitere han og bruke CDC-studien for å motseie ein påstand han aldri kom med.

Epoch Times fekk eit intervju med artikkelforfattaren Timothy Bella og dr. Malone før artikkelen [til Epoch Times] vart skriven. Bella sa til dr. Malone: «Eg respekterer deg og arbeidet ditt,» og at han håpte å følgje legen under opphaldet i Washington DC, der han held tein tale i ein demonstrasjon mot Covid-mandat.

Fyrst sendte Malone eit brev til WP der han truga med rettsleg handling dersom artikkelen ikkje vart fjerna eller dei krenkjande påstandane vart tilbaketrekte. Då avisa nekta, sendte han inn begjæring om søksmål i ein føderal domstol i Virginia.

Ifølgje søksmålet kom artikkelen med 10 krenkjande påstandar mot dr. Malone, inkludert at han har blitt «diskreditert», at påstandane hans «ikkje berre er uriktige, men òg farlege», og at han «gjentok feilaktige påstandar som har gjeve han hordar av følgjarar».

Reclaim the Net fekk tak i ein kopi av klagen, som kan lesast her.

«Kvalitetane som WP respektlaust kritiserte – dr. Malones ærlegheit, sannferdigheit, integritet, kompetanse, dømmekraft, moral og etikk som ein autorisert lege og vitskapsmann – er spesielt verdifulle for dr. Malone og er absolutt naudsynte i praksisen og profesjonen til kvar ein lege og vitskapsmann. WP tilskriv dr. Malone oppførsel, karakteristikk og tilstandar, inkludert bedrageri, desinformasjon, feilinformasjon, lureri og ureielegheit som vil negativt påverke evna hans til å vere ein medisinsk profesjonell, og å utføre legegjerninga,» fastslår begjæringa.

«Dr. Malone sine ytringar relatert til Covid-19 og dei påståtte ‘vaksinane’ var 100% faktuelt nøyaktige. Han har aldri begått bedrageri eller kome med noko som helst medisinsk desinformasjon eller feilinformasjon. Vidare fungerer ikkje dei sokalla ‘vaksinane’, noko som er overveldande tydeleg utifrå både den vitskaplege og anekdotiske evidensen som per dags dato føreligg,» seier den òg.

Dr. Malone er for tida òg involvert i eit søksmål mot Twitter på grunn av deira sensur av han og andre [dei andre legane er dr. Peter McCullough og Bryan Tyson; oms.komm.].

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s