Jon Holden melder i ein YouTube-video frå 20.desember 2022 at Sigmund Myklebust, som sidan september har sete i dansk fengsel vart sendt tilbake til Noreg med fly. Han er no ein fri mann, og har ikkje skrive under på nokon dokument der han godtek straffa som han vart påført dansk rettsvesen i ei rettssak der han ikkje var til stade. I dansk fengsel skal Sigmund ha blitt utsett for tortur, mishandling og fornedring: Han skal ha blitt sparka, slegen, slengt i golvet og tvinga til å sitje naken i lange periodar. Han skal òg ha gått eit døgn utan mat og drikke.
Holden bekreftar at Sigmund sin arrestasjon og «dom» har vore eit samarbeid mellom det norske politiet, Politiets sikkerhetstjeneste (PST) og det danske politiet. I ein no sletta video sa Paul i Frihetsbevegelsen at det under «rettssaka» mot Sigmund kom fram at det norske politiet hadde tipsa det danske politiet om at Sigmund var «anti-statleg». Grunnen skal ifølgje Holden vere at Sigmund har peikt på noko i samfunnet som er vanskeleg, nemleg lovverket.
Domstolane og rettsvesenet opererer etter den sokalla sjølova (maritim lov), i motsetnad til lova som er i bruk blant vanlege folk, landlovene eller Common Law. Det juridiske systemet er slik eg oppfattar det dermed ikkje laga for vanlege, levande menneske. Det blir av tilhengjarar av Common Law skildra som «innfløkt og korrupt». Eit slikt inntrykk treng ein derimot ikkje å vere Common Law-tilhengjar for å få; det norske rettsvesenet har ord på seg for å dømme vilkårleg, noko til og med juristane i Lov og helse peiker på.
Ettersom Sigmund ikkje ville anerkjenne rettsvesenet og domstolen, gav til slutt danske styresmakter opp og sendte han på fly tilbake til Noreg med vakt, handjarn og «heile pakka», som Holden uttrykte det. Holden understrekar at Sigmund er ein fri mann, og at han dermed ikkje skal sitje i norsk fengsel. Sigmund er «i god behold» trass i at han vart utsett for langvarig tortur, mishandling og isolasjon i dansk fengsel.
Teslaen hans og eigendelane inni den er derimot per 20.desember 2022 framleis i det danske politiet si varetekt.
Sigmund-saka har etter mitt syn kasta lys på ei mørk side av politiet som sjeldan kjem fram i media. Folk flest ønskjer å leve i den trua at politiet er på vår side, og at staten vil oss vel. Slike saker som denne har diverre bevist det motsette. Vi får håpe lokalsamfunnet og familien tek han vel imot etter alt han har vore gjennom, og ikkje minst at den norske staten gjev han den reinvaskinga og oppreisninga som han fortener.