Kontantlaust tyranni: EU lanserer testing av biometriske betalingsmåtar frå digitale lommebøker

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Den globalist-kontrollerte EU-kommisjonen driv og kastar haugar av pengar på ei samanslutning som har fått i oppgåve å rulle ut ein ny biometrisk betalingsplan for innbyggjarar i EU.

I staden for å betale for ting med kontantar, vil testdeltakarane i programmet bruke fingeravtrykka sine for å overføre pengar for betaling frå ei digital ID-lommebok – ingen fleire papirpengar eller myntar er naudsynte.

NOBID (Nordic-Baltic eID Project) vart valt for den multinasjonale samanslutninga, som inkluderer som medlemmer slike som Thales og iProov. Desse to, saman med andre, vil lansere eitt av fire planlagte EU-pilotprogram for digital ID i mars 2023.

«iProov gler seg over at NOBID-samanslutninga har fått midlar og blitt valt til å setje i gang prosjektet,» annonserte Andrew Bud, grunnleggjar og adm.dir. i iProov.

«Dette prosjektet vil bevise at biometriske Verifiable Credentials kan adressere utfordringane som kjem til å dukke opp i den stadig meir komplekse verda av betalingar.»

Andre teknologiske partnarar som visstnok skal bidra til planen, inkluderer Signicat, RB, Auðkenni, IPZS, Poste Italiane, Intesi Group, InfoCert, FBK og latvisk statsradio, og Television Center.

NOBID sjølv består av dei følgjande landa: Danmark, Estland, Finland, Island, Latvia, Litauen, Noreg og Sverige. Dei følgjande seks statane utgjer samanslutninga: Danmark, Tyskland, Island, Italia, Latvia og Noreg.

Innan 2024 vil ein fullskala, fullt funksjonell digital ID vere klar for Europa (og truleg heile verda)

EU-kommisjonen har betrudd alle desse landa og selskapa å «førebu og forme» framtida til EU sitt planlagte kontantlause samfunn, spom vil dekkje alle 27 medlemslanda. Midlar kjem frå EU-kommisjonen sitt DIGITAL Europa Program.

Ei samanslutning av bankar, som du kanskje hadde forventa, deltek òg i pilotplanen. Desse inkluderer DSGV, DNB og BankID, Nets, Intesa Sanpaolo, PagoPA, ABILab og Greiðsluveitan med andre.

Representantar frå NOBID hevdar at dei allereie har erfaringa som er naudsynt for å produsere ein vellykka storskala digitalbetalings-pilotplan, som EU har skildra som sin topprioritet og «visjon» for eit digitalt, kontantlaust samfunn.

Eksisterande infrastruktur vil bli tilpassa til å ta imot betalingsutstading, straksbetaling, konto-til-konto-overføring og betalingsaksept både på nettet og i butikkar.

Planen er å ha alt klart innan år 2024. Alle EU-innbyggjarar vil ha sine identitetsdokument sentralisert i plattforma, saman med førarkort og bankkontoar. Alt om ein person, med andre ord, vil bli lagra i éin enkel, skannbar chip.

Privatlivsforkjemparar slik som European Digital Rights (EDRi) snakkar ut mot planen, og det same gjer sivil- og menneskerettsgrupper. Dei seier at digital-ID-program slik som dei som blir prøvd ut bryt mange lover og grunnlover i EU, inkludert dei i Tyskland, Austerrike og Nederland.

Mange selskap uroar seg òg over at kostnadene ved å gå over til eit kontantlaust samfunn vil bli uoverstigelege, og vil få dei til å kollapse under vekta til denne påtvinga totalitære undertrykkinga som snart vil kome.

«Det vil bli eit sosialkredittsystem òg, der dei kan stengje tilgang til bankkontoen din for tankebrotsverk som dei vil overvake via AI (kunstig intelligens) knytt til nanoleidningar i hjernen din,» spekulerte ein lesar i kommentarfeltet om det fulle omfanget av kva som verkeleg er i gjære i denne nye dystopiske eksistensen.

«Alle dine helsedata og alt anna om deg vil òg vere der.»

Ein annan skreiv at covid-«vaksinane» truleg òg vil bli inkludert i planen, sidan uvaksinerte kanskje ikkje vil få dei same privilegia som fullvaksinerte når det gjeld den generelle funksjonaliteten til sine digital-ID-lommebøker.

Globalt tyranni under ein liten, herskande «elite» er endepunktet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s