Dei vil ikkje at du skal eige ein heim

Av dr. Vernon Coleman. Henta frå The Exposé. Omsett av saksyndig.

I Den store tilbakestillinga si verd vil ikkje vanlege folk få lov til å eige sine eigne heimar. Det vidt promoterte prinsippet «du vil eige ingenting og du vil vere lykkeleg» vil gjelde kjøp og eigarskap av alle former for eigedom so mykje som det vil gjelde alt anna.

Bustadprisar over heile verda har blitt pressa svært høgt opp når store investeringsselskap har gripe inn og kjøpt opp tusenvis av bustader på éin gong – noko som hjelper til med å presse opp prisar og skvise ut private kjøparar. På same tid har kvaliteten på bustader falle dramatisk. Byggherrar som følgjer EU-lover relatert til bustadbygging produserer utan unntak slurvete bygt eigedom som ikkje er designa for å vare.

Det er verdt å merke seg at hus i Japan er bygde for å vare 30 år. Etter det fell dei anten saman eller dei blir jamna med jorda og erstatta.

Prosessen rundt øydelegginga av det lenge etablerte prinsippet bustadeigarskap er allereie i full gang. Rentesatsar stig (og vil sannsynlegvis halde fram med å stige i årevis sidan sentralbankar ser ut til å streve med å kontrollere den galopperande inflasjonen som dei skapte). Stigande rentesatsar vil gjere det vanskelegare for nye kjøparar å få ein fot innanfor botnen på eigedomsstigen, og dei vil gjere det stadig vanskelegare for dei som eig bustader å behalde dei. Konstant stigande energiprisar vil gjere det desto dyrare å eige eit hus – spesielt dersom huset er gammalt og dårleg isolert. Å forby russarar frå å eige eigedom vil òg redusere prisar.

For å gjere ting verre, tvingar den britiske staten 15 millionar huseigarar til å utføre sopass massive og ruinerande dyre endringar på heimane sine at den einaste praktiske løysinga vil vere å rive ned solide, utmerka hus.

Energiytingssertifikata som no må bli knytt til kvar heim skal reviderast i 2025, og vil då inkludere ei mengd utesta, upopulære, dyre, ineffektive øko-oppfinningar som er populære blant konspiratørane (og global oppvarming-sekteristane som representerer synspunkta sine i media og den politiske marknadsplassen).

So, hus som har fjernstyrte termostatar vil få betre energiytingskarakter. Og det vil òg hus som blir utstyrt med varmepumper – som er absurd dyre å installere, og dyre i drift, og erstattar tradisjonelle gassomnar. Varmepumper kostar opp til 22 000 pund [over 253 000 kroner; oms.an.] å få installert, og kostar fire gonger so mykje å drive enn gassomnar. Varmepumper krev òg straum, og sidan mesteparten av straumen i mange år vil kome frå fossildrivstoff og frå å brenne ved-pellets (importert til Storbritannia frå andre sida av Atlanteren), er logikken vanskeleg å forstå.

Fråværet av logikk har ikkje stoppa politikarar frå å omfamne varmepumper (og mange andre absurde øko-oppfinningar), og dei som vel å føretrekkje meir tradisjonelle, meir fornuftige måtar å varme opp heimen vil bli straffa.

Utleigarar som leiger ut heimar har allereie blitt fortalt at det etter 2027 vil vere ulovleg å leige eigedommar som ikkje har høg karakter. Innan få år vil heimar som ikkje tilfredsstiller dei nye krava bli useljelege. Huseigarar som ikkje får installert ei varmepumpe vil ikkje få lov å selje heimane sine. Det tragiske er derimot at kostnaden å varme opp ein heim med ei varmepumpe vil tyde at huseigarar som faktisk får installert ei varmepumpe, ikkje vil bli i stand til å selje heimen sin fordi den vil bli sett på som for dyr i drift.

Og naturlegvis ønskjer konspiratørane at vi alle bur i høgblokker. Kjæledyr vil ikkje vere tillatne og leilegheitene vil vere små og identiske. Alt vil bli kontrollert frå sentralt hald. Og dersom konspiratørane ønskjer å kontrollere dei som bur i ei bustadblokk, kan dei enkelt gjere det ved å låse inngangsdørene. Dette er naturlegvis det som skjedde i Kina i april og mai 2022, då styresmaktene valde å følgje sin absurde null-covid-politikk. Bustadblokker vart stengde og bebuarane vart nekta løyve til å gå ut.

Bustadprisar vil falle betydeleg i løpet av det neste tiåret. Dei heimlause vil bli tvinga inn i nye, knøttsmå papp-leilegheiter i godkjende bysentrum, men dersom sosialkredittvurderinga di er dårleg, vil det bli vanskeleg eller umogleg å leige din eigen heim.

So kva har framtida å tilby for dei med dårleg sosialkredittvurdering?

Vel, naturlegvis, ein av hovuddoktrinane til Den store nullstillinga er at den globale befolkninga skal reduserast til 500 millionar.

Men fram til då, kor skal alle dei heimlause bu? Kanskje i noko som liknar eit gjeldsfengsel, som Dickens skildra so godt. Alternativt vil gatene bli fylde av pengelense omstreifarfamiliar som pakkar seg inn i dei kleda dei måtte gå og stå i. Når vêret er kaldt vil dei halde seg varme med fleire lag papp, og, dersom dei er heldige, ein eller to loslitne, skitne, gamle soveposar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s