I ein artikkel av Arnt Jensvoll publisert i Document 21.august 2022, blir det sett viktig søkjelys på bemanningkrisa i helsevesenet. Ein anonym lesar fortel at bemanninga er so dårleg at dei tilset ufaglærte tenåringar, og kallar situasjonen ekstraordinær. Ein artikkel i Sykepleien tek føre seg den same problemstillinga. Dette bekreftar i tillegg det same som eg skreiv sjølv i ein artikkel frå 27.juni:
«I eit forsøk på å avlaste den kronisk underbemanna personalgruppa, har kommunen leigd inn ungdommar for å tilberede måltid og rydde rundt om på fellesareal og på rom – sokalla kjøkkenhjelper. Desse er so unge at dei bokstavleg tala ikkje har lov til å delta i stell; Arbeidsmiljølova forbyr det eksplisitt.»
Det at Arbeidsmiljølova forbyr det (kanskje ikkje eksplisitt, som eg skreiv då), har heimel i §11-1 (Forbud mot barnearbeid), der barn som er under 15 år eller skulepliktige ikkje skal utføre «arbeid som går inn under denne lov» (Arbeidsmiljølova, som dermed i praksis omfattar alt arbeid, sidan alle typar arbeid jo kan seiast å ha eit arbeidsmiljø). Å tilsetje 15- og 16-åringar for å jobbe på sjukeheim, kan dermed vere brot på ledd (1) i §11-1 – ikkje fordi dei ikkje er gamle nok, men fordi dei framleis er skulepliktige, altso ikkje ferdige med grunnskulen (ein som er fødd tidleg på året kan framleis gå på grunnskulen som 16-åring). Logikken er at arbeid vil påverke utbytet dei får av undervisninga i form av å ta frå dei energi til å gjere ein innsats på skulen. Arbeidsstaden kan derimot omgå denne heimelen ved å late arbeidet vere:
- Kulturelt eller liknande arbeid.
- Lett arbeid og barnet har fylt 13 år.
- «Arbeid som ledd i barnets skolegang eller i praktisk yrkesorientering som er godkjent av skolemyndighetene og barnet har fylt 14 år.»
Å jobbe på kjøkken kan rimeleg tolkast som «lett arbeid», medan det å underhalde bebuarane kan rimeleg tolkast som «kulturelt» eller liknande arbeid. Lett eller kulturelt arbeid på sjukeheim kan òg vere lovleg om eleven har tenkt å byrje på helsefagleg utdanning, og skulen har godkjent det. Etter ferien min oppdaga eg derimot at dei som opphavleg berre skulle hjelpe til på kjøkkenet, no hadde byrja å stelle bebuarane òg fordi ingen andre var å få tak i. At 15- og 16-åringar plutseleg byrjar å delta i stellsituasjonar, kan vere brot på ledd (3) i same paragraf:
(3) «Personer under 18 år må ikke utføre arbeid som kan være til skade for deres sikkerhet, helse, utvikling eller skolegang.»
Utan at eg på nokon måte har juridisk utdanning, er eg temmeleg sikker på at tunge stell eller arbeid med personar med langt framskriden demens, i somme tilfelle kan vere til skade for tryggleiken og helsa til ungdommane – når slikt arbeid kan vere til skade for tryggleiken og helsa sjølv til erfarent, profesjonelt helsepersonell. Når eg og mine erfarne kollegaer med naud og neppe klarer å handtere alvorleg demente personar eller tunge pleiepasientar, er det ikkje å vente at ei jente på 15 skal klare det!
Dette var ei kort innføring av den juridiske gråsona hyringa av personar under 18 til arbeid på sjukeheim ligg i. Den nemnde Document-artikkelen tek føre seg NRK si rapportering om fulle akuttavdelingar og kapasitetsproblem i Trondheim, Stavanger og Oslo. Bergen har òg det dei kallar «betydelige kapasitetsproblemer», noko som fyrst og fremst blir opplyst til personar som ønskjer å byte timeavtalar på Haukeland sjukehus sine mange avdelingar. Det har nærast blitt eit standardsvar i slike brev. Kapasitetsproblema er langt ifrå lokale – dei er i aller høgste grad både nasjonale og universale.
(I forhold til det eg skal snakke om seinare i teksten, vil eg informere at eg har fått informasjon om kapasitetsproblema på Haukeland ikkje gjennom jobben, men gjennom ein eg kjenner som gjekk og venta på ein time der oppe. Eg såg sjølv innkallingsbrevet til vedkomande, der frasen «betydelige kapasitetsproblemer» står skrive.)
Éin ting er å rekruttere 15-16-åringar til å lage frukost til bebuarane på ei temmeleg roleg avdeling på ein utkantsjukeheim. Ein heilt annan er at Sykehuset Østfold (ifølgje Sykepleien) har tilsett denne aldersgruppa til å jobbe som driftspersonell på geriatrisk døgnpost. Jobbar dei om natta? Det er i sofall eksplisitt forbode jamfør §11-3 (Forbud mot nattarbeid). «Nattarbeid» blir her definert som arbeid mellom 2100 og 2300, og iallfall mellom 2300 og 0600, som ledd (2) definerer som «arbeidsfri periode». Kategorisk har ingen under 18 lov til å utføre nattarbeid, medan arbeid mellom 2100 og 2300 berre kan tillatast om «arbeidets art gjør det nødvendig eller det foreligger et særlig og tidsavgrenset behov for nattarbeid».
Om personar under 18 år blir tekne inn for å jobbe på grunn av sjukefråvær hjå dei ordinære nattevaktene, har eg gode grunnar til å frykte at behovet ikkje på nokon måte vil vere tidsavgrensa. Meir og meir tydar på at sjukefråværet kan bli permanent. Som ein generell regel – og dette var tilfellet òg før «korona» – kan ein rekne med at dess lenger ein arbeidstakar er sjukemeldt, dess mindre er sjansen for å kome tilbake i sin opphavlege jobb. Ingen kan gå sjukemeldte frå ei stilling på ubestemt tid. Anten vil personen bli uføretrygda, eller omskolert. Då skal derimot forsøk på tilrettelagt arbeid ha blitt (meir eller mindre halvhjarta) prøvd frå arbeidsgjevars side, men det er langt frå automatikk i at slikt skjer. Enkelte vil rett og slett ikkje ta seg bryet, ettersom dei meiner problemet berre ligg hjå den tilsette sjølv og ikkje eventuelle kritikkverdige forhold på arbeidsplassen (det fysiske eller det psykososiale arbeidsmiljøet, til dømes). Om arbeidsgjevar vel å ha den haldninga at det er den tilsette det er noko i vegen med, er det stort sannsyn for at arbeidsgjevar i ekstreme tilfelle vil sabotere alle forsøk på tilrettelagt arbeid. Derav den dårlege prognosen for langtidssjukemeldte.
Dette var forholda før «korona». No er problematikken ein heilt annan. No ser vi sjukdom på eit nivå vi ikkje har sett før. På sjukehus og akuttmottak er til dømes utfordringa—eller nei, lat oss ikkje kalle dette ei «utfordring». Dette er eit problem, og eit helvetes stort eit òg. Problemet er, i Document-lesarens eigne ord, at «pasientene er mange flere og mye sykere. I tillegg er det mye sykdom blant de ansatte. Flere sier opp, de orker rett og slett ikke mer.»
Og so kjem det store, blodraude flagget: «Man kan stille spørsmål om hva fellesnevneren er, men det er få som tør lufte problemstillingen, ikke en gang blant kolleger. Det til tross for flere uventede dødsfall med ukjent årsak. Det har utviklet seg en merkelig, galopperende taushetskultur og den er synkron med den generelle innstrammingen av ytringsfriheten. Vaksinasjonsskader er et ikke-tema.»
