Av Calvin Freiburger, LifeSiteNews. Omsett av saksyndig.
Sjå òg «Stew Peters: ‘President Trump må be om orsaking for å pushe covid-dødssprøytene’», publisert 21.januar 2023.
mRNA-teknologi-pioner og framtredande kritikar av covid-19-etablissementet, dr. Robert Malone, erklærte at han ikkje kan støtte tidlegare president Donadl Trump sitt forsøk på å vende tilbake til Det kvite hus so lenge kandidaten held fram med å støtte covid-19-vaksinane som administrasjonen hans stod bak.
Under eit intervju på Real America’s Voice spurde programvert David Brody om Trump ville «anerkjenne at covid-19-vaksinane ikkje var so trygge og effektive som vi vart fortalt av det medisinske samfunnet på den tida», og siterte det amerikanske Centers for Disease Control and Prevention (CDC) si nylege erkjenning av at dei etterforskar ein mogleg samanheng mellom den bivalente Pfizer-BioNTech-vaksinen og iskemisk slag for mottakarar i alderen 65 og oppover. (Byrået sa seinare at samanhengen var «særs usannsynleg».)
Som respons dura Trump i veg i eit sjølvgratulerande forsvar av covid-sprøytene, som vart utvikla og sleppt laus i løpet av ein brøkdel av tida det vanlegvis tek å utvikle vaksinar, under hans Operasjon Warp Speed-føretak. «Eg greidde å få noko godkjent som, du veit, har vist seg å redde ein bråte med liv,» sa han. «Somme seier at eg redda 100 millionar liv over heile verda.»
«Du må forstå, der er fordelar og bakdelar,» sa presidenten vidare. «Somme rapportar [seier] at det er det største som nokosinne har skjedd, og vi redda fleire tiltals millionar liv. So les du andre rapportar [som] seier at der var nokre problem med vaksinen… men relativt små tal.»
«Men, du veit, du har mange rapportar som seier at vaksinane redda fleire titals millionar liv,» gjentok Trump. «At utan vaksinane ville du ha ei greie… der kanskje 100 millionar døydde.»
Svaret hans fall ikkje i god jord hjå Malone, som støtta ei erklæring om at «Dette vil ikkje få han [Trump] valt. Eg er ute,» frå dr. Brian Tyson. Han følgde opp med å avsløre at han ein gong spelte inn ein video meint til å oppmuntre Trump til å endre meining om temaet, men at det hadde «ingen påverknad».
Trass forsikringane frå den tidlegare presidenten og CDC, gjenstår det rikeleg med grunn for bekymring rundt tryggleiken til covid-sprøytene.
Den føderale regjeringa sitt Vaccine Adverse Event Reporting System (VAERS) rapporterer 33 591 dødsfall, 188 857 sjukehusinnleggingar, 18 181 hjarteinfarkt og 26 166 tilfelle av myokarditt og perikarditt per 6.januar [2023]. Ein israelsk studie frå april [2022] indikerer at covid-infeksjon åleine ikkje han forklare slike myokarditt-tilfelle, trass påstandar om det motsette. Sprøyte-forsvararar er raske med å leggje fokus på at rapportar leverte inn til VAERS er ubekrefta, sidan alle kan sende inn ein, men CDC-forskarar har anerkjent ein «høg verifiseringsrate av rapportar av myokarditt til VAERS etter mRNA-basert covid-19-vaksinasjon», som har ført til konklusjonen om at «underrapportering er meir sannsynleg» enn overrapportering.
Vidare er ikkje VAERS den einaste datakjelda som inneheld raude flagg. Data frå Pentagon sin Defense Medical Epidemiology Database (DMED) viser at det i 2021 var drastisk auke i ei rekkje diagnosar for alvorlege medisinske problem over det tidlegare femårs gjennomsnittet, inkludert høgt blodtrykk (2181%), nevrologiske lidingar (1048%), multippel sklerose (680%), Guillain-Barré-syndrom (551%), brystkreft (487%), kvinneleg ufruktbarheit (472%), lungeembolisme (468%), migrene (452%), dysfunksjon i eggstokkane (437%), testikkelkreft (369%) og takykardi [for rask hjarterytme; oms.an.] (302%).
