Spedbarnsorgan vil bli hausta – ingen som helst etiske problem, nei!
Av Igor Chudov. Henta frå hans Substack. Omsett av saksyndig.
Dei galnaste ting blir planlagt som eit nytt kommersielt startup-prosjekt [eit startup/oppstartar-føretak har som mål å vekse seg større ved hjelp av mellom anna investorar; oms.komm.].
Tydelegvis planlegg eit team av israelske gründerar å dyrke menneske-embryo i kunstige livmødrer. Etter dei er utvaksne, kan organ bli hausta frå slike spedbarn. For å unngå etiske dilemma, vil menneske-embryoa bli dyrka utan hovud. Eg køddar ikkje. Artikkelen forklarer ikkje korleis det å dyrke menneske-embryo utan hovud kan «unngå etiske dillemma», noko som gjer at lesaren treng å finne ut av det på eiga hand.
Ideen til dette oppstartar-føretaket er å:
- ta stamceller frå kva som helst slags individ, slik som du og eg
- modifisere den genetiske koden til desse stamcellene for å unngå danninga av eit menneskehovud (eller hjerne) når det utviklar seg til eit embryo
- så desse genetisk modifiserte cellene i ei krukke, som tener som ei kunstig livmor, og dyrke fram eit kunstig menneskeleg embryo, men utan eit hovud
Ifølgje oppstartar-føretaket unngår dette på ein eller annan måte «etiske dilemma»:
«Sjølv om [Jacob] Hanna [tilsynelatande mannen bak føretaket; oms.an] ikkje trur at eit kunstig embryo skapt av stamceller og halde i eit laboratorium nokosinne vil telje som eit menneske (åh, verkeleg?!), har han ein framtidig plan i ermet for å sikre seg at der ikkje oppstår noka forvirring. Det er tildømes mogleg å genetisk konstruere startarcellene slik at det resulterande modell-embryoet aldri utvikla reit hovud. Å leggje føringar på dets potensiale kan hjelpe til med å unngå etiske dilemma. ‘Vi meiner dette er viktig og har investert mykje i dette,’ seier Hanna.»
Denne planen har nokre interessante moglegheiter, og artikkelen nemner eldre som kan dra nytte av ungdommelege immunceller.
Artikkelen seier ikkje dette rett ut, men ein stor marknad vil kanskje vere eldre som øydela immuncellene sine ved hjelp av «covid-vaksine»-injeksjonar og ønskjer å reversere effekten som vaksinen hadde på deira immunforsvar.
Same kva, kan planen, for å seie det enkelt, vere noko sånt som dette: om eg blir eldre og treng eit erstatningsorgan som ikkje blir påverka av aldring, kan eg betale dette oppstartar-føretaket til å dyrke eit kunstig spedbarn, utan eit hovud, men elles ein kopi av meg sjølv då eg var baby. Deretter kan dei hauste organ frå det hovudlause spedbarnet som dei transplanterer inn i min aldrande kropp, noko som unngår avvisinga frå immunforsvaret som ein ser ved ordinære transplantasjonar.
Legg merke til at transplantasjonsorgana ikkje er ein nøyaktig kopi av mine organ, sidan dei ber i seg modifisert genetisk kode som vart endra for å hindre danninga av eit hovud i livmora. Denne vesle skilnaden er openbert tapt for dei som fremjar denne ideen.
Sidan spedbarnsorgan er for små for ein vaksen, nemner artikkelen «immunceller», som berre er celler. Men eg reknar med at slikt eit hovudlaust spedbarn kan halde fram med å vekse på ein akselerert tidsskala, for å kunne forsyne eldre med erstatningsorgan i full storleik.
Dette er ikkje ein konspirasjonsteori, sidan all informasjonen står i artikkelen. Dersom det høyrest sprøtt ut, er det ikkje fordi eg dikta det opp – eg berre gjenfortel historia.
Vil du betale for å få dyrka ein hovudlaus kopi av deg sjølv for å hauste organ? Trur ikkje du at der er nokon etiske problem?
Kommentar frå saksyndig: Det der kan vel med rette kallast ein hovudlaus forretningsidé…