Av Richard Abelson, The Gateway Pundit, 20.januar 2023. Omsett av saksyndig.
Tucker Carlson slo med storsleggja i går [19.januar 2023] når det gjeld den «permanente djupstaten», der han sa at CIA faktisk stod bak Richard Nixon sitt fall på grunn av Watergate, gjennom ein tidlegare etterretningsoperativ ved namn Bob Woodward som «kom direkte frå dei hemmelegstempla områda av den føderale regjeringa».
Tucker Carlson på Fox News [transkripsjonen byrjar 6:54 i videoen; oms.an.]:
Dersom de verkeleg ønskjer å skjøne korleis den amerikanske regjeringa faktisk fungerer på dei høgste nivå, og dersom de ønskjer å vete kvifor dei ikkje underviser historie lenger, er éin ting de burde vete at den mest populære presidenten i amerikansk historie var Richard Nixon. Richard Nixon. Likevel, på ein eller annan måte, utan at ei einaste stemme vart avlagt av nokon amerikanar, vart Richard Nixon sparka ut av embetet og erstatta av den einaste ikkje-valde presidenten i amerikansk historie. So vi gjekk frå den mest populære presidenten til ein president ingen stemde på. Vent no litt, spør de sikkert, kvifor visste eg ikkje det? Var ikkje Richard Nixon kriminell?
Vart han ikkje avskydd av alle sømelege menneske? Nei, det var han ikkje. Faktisk, om nokon president kunne hevde å vere folkets val, var det Richard Nixon. Richard Nixon vart gjenvalt i 1972 med den største marginen av folkestemmer som nokosinne er registrert, både før og seinare. Nixon fekk 17 millionar fleire stemmer enn motkandidaten. Mindre enn to år seinare var han vekke. Han vart tvinga til å trekkje seg og i staden for han kom der ein lydig tenar av dei føderale byråa ved namn Gerald Ford og tok over Det kvite hus.
Korleis skjedde det? Vel, det er ei lang historie, men her er høgdepunkta og dei seier mykje. Richard Nixon trur at element i det føderale byråkratiet arbeidde med å underminere det amerikanske styresettet, og at dei hadde drive med det lenge. Han sa ofte det. Han hadde absolutt rett. 23.juni 1972 møtte Nixon dåverande CIA-direktør Richard Helms i Det kvite hus. Under samtalen, som heldigvis vart spelt inn, antyda Nixon at han visste «kven som skaut John», altso president John F. Kennedy. Nixon impliserte vidare at CIA var direkte involvert i attentatet på Kennedy, som vi no veit dei var. Kva var Helms sin avslørande respons? Total stillheit, men for Nixon spelte det inga rolle fordi det allereie var over. