Saksyndig om konspirasjonsteoriar, del 5: Kven var eigentleg ansvarleg for 11.september?

11.september 2001 var datoen der fire koordinerte sjølvmordsåtak vart utførde på amerikansk jord mot høvesvis Tvillingtårna World Trade Center i New York, Pentagon i Arlington i delstaten Virginia, og Shanksville i delstaten Pennsylvania. Sistnemnde treffstad var ikkje tilsikta, ettersom det eigentlege målet var ein føderal bygning i Washington D.C. Flyet ved namn American Airlines Flight 11 krasja inn i det nordlege tårnet av World Trade Center, medan United Airlines Flight 175 krasja inn i sørtårnet. American Airlines Flight 77 krasja i Pentagon-bygningen (på vestsida). Målet til det fjerde og siste flyet, United Airlines Flight 93 kan ha anten vore Capitol-bygningen eller Det kvite hus.

Terrororganisasjonen al-Qaida vart utpeikt som ansvarlege for terroråtaka, og 19 muslimske menn leia av Osama bin Laden vart spesifikt utpeikt som gjerningsmennene. USA gjennom dåverande president George W. Bush responderte ved å lansere sin War on Terror, og invaderte Afghanistan for å styrte Taliban, som ikkje hadde møtt amerikanske krav om å utvise al-Qaida frå landet, eller utlevere bin Laden. USA påkalla NATO sin Artikkel 5, og fekk med seg andre NATO-medlemsland for å kjempe i Afghanistan. Bin Laden nekta fyrst å ha noko med terroråtaka å gjere, men tok i 2004 likevel på seg formelt ansvar for dei. Motiva skulle visstnok ha vore amerikansk støtte til Israel, tilstadeveringa av amerikanske troppar i Saudi-Arabia, og sanksjonar mot Irak. Bin Laden vart drepen 2.mai 2011 av det amerikanske militæret på sin gøymestad i Abbottabad i Pakistan.

2977 menneske omkom, noko som gjer hendinga til det dødelegaste terroråtaket i historia. Generelt førde 11.september-åtaka til at USA og fleire andre land styrka anti-terrorlovgjevinga si og utvida fullmaktene til politi og etterretningsbyrå for å forhindre terroråtak av liknande karakter. I 2002 kom den amerikanske Homeland Security Act, og Kongressen vedtok òg den sokalla Patriot Act (offisielt USA PATRIOT Act), med det føremål å fange opp og straffeforfølgje terrorisme og andre brotsverk. National Security Agency (det nasjonale tryggleiksbyrået, forkorta NSA) fekk vide fullmakter, og utførde overvaking av blant anna telekommunikasjon utan rettsleg ordre. I prinsippet kunne dei tjuvlytte på private samtalar og smuglese private e-postkorrespondansar mellom amerikanarar og utlendingar. Muslimar vart i kjølvatnet av terroråtaket utsett for hatkriminalitet og gjenstand for djup mistillit hjå mange vestlege.

Terroråtaka møtte nesten universell internasjonal fordømming, med eitt markant unntak: Irak kom like etter åtaket med den offisielle meldinga som sa «dei amerikanske cowboyane haustar det dei sår når det gjeld deira brotsverk mot menneskeheita». Medan Saudi-Arabia offisielt fordømte åtaka, var mange saudiarar i privat samanheng positive til det bin Laden hadde gjort. Bin Laden var frå Saudi-Arabia.

Ein annan konsekvens av terroråtaka var at USA oppretta fangeleiren Guantanamo Bay på Cuba, offisielt for å oppbevare fangar som dei definerte som «ulovlege, fiendtlege stridande» (illegal enemy combattants). Desse skal seiast å kjempe i strid med reglane for krig, og er difor ikkje omfatta av Genève-konvensjonen. EU og fleire menneskerettsorganisasjonar har stilt spørsmålsteikn ved kor legitimt det dei driv med på Guantanamo Bay eigentleg er.

Krigen i Afghanistan varte frå 2001 til 2021, og var den lengste krigen i den amerikanske militærhistoria. Taliban vann krigen. 176 000 menneske miste livet, av dei over 46 000 sivile.

