Document rapporterer 2.januar 2023 at greske helsearbeidarar som ikkje har ville vaksinere seg mot covid-19, får kome tilbake på jobb etter å ha vore utestengt i 16 månader (1 år og fire månader). 7000 helsearbeidarar vart råka av vaksinetvangen, og 5000 av desse uvaksinerte tilsette fekk kome tilbake på jobb om dei kunne dokumentere at dei hadde vore smitta av koronaviruset. Dei måtte teste seg kvar veke, og sjølv dekkje utgiftene dette medførte. No har dei siste 2000 sleppt inn i varmen igjen.
I likskap med fleire andre europeiske land innførte Hellas vaksineplikt for sjukehustilsette under «pandemien». Der kom protestar frå fagforeiningane, og det vart arrangert demonstrasjonar. Det er uvisst om dei utestengde sjukehustilsette vil bli kompenserte for tapte inntekter.
Document har henta denne informasjonen frå NTB. Om du synest denne nyheita høyrest kjent ut, kan eg opplyse om at Saksyndig faktisk publiserte ei liknande nyheit 7.desember 2022: «Hellas lèt uvaksinert helsepersonell kome tilbake på jobb». Dette var ein omsetjingsartikkel henta frå Newspunch. Utvalde sitat frå artikkelen:
«Den greske helseministeren annonserte sist veke at etter ein rettsleg ordre vil landet gjentilsetje tusenvis av helsepersonell som nekta å bli vaksinert mot covid-19.»
«Hellas sin toppadministrative domstol, Statsrådet, bad om at tiltaket vart avskaffa sist veke som følgje av ein klage frå fagforeininga.»
«Plevris [den greske helseministeren] sa at regelen sannsynlegvis ville bli avskaffa frå 1.januar, om ikkje tidlegare.»
Det ser med andre ord ut til at den greske helseministeren faktisk har halde det han har lovt. Kanskje like greitt, no når sanninga om dei «trygge og effektive vaksinane» ikkje lenger kan haldast tilbake.
Skrive av Josefine Bru for Saksyndig.