I september [2022] publiserte Japanese Society for Vaccinology ein fagfellevurdert studie utført av forskarar frå Stanford, UCLA og Universitetet i Maryland, som avdekte at «Pfizer-forsøk viste ein 36% høgare risiko for alvorlege biverknader i vaksinegruppa» medan «Moderna-forsøket viste 6% høgare risiko for alvorlege biverknader i vaksinegruppa» for ein kombinert «16% høgare risiko for alvorlege biverknader hjå mRNA-vaksine-mottakarar.»
I desember var den republikanske senatoren Ron Johnson frå Wisconsin vert for ein rundbordsdiskusjon der sivilrettsadvokat Aaron Siri la ut i detalj data frå CDC sitt V-Safe-rapporteringssystem, som avslørte at 800 000 av systemet sine 10 millionar deltakarar, eller rundt 7,7% rapporterte at dei trong medisinsk omsorg etter covid-injeksjon. «25% av dei menneska trong naudhjelp eller vart sjukehusinnlagt, og 48% søkte akuttomsorg,» la Siri til. «I tillegg rapporterte 25% på toppen av dei 7,7% at dei var ute av stand til å gå på jobb eller skule.»
Ein annan studie av eit team av amerikanske, britiske og kanadiske forskarar, publisert 5.desember [2022] i Journal of Medical Ethics, avdekte at covid-booster-påbod for universitetsstudentar – ei relativt frisk gruppe med relativt låg risiko for viruset – gjer langt meir vondt enn godt: «per unngåtte covid-19-sjukehusinnlegging, forventar vi minst 18,5 alvorlege biverknadshendingar frå mRNA-vaksinar, inkludert 1,5-4,6 booster-assosierte tilfelle av myokarditt hjå menn (som typisk krev sjukehusinnlegging).»
Trumps vedvarande støtte av covid-vaksinane, som er den einaste større saka blant hans meritt som president som ikkje har blitt anten reversert av Biden-administrasjonen eller fått motbør av konsernmedia, er med god margin det som har størst risiko for å øydeleggje hans 2024-kampanje.
Sidan han forlét presidentembetet har han gjentekne gonger fremja dei, inkludert å insistere at, som «noko av det største menneskeheita har oppnådd», ville dei ikkje ha vore kontroversielle dersom han framleis var president, og å skulde hans nølande støttespelarar for å «spele rett inn i deira [venstresida] hender»; alt dette medan han understrekar at han aldri støtta å gjere dei obligatoriske.
Den konsekvent negative mottakinga som denne bodskapen fekk overbeviste tydelegvis Trump om å droppe temaet i mange av rallya hans, sjølv om han so nyleg som juli 2022 klaga over at «vi gjorde so mykje når det gjaldt terapiformer og eit ord eg ikkje har lov å nemne. Men eg er framleis stolt over det ordet, fordi vi gjorde noko på ni månader som det skulle ta fem til 12 år å gjere. Ingen andre kunne ha gjort det. Men eg nemner det ikkje framfor folket mitt.»
Trumps antekne hovudkonkurrent for den republikanske presidentnominasjonen, Florida-guvernør Ron DeSantis, tok fyrst ein liknande ståstad om å fremje vaksinane medan han gjekk mot påbod, sjølv om ståstaden hans endra seg betydeleg etter kvart som meir data vart tilgjengelege. I meir enn eit år har han og administrasjonen hans snakka ut om ineffektiviteten til sprøytene, og dei siste månadene har administrasjonen hans utført sin eigen studie, som konkluderte at unge menn ikkje burde ta dei, og pressa på for ei storjury-etterforsking av produsentane.