Krav i fleire land om at covid-«vaksinane» må etterforskast

Dei eksperimentelle mRNA-injeksjonane som feilaktig blir kalla «vaksinar» har utan tvil forårsaka historiske dødstal og sjukdomstilfelle over heile den vestlege verda. Eit samla hovudstraumsmedia i samarbeid med regjeringar og etterretningsbyrå har undertrykt sanninga om «vaksinane»: at dei verken er trygge eller effektive, og at dei skader og tek livet av menneske i hopetal.

No har fleire land anten byrja eller føreslege å byrje ei etterforsking av covid-«vaksinane».

Newspunch melder at den britiske regjeringa vurderer å lansere ei offisiell etterforsking rundt dødsfall tilknytt mRNA-sprøyta. Doctors for Patients UK har sett saman denne videoen der dei snakkar ut om faren med dei giftige sprøytene i håp om at styresmaktene vil gå til snarleg handling. Den britiske regjeringa har blitt kraftig oppmoda om å setje i verk ei offisiell etterforsking, men har so langt ikkje respondert eller gjort noko.

The Post Millennial melder at Høgsteretten i Florida godkjenner ein DeSantis-storjury for å etterforske produsentar av mRNA-COVID-19-«vaksine». DeSantis har no fått grønt lys til å setje saman ein storjury som vil etterforske nemnde produsentar, og få dei til å offentleggjere alle sine data. Då vil tryggleiken og effektiviteten (om det i det heile teke finst) til «vaksinane» kome fram i dagen. Storjuryen vil sikre seg at den føderale regjeringa og Big Pharma blir haldne ansvarlege, gjennom blant anna å etterforske om det har blitt gjort brotsverk relatert til «vaksinane», og ei nærare etterforsking av plutselege, uventa dødsfall. Har helsepersonell informert mottakarar av «vaksinane» om den potensielle risikoen med dei? Det vil denne storjuryen òg prøve å finne ut. I likskap med dei fleste andre stader, har sannferdig kommunikasjon om «vaksinane» blitt forhindra.

Natural News melder at visepresident Wolfgang Kubicki i det tyske Bundestag (det føderale departementet) ber om full etterforskande obduksjon på alle dei som døydde kort tid etter å ha teke mRNA-sprøyta. Han argumenterer for at alle dødsfall som skjer innan 14 dagar etter injeksjonen må «granskast med finkam». Han ønskjer at alle slike tilfelle blir automatisk registrerte som mistenkte covid-sprøyte-relaterte tilfelle ved Paul Ehrlich-instituttet. Politikaren, som er medlem i Det frie demokratiske partiet (FDP) seier at det er viktig å etterforske dette moglege sambandet mellom vaksinasjon, myokarditt og død.

Skrive av Josefine Bru for Saksyndig.

2 comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s