Samværssaker, oppseiingssaker, disputtar i heimen, ulovlege Covid-vaksinepåbod
Av S.D. Wells, Natural News. Omsett av saksyndig.
Pandemi-relaterte saksutprøvingar har ført til fleire søksmål og rettslege begjæringar enn noka anna hending i amerikansk historie, og der er meir i vente. Desse saksutprøvingane [engelsk litigation] inkluderer krav mot forsikringsselskap, mot statlege retningslinjer som påverka føretak, disputtar i heimen og ymse forbrukaraktivitet.
Amerikanske delstatar som leverte inn flest pandemi-relaterte begjæringar om søksmål, inkluderer New York, California, Florida, Texas og New Jersey. Ein stor prosentdel av desse krava er sivile søksmål relatert til pålegg om å halde seg heime [stay-at-home orders], forbod mot forsamlingar, og tvinga stenging av føretak, der ingen av tiltaka gjorde noko som helst for å hindre spreiing av sjukdom eller «flate ut kurven» for den laboratorie-skapte Fauci-influensaen. Alle dei menneska burde vinne sakene sine basert eine og åleine på bedrageriet og feilinformasjonen spreidd og påbode av CDC og Fauci.
Gruppesøksmål steig til himmels på grunn av bløffdemien
[«Bløffdemi» er mitt forsøk på å omsetje scamdemic, sjølv om skamdemien òg hadde vore passande i somme høve; oms.komm.]
Dei vanlegaste gruppesøksmåla dreiar seg om forsikringskrav, tilbakebetaling av flybillettar, utdanningsinstitusjonar, forbrukarvernkrav, finansielle institusjonar, fabrikantar, fitness-selskap og billettseljarar (for arrangement som vart avlyst på grunn av bløffdemien).
CDC står ansvarlege for millionar av tilfelle av unaudsynte helserisikoar og påbod som øydela forretningane til folk, liva deira og utdanninga. Skalaen av tap tilknytt dette bløffdemi-bedrageriet kan ikkje reknast ut eller til og med fattast. Det er som ein tsunami av øydelegging som ein må prøve å forsone på fleire frontar.
Vaksine-induserte skadar og dødsfall er éin diger arena av denne feilbehandlinga og folkemordet. Alle som lid av myokarditt, sjukdommar i nervesystemet, autoimmune tilstandar eller blodproppar etter å ha blitt «vaksinert» med genmuterande injeksjonar, burde skaffe seg advokat med éin gong og få dei ansvarlege til å betale.
Sjølv om Kongressen beskyttar den tvers gjennom korrupte farmasøytiske industrien, inkludert det vaksine-industrielle komplekset, frå å bli saksøkt for noko som helst nokosinne, er der massevis av institusjonar og regulerande tenestefolk som treng å få kniven på strupen for å gjere noko med desse tragiske tapa av liv, fridom og medisinsk valfridom.
Tsunamien av Covid-19-pandemi-relaterte søksmål spora opp etter sakstype, industri og selskapsstorleik
Som eit direkte resultat av Wuhan-influensa-bløffdemien, er der haugevis av lekser som bør lærast av rettssakene og dei juridiske innsyna frå søksmåla og dei rettslege avgjerdene. Her er nokre døme. Arbeidarar som fekk sparken under bløffdemien kan gå fram med søkdsmål om trygd, seier den føderale domstolen. Arbeidsgjevarar kan stå overfor krav om pandemisk skade og dødsfall for eksponering på arbeidsplassen.
Nokre kvinner går til søksmål med påstandar om graviditetsdiskriminering, og seier at pandemien berre var ei orsaking for det. Ein domstol i California har oppretta juridisk presedens for påstandar av ikkje-tilsette som får Fauci-influensa frå arbeidarar. Sjukehustilsette rundt om i landet går til sak på grunn av vaksinepåbod på arbeidsplassen, spesielt sidan dei sokalla «vaksinane» ikkje eingong fungerer, og kan forårsake blodproppar, antistoff-avhengig forsterking og død.
Mange utnytta pandemien til å ikkje følgje samværsavtalar og/eller rettslege ordrar. Ein forelder med avtale om delt samvær, til dømes, sa til den andre: «du har blitt eksponert for Covid» eller «du har ikkje blitt vaksinert» eller «eg vil ikkje eksponere barna mine for fleire menneske, so eg held dei her.» Dette har skapt enorme, oppheta kranglar, som i sin tur har ført til at talet saker relatert til vald i heimen har gått til himmels.
Pluss, mange er ikkje i stand til å betale utgifter relatert til heim og eigedom. Unaudsynte og kanskje ulovleg dyre sjukehus-/behandlingsrekningar hopar seg opp, noko som skaper konflikt, stress og nye kampar i rettsvesenet. Der er ingen ende i sikte når det gjeld denne nye tsunamien av juridiske kampar, rettssaker og begjæringar om søksmål. Bløffdemien raser vidare.