Fyrst langt inni setninga blir den store elefanten i rommet nemnt. Grunnen til den enorme auken i sjukdom både hjå målgruppa og personalgruppa er skadar frå mRNA-injeksjonane, dei sokalla «vaksinane» som var «trygge og effektive».
Leiar i NSF (Norsk sykepleierforbund), Lill Sverresdatter Larsen, vel å fokusere på bemanningskrisa som årsak til dødsfall og andre alvorlege hendingar i helsevesenet, utan å tenkje på kva som er årsak til bemanningskrisa. Problemet er ifølgje ho mangel på faglært arbeidskraft, ikkje det faktum at stort sett all faglært arbeidskraft lét seg lure til å ta eksperimentelle mRNA-sprøyter og no er for sjuke til å vere i arbeid.
Eit akuttmottak er vel den staden ein merkar fyrst at noko er alvorleg gale både i samfunnet og i helsevesenet. Fleire og fleire pasientar kjem inn, og dei er sjukare og sjukare. Fleire og fleire i personalgruppa blir for sjuke til å vere i arbeid, mottaket manglar folk, og krisa er eit faktum. På ein sjukeheim er talet pasientar begrensa av talet ledige rom. Det kan ikkje vere fleire pasientar på ein sjukeheim enn det er rom. Men dersom pasientane – eller bebuarane, som det jo heiter på sjukeheimar – blir stadig sjukare og dermed får stadig meir bistandsbehov, vil personalet merke den aukande arbeidsmengda gjennom å få stadig meir krevjande bebuarar å ta seg av. Og når fleire og fleire i personalgruppa i tillegg fell frå på grunn av «arbeidets art» og eigen sjukdom, og 15-16-åringane må inn og drive med brannsløkking… Katastrofen har til no utspelt seg i sakte kino. Eg og mine likesinna i helsesektoren har lenge frykta kva som ville skje når «vaksine»-skadane byrja å manifestere seg. Ikkje tusen bortforklaringar kan glatte over den harde realiteten.
Helsevesenet har i mange år hatt eit bemanningsproblem. Men takka vere mRNA-injeksjonane har helsevesenet no fått ei bemanningskrise. På min eigen arbeidsstad blir sjukefråværet verre og verre, og leiinga har meir eller mindre kapitulert. Konstituert leiar har brått sagt opp stillinga si og fått jobb i ein annan kommune, medan nestleiar berre tek nattevakter. Medan sistnemnde kan skuldast at ingen andre kan jobbe natt, skuldast definitivt ikkje fyrstnemnde den stadig verre personalmangelen. Det at leiarane rømmer bruket, mistenkjer eg kan skuldast at det byrjar å gå opp for dei kor skadelege mRNA-injeksjonane er, og for dei er det ekstra ille sidan dei sjølve var med på å setje dei på både bebuarar og personale tilbake i 2021. Ei anna, «snillare» forklaring kan vere at dei to rett og slett er utbrente etter å fyrst ha stått i «koronakrise», for so å bli hivne rett over i ei bemanningskrise utan so mykje som ein pustepause.
Heilt til slutt skal eg kommentere det lesaren kallar «en merkelig, galopperende taushetskultur», og at den samsvarer med den generelle innstramminga av ytringsfridommen. Som eg sjølv har erfart, gjeld ikkje ytringsfridommen for helsepersonell, og det er opp til arbeidsgjevar å avgjere når nokon ytrar seg som privatperson, og når han ytrar seg som tilsett. Å ytre seg kritisk om arbeidsgjevar eller dei kritikkverdige forholda på jobben til eksterne mottakarar, blir av og til feilaktig kalla «brot på teieplikta» med like feilaktig henvisning til Helsepersonellovas heimlar. Teieplikta for helsepersonell er nedfelt i Kapittel 5 §21, «Hovedregel om taushetsplikt»:
«Helsepersonell skal hindre at andre får adgang eller kjennskap til opplysninger om folks legems- eller sykdomsforhold eller andre personlige forhold som de får vite om i egenskap av å være helsepersonell.»
