16.september 2022 presenterte Saksyndig ei omsetjing av ein Mike Adams-artikkel frå 13.desember 2012, der han kom med flammande kritikk mot psykiatrien og DSM-5, diagnosemanualen som er i bruk stort sett innan den amerikanske psykiatrien. Noreg bruker for det meste ICD. Her presenterer eg ein artikkel av forfattaren og gravejournalisten Jon Rappoport. Artikkelen vart publisert på Natural News dagen etter Adams sin artikkel, 14.desember 2012. At overmedisinering med psykofarmaka og nevroleptika kan føre til alvorlege og stundom uopprettelege skadar på pasientane, er det ikkje tvil om. Det har eg sjølv vore vitne til som helsepersonell. Men at psykiatrien ser ut til å gjere dette med vilje som del av ein underliggjande, vondsinna agenda? Lesaren blir her oppfordra til å trekkje sine eigne konklusjonar.
Med helsing redaktøren i Saksyndig
Aldri lat barnet ditt møte ein psykiater. Nokosinne!
Av Jon Rappoport. Henta frå Natural News, 14.desember 2012. Omsett og noko forkorta av saksyndig. Artikkelen reflekterer meininga til forfattaren, ikkje nødvendigvis den til Saksyndig.
Dersom du har eit barn, aldri lat han eller ho møte ein psykiater. Nokosinne.
Les Mike Adams sin nye artikkel om psykiatri. Det er ein av dei beste eg nokosinne har lese, og eg har forska på denne pseudovitskapen i 20 år.
Les denne her òg. Den er utmerka. Eg skreiv den. [Artikkelen er ikkje lenger tilgjengeleg; oms.komm.].
Ja, eg veit, eg skryter, noko som er teikn på ei psykisk liding: Oppblåse sjølvbilete på kostnad av den ærverdige psykiatrien-liding. Den føretrekte behandlinga er elektrosjokkterapi og MKULTRA-reprogrammering. Eg går heller for ein tur i parken kombinert med to dosar raseri mot desse falske legane som forgiftar hjernar og trur at dei er lækjarar.
Her er eit spor. Staten gjev psykiatrien deira falske legitimitet. Det er korleis spelet fungerer. Staten velsignar autorisasjonsstyra som deler ut løyve til psykiatrar for å dope ned barna dine, endre hjernane, forgifte dei og naturlegvis setje alle dei falske diagnosane i fyrste omgang.
Utan staten vil desse lurendreiarane søkke i bølgjene og bli borte for alltid. Ingen i sitt rette sinn vil nokosinne setje sine bein på kontoret til ein psykiater. Det vil vere som om å melde seg friviljug til å vandre ut i eit minefelt smekkfullt av eksplosivar.
Media er naturlegvis med på den psykiatriske bløffen. Tusenvis av artiklar blir spydde ut av kverna for å støtte dei autoritative erklæringane til desse forrykte uhyra med medisinske doktorgrader og «trening» i å diagnostisere psykisk sjukdom.
Der finst ingen psykiske sjukdommar eller lidingar. Det har det aldri gjort.
Der finst menneske som har problem, menneske som lid, menneske som er i desperate omstende, menneske som har alvorleg næringsmangel, menneske som har blitt forgifta av ymse kjemikaliar, menneske som har blitt mishandla og ignorert, menneske som har blitt fortalt at der er noko gale med dei, menneske som er annleis og som ikkje kan handtere dei konforme androidane i sine rekkjer, men der finst ingen psykiske lidingar.
Ingen.
Det er fiksjon. Det er ein milliard-dollar-fiksjon. Det er ei diger, dampande ruke av skitprat. Det har det alltid vore.
Der finst ikkje ein einaste diagnostisk test for noka sokalla psykisk liding. Det har det aldri vore. Ingen blodprøve, ingen urinprøve, ingen spyttprøve, inga hjernescanning, ingen gentest. Ingen vitskap.
So kvifor har ikkje psykiatrien blitt øydelagt og gjort forboden? Fordi der er pengar involvert. Store pengar. Farmasøytiske pengar. Og fordi folket er i ein transe. Mødrer og fedrar er temmeleg viljuge til å ta barna sine med til desse hjerne-forgiftarane. Som lam til slaktaren.
Folk blir sett i transe av sokalla profesjonelle med fancy mastergrader som pratar teknisk babbel. Det heile verkar reelt. Fordi dersom det ikkje var reelt, kva då? Folk burde bli tvinga til å innrømme at dei lever i ein fantasi. Og folk ønskjer ikkje å innrømme det. Dei vil heller døy enn å innrømme det.
Men det er det psykiatri er. Ein velutvikla fantasi. Dersom kvar einaste psykiater i verda forsvann i morgon, ville verda straks bli ein langt friskare stad.
