iNyheter har etter oppkjøpet av Resett-domenet no mellom 25 000 og 30 000 lesarar per dag, ifølgje redaktør Helge Lurås

20.januar 2023 leverte Helge Lurås, ansvarleg redaktør for iNyheter, ein statusrapport for denne nettavisa. iNyheter vart lansert 28.august 2022 (i Saksyndig-artikkelen står det 25.august), og nokre månader seinare gjekk Resett, som Lurås òg var med på å stifte tilbake i 2017, konkurs. Han kjøpte opp domenet resett.no 21.desember 2022, og sidan den tid har trafikken frå det domenet blitt ruta over til inyheter.no. Lurås kjøpte domenet på auksjon for 70 000 kroner etter at selskapet som eigde Resett, Grafen AS, hadde lagt domenet og dei tilknytte artiklane ut for sal.

Ein månad etter oppkjøpet av resett.no evaluerer Lurås dei ymse dataa til iNyheter. Ifølgje han ser det ut til at overtakinga av domenet – og at Resett forsvann som ein konkurrent til «folks oppmerksomhet» – «omtrent har doblet lesertrafikken til iNyheter.no.» Nettavisa ligg no på 25 000 til 30 000 unike brukarar/lesarar per dag – heilt oppe i 50 000 for populære enkeltsaker. Månadstala ligg for tida på om lang 380 000 unike brukarar. Målet er å kome over 40 000 unike brukarar dagleg som gjennomsnitt i løpet av det neste året.

iNyheter har i skrivande stund om lag 450 abonnentar. Til saman hadde Resett 2700 på det meste. Årsprisen på abonnement er 695 kroner, månadsprisen er 139 kroner. Dette var vesentleg lågare enn Resett hadde.

Som eit fritt og uavhengig medium får ikkje iNyheter pressestøtte. Dei opererer med eit budsjett på 3 til 3,5 millionar i året. Til samanlikning får Klassekampen 40 millionar i året berre i pressestøtte. I motsetnad til då han var redaktør i Resett, har Lurås gjeve opp å søkje om pressestøtte. Med hans eigne ord: «Det er å kaste bort tiden. Vi får heller rendyrke et utenforskap og stå fullstendig uavhengig av alle tilpasninger til stat, myndigheter og de politisk korrekte gammelmediene i dette landet.»

I tillegg til å produsere rundt 14-18 artiklar om dagen, har iNyheter òg ein podcast der Lurås intervjuar folk.

I likskap med Resett har iNyheter òg eit kommentarfelt. Ein kan velje om ein vil sjå kommentarfeltet ved å trykkje på ein knapp under kvar artikkel. På Resett hadde Lurås gjort eit bevisst val om å ikkje inkludere kommentarfelt i saker frå NTB. Denne praksisen er heldigvis fråverande på iNyheter. Han skriv at iNyheter får inn mellom 1600 og 1900 kommentarar dagleg. Til samanlikning hadde Resett på det meste eit snitt på 2200 til 2500 kommentarar dagleg. Med eit snitt på meir enn 100 kommentarar per artikkel, skal iNyheter ifølgje Lurås vere det «desidert mest aktive kommentarfeltet i Norge». Det er ikkje førehandsmoderering av kommentarar. Dette føreset naturlegvis at folk i det minste prøver å halde ein sømeleg tone.

Kort fortalt har iNyheter hatt større lesarvekst enn forventa, men Lurås forventar òg meir vekst i tida framover:

«Strengt tatt er det ingen god grunn til at vi ikke skulle kunne få flere hundre tusen daglige lesere hvis folk bare blir klar over oss. Nordmenn er vanedyr og leser fortsatt nettsidene til VG, Dagbladet, NRK, TV2 og Nettavisen i et stadig kjør. Men vil de ha reell variasjon, burde de komplementere med å besøke iNyheter også.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s