Dette var den offisielle forteljinga, som er å finne på Wikipedia og det meste av hovudstraumsmedia. Objektivt sett var 11.september, i Wikispooks sine ord: «Eit komplekst og spektakulært sett av hendingar i New York og Washington. Den amerikanske regjeringa var raskt ute med å leggje skulda på al-Qaida, sjølv om ingen bevis for skulda vart presenterte, og der er mykje mistanke om kva al-Qaida verkeleg er. I USA hjelpte 11.september til med Patriot Act si innsnevring av sivile rettar, opptrappinga av innanlands overvaking og det finansielle avansementet til det militær-industrielle komplekset. I utlandet hjelpte 11.september til med å lansere krigar mot Irak og Afghanistan som hadde vore planlagde lang tid i forvegen.»

Historia om dei 19 mennene vart promotert aggressivt frå fyrste dag, og i fyrstninga trudde mest alle på den. Etter kvart har fleire derimot byrja å stille spørsmålsteikn ved hendingsforløpet og andre aspekt. Alternative forklaringar på terroråtaka har naturlegvis blitt kalla «konspirasjonsteoriar», som er den vanlege taktikken som blir brukt når ein ønskjer å stilne opposisjon til offisielle forteljingar. Det er derimot stor skepsis til USA si offisielle forteljing òg hjå andre enn enkeltpersonar: FN, Europa-parlamentet, parlamenta i Belgia, Italia, Japan og Iran trekkjer historia i tvil. Den tidlegare italienske presidenten, Francesco Cossiga, sa i ei stor italiensk avis so tidleg som 2008 at 11.september vart utført av CIA og Mossad. Trass denne skepsisen, er det framleis den dag i dag, over tjue år seinare, ikkje heilt stovereint å hevde at 11.september-terroren ikkje vart utført av berre bin Laden og hans 19 muslimske menn.

Den offisielle forteljinga har eit vell av hòl og inkonsekvensar. Eit av dei største, mest gapande hòla er det faktum at tre bygningar frå World Trade Center vart om til støv symmetrisk frå toppen til botnen (for korleis kan to fly øydeleggje tre bygningar, der den tredje ikkje eingong vart treft av eit fly?). Absolutt ingen store vrakdelar låg igjen, berre tonnevis av pulverisert betong og små seksjonar av stål. Temperaturane på bakken, sjølv fem dagar etter hendinga, var so høge som 746 grader Celsius – målingar frå helikopter las so høge temperaturar som 1537 grader. Verneskoa til bakketeama smelta bokstavleg tala. Den offisielle forteljinga hevda at alle tre bygningane «kollapsa» på grunn av dei to flystyrta tidlegare den dagen. Alle bygningsrestar vart fjerna frå staden og resirkulert påfallande raskt. Den tekniske evidensen antydar at ein her hadde å gjere med kontrollert sprenging, sannsynlegvis ved hjelp av nanotermitt.

Det sokalla Ground Zero vart like etter åtaka stengt av både for publikum og media. Der vart innført kameraforbod, og alle «uautoriserte kamera» vart straks konfiskert, dette ifølgje FEMA-tilsette Kurt Sonnenfeld.

Etterlatne etter 11.september fekk erstatning på det vilkår at dei ikkje tok rettslege steg relatert til åtaka. To av dei få som sa nei, døydde i flyulykker i høvesvis februar og april 2009 (Beverly Eckert og advokat Michael H. Doran).

I seinare år har mellom anna varslarar gått saman og danna nettverk for å finne ut og avsløre sanninga bak 11.september. Her blir den tredje World Trade Center-bygningen (WTC7) brukt som evidens for at noko mildt sagt skurra: Bygningen vart ikkje treft av nokon av dei to flya som krasja inn i Tvillingtårna, likevel filma tre ulike TV-selskap den bygningen før kollapsen skjedde. Det var nesten som om dei visste om at bygningen ville falle saman. Det såg òg andre ut til å vete: Reuters, CBS, CNN, Fox News, MSNBC og BBC rapporterte alle at WTC7 anten hadde kollapsa eller at den kom til å kollapse før den faktisk gjorde det. Denne mystiske evna til å spå framtidige hendingar har aldri blitt offisielt etterforska.