Dersom kvar kjendis som utan skam prostituerer seg for psykiatrien ville stoppe på femøringen, ville verda bli ein langt friskare stad akkurat no.
Trur du at dr. Phil er ein bedragar? Han er ingenting samanlikna med psykiatrar med sine reseptblokker. Han er ein helgen samanlikna med dei. Legemiddela er hjernegifter. Dersom du verkeleg ønskjer å finne ut sanninga om legemiddela, gå og les alt dr. Peter Breggin har skrive om legemiddela. Han dekkjer heile den slimete vasslinja.
Der står skrekkelege skrifter på veggen. Tru meg. Du kan sjå det rundt deg om du ser etter. Hjernekrymparane behandlar yngre og yngre barn med hjernegiftene, kvar dag. Dei driv og diagnostiserer barn som praktisk talt er smårollingar, og dei dopar dei ned. Dei øydelegg hjernane deira. Det skjer. Kan hende ønskjer du ikkje å vete om det, men det er der. Det er eit brotsverk på linje med mord.
Og dritsekkane i FDA og dritsekkande som lærer opp legar på medisinskular er med på det. Dei er medskuldige i brotsverket. Dei har blod på hendene sine.
Her er ei historie som dr. Breggin fortalde i si klassiske bok, Toxic Psychiatry. Det seier alt:
«Roberta var ein college-elev, og fekk gode karakterar, for det meste A, då ho vart deprimert for fyrste gong og søkte psykiatrisk hjelp etter råd frå helsetenesta ved universitetet. Ho var på den tida 18 år, smart og velmotivert, og ein særs god kandidat for psykoterapi. Ho gjekk gjennom ei identitetskrise andre året på college når det gjaldt å gå på date med menn, å lykkast på skulen og det å planleggje framtida. Ho ville ha trivst med ein sensitiv terapeut som hadde kunnskapar om det damer slit med.
I staden for moral og innsyn, gav legen hennar ho Haldol. I løpet av dei neste fire åra såg seks ulike legar ho forfalle nevrologisk utan å åtvare familien hennar om hennar tardive dyskinesi [motorisk hjerneskade], og utan å setje diagnosen [tardiv dyskinesi], sjølv når ho openlyst hadde rykningar i armar og bein. I staden sette dei ho på den eine forma for nevroleptika etter den andre, inkludert Navane, Stelazine og Thorazine. Til slutt vart ein rehabiliteringsterapeut bekymra nok til å sende ho til ein almennlege, som sette diagnosen [legemiddelskade]. På det tidspunktet hadde ho blitt permanent fysisk handikappa, med tap av 30% av IQ-en.
… mi medisinske evaluering skildra tilstanden hennar: Roberta er eit grotesk vansira og alvorleg handikappa menneske som ikkje lenger kan kontrollere kroppen sin. Ho lid av ekstreme vridande rørsler og spasmar som involverer ansiktet, hovudet, halsen, skuldrene, ekstremitetane/lemmane, torso og ryggen – nesten heile kroppen. Ho har vanskar med å stå, sitje eller liggje, og vanskane blir verre når ho prøver å utføre viljestyrte handlingar. På eit punkt kunne ho ikkje stoppe hovudet frå å slå mot møblement i nærleiken. Ho kunne berre føre ein kopp til leppene med store vanskar. Sjølv pusterørslene hennar er alvorleg påverka, til den grad at talen hennar kjem ut i grynt og gisp mellom spasmar av andedrettsmuskulaturen… Roberta kan bli noko betre etter fleire månaders seponering av dei nevroleptiske legemiddela, men ho vil aldri nokosinne ha noko som liknar på eit normalt liv.»
Dersom det oljeglatte avskummet som leiar New York Times køyrer den saka på fyrstesida med krigsoverskrifter, kan vi kanskje sjå noko godt skje i dette landet.
Kroniske sytepavar ønskjer å hevde at staten må beskytte alle til ei kvar tid, som om det var mogleg, og som om det verkeleg var staten sitt mål. Desse sytepavane blandar seg opp i alt, og er sjølvskapte offer. Stundom gjev dei seg ut for å vere vitskapsfolk. Dei elskar psykiatri. Dei likestiller psykiatri med statsstyre. Du veit, «share and care» [«del og bry deg»; oms.an.].
Dei slår fast at staten veit best. På botnen er dei små, vondskapsfulle idiotar.
Men dei er særs nyttige idiotar, fordi staten ønskjer dei velkomne i å hjelpe til med å halde befolkninga i sjakk.
Og psykiatri er ein formidabel strategi for å oppnå dette.
Kjemiske tvangstrøyer for lamma.