Av Josefine Bru for Saksyndig.
For lenge, lenge sidan kom eg over ei historie som eg føler for å dele på Saksyndig. Ein mann, Cimon, stal eit brød og vart difor dømt til å svelte i hel i eit fangehol. Den einaste som fekk besøke han var dottera Pero, som nettopp hadde nedkome med ein baby. Vaktene ransaka ho kvar gong ho gjekk inn i fengselet for å sjekke at ho ikkje hadde med seg mat til faren. Ho besøkte han kvar dag.
Etter kvart som tida gjekk byrja vaktene å merke at noko ikkje stemte. Sjølv om dødsdømte Cimon verken fekk mat eller drikke, ikkje berre levde han, han gjekk heller ikkje ned i vekt. Dei byrja difor å spionere på dottera.
Dei fann raskt ut kvifor Cimon ikkje svelta eller tyrsta i hel: Dottera gav han mjølk frå brysta sine.
Styresmaktene vart rørte over dette eineståande dømet på kjærleik barna hadde til foreldra, og Cimon vart benåda og sett fri.
Historia er henta frå det latinspråklege verket Factorum ac dictorum memorabilium av den romerske historikaren Valerius Maximus. Tittelen kan omsetjast til «ni bøker om minneverdige handlingar og munnhell hjå dei gamle romarane». Konseptet ved at ei dotter gjev brystmjølk til faren for å redde han frå svoltedøden blir på latin kalla caritas romana eller «romersk veldedigheit» (Roman charity på engelsk).
Fleire klassiske kunstnarar har laga si utgåve av historia, og der finst òg ei utgåve der ei dotter gjev brystmjølk til mora si. Naturlegvis har det òg blitt laga erotiserte utgåver av historia, men kva er so erotisk ved å svelte i hel?
Denne historia illustrerer den gjeve handlinga det er å ta vare på og ære foreldra sine, slik den kristne tradisjonen alltid har oppfordra til.