Ettersom WTC7 sin lagnad sterkt antyda kontrollert sprenging og ikkje resultatet av eit flystyrt, innførde ein komplett mediesensur av den hendinga. Dei som sa alt anna enn at bygningane kollapsa på grunn av brann etter flystyrt, vart anten sensurerte eller utsette for sokalla hit pieces, sverteartiklar – på same måten som dei som i dag kjem med informasjon som strider imot den offisielle forteljinga om Covid-19. 11.september-kommisjonen vart oppretta for å etterforske åtaket. Kollapsen til WTC7 er ikkje nemnt i den fyrste versjonen i det heile. Tidlegare nestleiar i kommisjonen, Lee Hamilton, sa i eit intervju med CBC i 2006 at han ikkje hugsar om kommisjonen gjorde eit spesifikt val om å ikkje ta den med. Det nasjonale instituttet for standardar og teknologi (NIST) sa i ein rapport om kollapsen av WTC7 at det nok er fyrste gong i historia at ein stor bygning har kollapsa fullstendig saman primært på grunn av brann, og at dette skjedde ved temperaturar godt under brestepunktet for stål.

Om 11.september vart fabrikkert og deretter skulda på islamistiske terroristar, kva var so føremålet? Her kjem Patriot Act inn i biletet. Lova vart innført 26.oktober 2001 av dåverande president George W. Bush, etter å ha blitt hasta gjennom Kongressen, der få – om nokon – hadde tid til å lese heile lova. Lova vart designa for å vere ei unntakslov, men har vore permanent heilt sidan starten. Lova vart derimot planlagt før 11.september, som Jennifer Van Bergen skriv i ein artikkel publisert på Truthout.org 20.mai 2002. Patriot Act har sitt opphav tilbake på 1990-talet, med den sokalla 1996 Antiterrorism Act, men sjølve trenden knytt til nasjonal tryggleik går heilt tilbake til 1950-talet, der tilknyting til kommunist- eller anarkistgrupper gav grunnlag for deportering frå USA, sokalla guilt by association. Konseptet vart fjerna av Kongressen i 1990, men gjeninnført i nemnde antiterrorlov i 1996. Meir spesifikt var det Reagan-administrasjonen som tok initiativ til dei mest urovekkjande delane av Patriot Act, men då administrasjonen la dei fram som lovforslag, la Kongressen ned veto fordi dei var grunnlovsstridige. Den fyrste Bush-administrasjonen prøvde det same, men fekk igjen nei frå Kongressen. Like før 11.september var Kongressen i ferd med å fjerne delar av antiterrorlova av 1996. Det var stor politisk motstand mot sjølve antiterrorlova slik den var meint å vere; den lovgjevande makta dreiv og spurde kvifor ein eigentleg trong nytt lovverk, men vitne frå administrasjonen nekta bokstavleg tala å svare på spørsmåla kring dette. Terroråtaket var eit openbert påskot for å endeleg innføre Patriot Act, og det at to administrasjonar såg ut til å nekte å svare på kvifor ein trong Patriot Act, kan tyde på at somme av dei visste kva som ville kome – sjølv so tidleg tilbake som til Reagan-administrasjonen.

Motivet til gjerningsmennene var å innføre ein permanent unntakstilstand, og denne vart kjent som «The Global War on Terrorism». Ei rekkje nye lover kom, og dei gamle vart omskrivne. Tortur, mord og innesperring på ubestemt tid vart igjen gjort «lovleg», og det vart iverksett masseovervaking. Ein var eitt steg nærare den berykta orwellianske overvakingsstaten. Krigane i Afghanistan og Irak vart igangsett fyrst og fremst for å vinne ressursar.