Teieplikta dekkjer med andre ord personlege forhold, ikkje forhold på arbeidsplassen. Dette er rimeleg å tolke som identifiserande opplysningar knytte til målgruppa, i mitt konkrete tilfelle bebuarane på sjukeheimen. Som eg sjølv skreiv i ein artikkel frå 28.april 2022:
«Føremålet med teieplikta er å hindre at privat, personleg informasjon relatert til målgruppa kjem på avvege. Arbeidsgjevars kritikkverdige handlingar ligg med andre ord dermed ikkje innanfor verkeområdet til teieplikta. Teieplikta gjeld forhold relatert til privatpersonar som mottek helsetenestetilbod. Arbeidsgjevar er verken ein privatperson eller ein mottakar av tenestetilbod.»
Når ein tilsett ytrar seg negativt om forholda på arbeidsplassen, er ikkje dette brot på teieplikta, men teknisk sett brot på «lojalitetsplikta». I motsetnad til teieplikta er ikkje denne plikta lovfesta. Arbeidsgjevar vil som regel utvide teieplikta til å gjelde alle forhold ein tilsett får vete i kraft av å vere tilsett, men dette vil vere nedfelt i arbeidsreglementet. Brot på arbeidsreglementet er ikkje strafferettsleg forbode, og berre arbeidsgjevar har sanksjonsmoglegheit. I mi etter kvart so berykta personalsak var det aldri på noko tidspunkt snakk om at eg hadde brote teieplikta for helsepersonell. Det var aldri aktuelt å politianmelde meg eller ta frå meg autorisasjonen som helsefagarbeidar. Eg hadde ikkje gjort noko ulovleg, eg hadde berre handla i strid med arbeidsgjevars interesser. Det verste dei kunne gjere, var å gje meg sparken. Men å misse levebrødet er kanskje ille nok for dei aller fleste.
Denne «taushetskulturen» rundt dei mange dødsfalla knytt til mRNA-injeksjonane kan etter mi vurdering ha oppstått fordi dei tilsette fullt forståeleg har trudd at illojalitet til arbeidsgjevar er like straffbart som brot på teieplikta slik den er nedfelt i Helsepersonellova. Dei trur at dei ved å gå ut og snakke om opplevingane sine i helsevesenet vil risikere tap av autorisasjon, bøter og fengsel. Det er feil. Arbeidsgjevar kan opprette personalsak mot tilsette som bryt lojalitetsplikta ved å snakke ut om kritikkverdige forhold relatert til «pandemien» og «vaksinane», og desse sakene har ein lei tendens til å ende med at den tilsette blir fjerna frå stillinga si. Arbeidsgjevar vil tilby sluttavtale for å unngå søksmål frå den tilsette, og for å få saken ut av verda. I alle tilfelle er tilliten mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar gjensidig og ugjenkalleleg broten. Arbeidsgjevar braut tilliten ved å innføre koronadiktatur og ukritisk massevaksinering av bebuarar og tilsette, og arbeidstakar braut tilliten ved å påpeike kor ulovleg, uetisk og medisinsk uforstandig dette var…
Mange har i «koronatida» hamna i djup etisk og moralsk konflikt med sine overordna i helsevesenet. Arbeidsgjevar si totalitære, urimelege og ulovlege åtferd mot personar som søskenparet Frohe, Marian Jenssen og meg sjølv, er diverre nok til å sende klare signal til helsepersonell over heile landet om å halde kjeft når folk døyr som fluger rundt dei, og «ingen» veit kva som er årsaka.
«Taushetskulturen» er på ingen måte merkeleg når ein ser kva dei på toppen so desperat prøver å dekkje over.
Dette har jeg FAEN IKKE ORD FOR!!!
Men STOR TAKK til deg Saksyndig, som dessverre kjenner dette på kroppen daglig, og som beskriver dette på både en lettfattelig, ærlig og solid måte!!
Dette hadde aldri kommet ut ellers, Hittil!
LikarLikt av 1 person