Den kanadiske statsministeren Justin Trudeau er ei brikke i spelet til den globale eliten

Det burde ikkje kome som ei overrasking at leiarar over heile verda følgjer det same manuskriptet når det gjeld politikk. Dei får instruksar frå sine globalistiske herrar som dei må følgje om dei vil behalde karrieren, inntekta og det dei trur er sine gode namn og rykte.

Dette er òg tilfellet med Canada sin statsminister Justin Trudeau, iallfall ifølgje halvbroren hans Kyle Kemper. I ein artikkel på Newspunch, meir enn antydar Kemper at Trudeau kan vere utsett for utpressing, og at eliten har noko på han som gjer at dei har han i si hole hand. Klaus Schwab, den Bond-skurk-aktige leiaren i World Economic Forum, har ved minst eitt høve skrytt over at hans Young Global Leaders infiltrerer og korrumperer regjeringar over heile verda. Dei har fått instruksar om å øydeleggje landa sine frå innsida.

Når det gjeld Trudeau spesifikt, seier Kyle Kemper at broren berre er ein marionett til Den nye verdsordenen, og at han tek ordrar direkte frå grupper slik som Council on Foreign Relations og Bilderberger, som alle er kontrollerte av World Economic Forum. Med Kemper sine eigne ord:

«Han [Trudeau] er ansiktet og den leiande talsmannen til den kanadiske regjeringa, men politikken og føretaka som driv den og som driv denne forteljinga som han held fram med å pushe, som etter mi meining er anti-fridom og anti-kanadisk, kjem frå høgste hald, frå grupper slik som World Economic Forum, Council on Foreign Relations og Bilderberg. Dei anerkjenner at dei lyt ha desse sterke agentane inni regjeringane, og éin ting vi har sett i regjeringar over heile verda, er svake leiarar som er i stand til å agere som talspersonar.»

Kemper seier rett ut at Trudeau sin katastrofale antifridoms-politikk ikkje representerer den han eigentleg er. Han blir rett og slett kontrollert av globale elitar:

«Han snakkar ikkje frå hjartet. Eg trur ærleg tala ikkje… det er ikkje skjult, der er ikkje nokon eigentleg diskusjon. Han får ikkje lov til å gå i dialog med Freedom Convoy og med desse folka, fordi der er mykje å ta tak i der og mange alvorlege spørsmål.»

Og vidare:

«Og når du òg ser på historia til folk som Jeffrey Epstein og kva rolla deira var, å fange menneske og utpresse dei, og du tenkjer på eit luksuriøst liv fullt av moglegheiter, gjer du feil og blir tvinga til å gjere noko gale.»

«Utpressing er eit svært kraftig verktøy.»

Kyle Kemper er ikkje kven som helst. Han er ikkje berre halvbroren til Justin Trudeau og sonen til Margaret Trudeau. Han er òg grunnleggjar og adm.dir. i Swiss Key, og tidlegare direktør og strategisk rådgjevar for Chamber of Digital Commerce Canada. Han har ein grad i marknadsføring frå Dalhouise University.

Éin ting er at Trudeau kan bli pressa til å handle i interessene til den globale eliten. Ein annan ting er at namnet hans kan knytast til pedofili. Christopher Charles Ingvaldson, ein årelang venn av Trudeau, erklærte seg skuldig i å ha skaffa seg tilgang til barnepornografi og oppbevaring av denne, i tillegg til å ha importert eller distribuert det. Han skal òg ha leia ein internasjonal pedofiliring. Ifølgje Royal Canadian Mounted Police har 11 medlemmer av pedofiliringen i tre land (Canada, Australia og Storbritannia) òg blitt arrestert i sine respektive heimland. Trudeau og Ingvaldson var romkameratar på college, og begge underviste ved West Point Grey Academy, ein privat kostskule i Vancouver. Trudeau hadde opphavleg planar om ein politisk karriere for vennen, men pedofiliskuldingane øydela dette.

Og so har vi Pierre Elliot Trudeau Foundation, ei stifting kalla opp etter Justin sin offisielle far Pierre, tidlegare statsminister. Logoen til stiftinga skulle visstnok til forveksling ha likna eit av symbola pedofile bruker for å kommunisere seg imellom, dette ifølgje ein e-post leken frå FBI til WikiLeaks. Logoen ser no ut til å ha blitt endra til noko som ikkje kan knytast til nokon kjende pedofilisymbol. Justin Trudeau var direkte involvert i stiftinga frå grunnlegginga i 2002 og til 2014, men har i dag ingenting med den å gjere på grunn av vervet som statsminister.

Pedofilielementet ser ut til å gå som ein raud tråd gjennom eliten sitt nettverk. Det er ikkje usannsynleg at dei har noko på Trudeau og andre «leiarar» i den vestlege verda, inkludert «vår» politiske leiing her i Noreg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s