Kven stod so bak terroråtaka? Som med attentatet på president John F. Kennedy tilbake i 1963, var det òg den amerikanske djupstaten som anten stod bak eller i det minste støtta og/eller mogleggjorde terroråtaka. Indisium for dette er at modus operandi følgjer typiske djupstatsoperasjonar, med at hendingane blir dekt over (med offisielle forteljingar som forbyr alternative synspunkt, i tett samarbeid med hovudstraumsmedia), heller enn etterforska på ein skikkeleg måte. Lét denne «kabalen» det skje med vilje, eller fekk dei det til å skje med vilje? Det blir antyda av djuppolitikk-forskar Mark Gorton at 11.september-operasjonen vart planlagt av George H.W. Bush (faren til George W. Bush), men der finst ikkje evidens som direkte knyter Bush senior til hendinga. Mellom andre Chris Bollyn peiker ut Mossad som dei skuldige.

Den tidlegare CIA-offiseren Kevin Shipp har antyda at han sjølv veit kven som står bak 11.september-åtaka, men at han på grunn av den strenge teieplikta i CIA ikkje kan fortelje offentlegheita kven det er. Det kan koste han livet. Men han antyda i eit føredrag forsiktig at det kan ha noko å gjere med saudi-arabisk etterretning, og oppfordrar interesserte til å starte «researchen» derifrå.

Som ein historisk kuriositet som «ingen» ser ut til å hugse, kan eg avslutte med at ei veke etter åtaka, vart fleire brev med miltbrann sendt til fleire nyheitskontor og to amerikanske senatorar, Tom Daschle og Patrick Leahy. 5 døydde og 17 vart smitta. Dei to senatorane var motstandarar mot at den nye antiterror-lova skulle innførast – begge to overlevde derimot åtaka. FBI sette i gang ei etterforsking som kosta rundt 100 millionar dollar (!), og fann til slutt Bruce Ivins, ein biovåpenforskar og «lone nut» («einsleg galning»). Leiar for etterforskinga, Richard Lambert, saksøkte FBI i 2015 og påstod at dei skjulte bevis som kunne ha frifunne Ivins. Detaljar frå etterforskinga er framleis hemmeleghaldne på grunn av omsynet til nasjonal tryggleik – visstnok. Den påståtte gjerningsmannen tok visstnok sjølvmord 29.juli 2008, 62 år gammal. Han vart aldri formelt tiltalt for miltbrann-terroren. Djupstaten stod sannsynlegvis bak dette langt mindre kjende (og hugsa) åtaket òg, nettopp for å fjerne motstand mot innføringa av Patriot Act. I kjølvatnet av denne «gløymde» biovåpenterroren fekk ein viss Anthony Fauci auka antiterror-budsjettet sitt i National Institute of Allergy and Infectious Diseases frå 53 millionar dollar i 2001 til heile 1,7 milliardar i 2003. Vi veit kva han seinare brukte dei pengane til…

11.september-åtaka er eit særs komplisert tema som denne artikkelen langt ifrå dekkjer. Denne strukturelle djuphendinga er det nest-mest dramatiske dømet frå det 21.hundreåret på noko som for alltid endra verdshistoria og samfunnet – berre den noverande plandemien vil endre samfunnet meir. Dette er ei sokalla stor løgn, ein konspirasjon på nasjonalt og overnasjonalt nivå der målet er å endre politikken i ei totalitær retning, og hadde som konsekvens at djupstaten voks seg sterkare. Over tjue år etter terroren/eksplosjonane (stryk det som ikkje passar), er der framleis ting som skurrar, men stadig fleire trekkjer heldigvis i tvil den offisielle forteljinga. Vil vi kome til eit punkt der den fulle sanninga kjem fram? Vel, Kennedy-attentatet skjedde for nesten seksti år sidan, og vi har framleis ikkje fått alle svara frå den hendinga. Men i våre dagar er vi velsigna (eller, frå våre fiendars perspektiv, forbanna) med dyktige journalistar og etterforskarar innan alternative media, og deira iherdige, utrøyttelege arbeid vil nøste opp trådane som krevst for å forstå kva som eigentleg skjedde.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s