Etablissementet kjem til å gje Trump skulda for dødelege covid-sprøyter når biverknader blir uunngåelege

Av Kelen McBreen, Infowars. Omsett av saksyndig.

House Select Subcommittee on the Coronavirus Crisis gav ut ein rapport onsdag [24.august 2022] der dei påstod at Trump-administrasjonen pressa FDA til å haste gjennom naudgodkjenninga for dei eksperimentelle covid-vaksinane.

Klagen hevdar at medlemmar i Trump-staben sterkt oppmoda helsetilsette som tidlegare FDA-kommisjonær Stephen Hahn til å godkjenne sprøytene so vell som andre «uprova» Covid-behandlingar på ein forhasta måte.

Dokumentet byrjar med å påstå at Trump-administrasjonen «koordinerte presskampanjar for å reautorisere hydroksyklorokin og utvide bruken av det etter at det viste seg å vere ineffektivt og potensielt farleg».

Demokratar er spesielt opprørte over at Peter Navarro kommuniserte med Kvite Hus-sjefsstrateg Steve Bannon, dr. Jerome Corsi og Association of American Physicians and Surgeons (AAPS) [den amerikanske lege-og kirurgiforeininga; oms.an.] om å arbeide på ei begjæring om å samle støtte for hydroksyklorokin.

Vidare seier rapporten at Trump-teamet «tvinga FDA til å levere villeiande positive nyheiter om blodbehandling [det å bruke blod frå sjuke som har blitt friske til å behandle sjukdommen hjå smitta; oms.komm.] som ei koronavirus-behandling like før den republikanske nasjonale samling [Republican National Convention; RNC] i 2020.

Endeleg påstår underkomiteen at Trump «blokkerte FDA frå å kome med retningslinjer rundt koronavirus-vaksine-godkjenning i fleire veker i eit forsøk på å sikre seg at den fyrste vaksinen kunne bli godkjent før presidentvalet i 2020.»

Den 45. presidenten skulle visstnok ha «uttrykt ønske om at desse [vaksinane] vart godkjende so raskt som mogleg for å redde liv,» seier rapporten.

Ifølgje Politico, «sa Kvite hus-tilsette at dei ikkje ville skrive under på ei naudgodkjenning som kravde ei oppfølging 60 dagar seinare for dei seine stadia av kliniske forsøk. Til sjuande og sist gjekk FDA med på 60-dagarsoppfølgingsplanen utan eksplisitt velsigning frå Det kvite hus, sjølv om Det kvite hus seinare klarerte det.»

Noko av kommunikasjonen som vart avdekt i rapporten viser at personar i Trumps omgangskrets visste om ideen om at dersom hydroksyklorokin viste seg å vere effektiv i å bekjempe Covid-19, ville naudgodkjenninga for dei eksperimentelle vaksinane aldri ha blitt vedteken.

Medan etablissementet prøver å opprette forteljinga om at Trump prøvde å få covid-sprøytene for tidleg godkjent utelukkande av politiske grunnar, har den same gruppa av menneske vore eklatant politiske gjennom heile Covid-pandemien.

Til dømes viser denne videosamlinga haugevis av Demokrat-politikarar og snakkehovud som viser ekstrem skepsis til covid-sprøytene under Trumps siste år i embetet.

Dei sjølvsame personane gjekk frå å vere mistenksame overfor sprøytene, til å fremje vaksinepåbod so fort Biden tredde inn i embetet.

Senior-redaktør i Human Events, Jack Posobiec skreiv treffsikkert på Twitter at Infowars-grunnleggjar Alex Jones spådde at etablissementet ville bruke Trumps fremjing av vaksinen mot han når dei ikkje lenger kunne halde hemmeleg alle biverknadene som folk har opplevd.

Faktisk spådde Alex Jones i desember 2020 at Trump ville få skulda for dei skadelege propp-sprøytene [engelsk clot shots].

«Legg merke til at dei prøver å heilgardere veddemålet sitt, dei seier ‘åh! Dersom det skjer dødsfall, er det fordi Trump fekk fortgang i dei.’ Eg trur Trump har blitt lurt til dette,» sa han.

Jones kom igjen med den dystre åtvaringa til president Trump for nøyaktig ei veke sidan [17.august 2022].

Under direktesendinga føreslo Jones at Trump burde følgje den politiske linja til Florida sin republikanske guvernør Ron DeSantis når det gjeld dei eksperimentelle «vaksinane», og fortelje sanninga om dei potensielle farane rundt det å ta injeksjonen.

Neste dag [18.august 2022] svarte Jones konservative som trudde at han var for kritisk i åtvaringa si til Trump ved å forklare at han gjorde det på ein støttande måte, og at han til sjuande og sist ønskjer at den 45.presidenten vaknar opp til bløffen.

Jones heldt fast på at han ikkje ser seg sjølv støtte Trump i 2024 om han ikkje snakkar ut om det medisinske etablissementet sine mRNA-sprøyter.

Igjen, på laurdag [20.august 2022] publiserte Jones ein video retta direkte mot Trump.

Denne gongen kom Jones med døme på korleis Trump kan korrigere feil frå fortida relatert til dei dødelege Covid-vaksinane, medan han avdekte livsreddande informasjon som vil skyte eit hòl i globalistagendaen.

«Herr president, du har blitt lurt av Big Pharma, du har blitt lurt av djupstaten,» sa Jones til Trump. «Din førre Kvite hus-koordinator innrømmer at vedkomande visste at sprøyta ikkje ville fungere, og at vedkomande laug til deg. Den noverande leiaren av CDC har stått fram og innrømt dette. Rottene forlèt det søkkande skipet og førebur seg på å rotte seg saman mot deg. Men der er framleis tid til å kome seg over på rett side av historia og redde mange liv, herr President.»

[Kommentar frå saksyndig: Frasen «rotte seg saman» var eit ordspel frå mi side når det gjaldt metaforen om rottene som forlèt det søkkande skipet. Eg kunne ikkje dy meg…]

onsdag [24.august 2022] brukte Jones nesten ein time på å forklare korleis fella blir lagt for president Trump, for å få han til å ta skulda for dei farlege sprøytene.

«Dei kjem til å skulde sprøyta på han [Trump], men dei gjorde det over heile verda. Det heile vart koordinert av FN og WEF [World Economic Forum]. Dei køyrde det, dei får skulda, ikkje vår populistiske rørsle,» sa Jones.

Vidare på onsdag bad Jones Trump om å «offentleggjere all kommunikasjonen hans med desse folka. Korleis dei kom til han, korleis dei tilrådde Warp Speed [utrullinga av vaksinar i USA; oms.an.], korleis dei sa at dette ville få landet i gang igjen.»

Det omtalte dokumentet frå komiteen kan lesast her.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s