Ei bombe av ein studie avslører: Å bli vaksinert mot covid fire eller fleire gonger resulterer i nesten fullstendig kollaps av immunforsvaret

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Skribent og tidlegare New York Times-reporter Alex Berenson seier at han sit på bevis frå ein studie som viser at covid-«booster»-vaksinar dyttar immunforsvaret over kanten, og forårsakar ein nesten fullstendig kollaps av immunfunksjonen.

I ein serie tweets skreiv Berenson at basert på funna i studien, burde ingen fleire booster-sprøyter bli stukne inn i nokon armar. (Relatert: Her er meir bevis for at covid-injeksjonar forårsakar AIDS.)

«Boosterar må stoppast straks. STOPPA. STRAKS. Stack er på veg,» skreiv Berenson, der Stack refererer til Substack-bloggen hans. «Der er ein ny artikkel. Det er ille. Kor ille? Eg har vist den til to legar so langt. Ein av dei sa at han ‘fekk anfall’ av å lese den. Den andre sa noko verre.»

Studien kjem frå Kina, som er der mange trur at Wuhan-koronaviruset (covid-19) hadde sitt opphav. Den viser at etter den fjerde injeksjonen – altso dei to primærsprøytene og to følgjande booster-sprøyter – er ligg immunforsvaret til ein person meir eller mindre nede for teljing.

Eit samandrag av studien forklarer at, trass at dei vart sleppte laus over heile verda under Operasjon Warp Speed, har covid-injeksjonar ingen kjent effektivitet og deira «potensielle biverknader forblir i stor grad ukjende». Dette i seg sjølv antydar at ingen burde ta desse injeksjonane.

Sidan mange allereie har gjort det, valde forskararar å samanlikne immunresponsen på kroppsvæske- og cellenivå på vaksine-boosterar (rekombinant-reseptor-bindande domene, eller RBD) i ein musemodell. Her er kva dei fann ut:

«Fleire vaksineboosterar etter det konvensjonelle vaksinasjonsforløpet minka betydeleg RBD-spesifikke antistoffkonsentrasjonar og serumnøytraliserande effektivitet mot Delta- og Omikron-variantar, og svekka djupt CD4+ og CD8+T-celleaktivering og auka PD-1 og LAG-3-uttrykk i desse T-cellene.»

«Mekanistisk bekrefta vi at vidare vaksinasjon med RBD-boosterar overstyrte det beskyttande immunminnet ved å fremje adaptiv immuntoleranse. Funna våre demonstrerer potensielle risikoar med den pågåande bruken av SARS-CoV-2-vaksineboosterar, noko som legg til umiddelbare implikasjonar for dei globale covid-19-vaksinasjonsforsterkingsstrategiane.»

Å bli «vaksinert» mot covid tydar å permanent øydeleggje immunforsvaret ditt

Eit uvaksinert immunforsvar, berre som ein liten bakgrunn, er programmert til å i seg sjølv avvise sjukdommar via ibuande immunitet. Under naturleg eksponering for eit patogen lærer naturleg immunitet å tilpasse seg, og skape eit passande nivå av adaptiv immunitet.

Det covid-sprøyter gjer, basert på desse funna, er å skade funksjonen til naturleg immunitet. Dei forstyrrar den ibuande adaptive immunbalansen, og gjer verten meir utsett for infeksjon – som går mot alt vi har blitt fortalt av «autoritetane» om desse sprøytene.

Skaden forårsaka av covid-injeksjonar går langt forbi berre antistoff, som fungerer som immunforsvaret sitt frontlinje-forsvar mot virus og bakteriar. T-celler, som tener som back-up til antistoff, blir òg skadde – tilsynelatande utan noka evne til å reparere.

Studien vart publisert utan særleg fanfare 22.desember 2022, i det fagfellevurderte tidsskriftet iScience. Den viser utvitydig, som Berenson rapporterer, at covid-boosterar – og eigentleg alle covid-sprøyter – er ein dødsdom for immunforsvaret.

«Vi oppdaga at dei beskyttande effektane av kroppsvæskeimmunitet og cellulær immunitet etablert av den konvensjonelle immuniseringa begge vart betydeleg svekka under det utvida vaksinasjonsforløpet,» innrømte forfattarane av studien.

Sjølv om mus vart brukte som forsøkskandidatar i staden for menneske, la forskarane til at dyra var genetisk endra for «å modellere nøyaktig den menneskelege responsen på koronaviruset», og hadde «omfattande likskapar med menneske i respons på SARS-CoV-2-infeksjonar».

«Vi ‘konspirasjonsteoretikarar’ visste om dette for fleire år sidan,» skreiv ein lesar i kommentarfeltet om avsløringane som denne nye artikkelen inneheld.

«Førestill dykk profitten som dei medisinske og Big Pharma-industriane kjem til å håve inn når alle har ein sjukdom eller kreft,» skreiv ein annan.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s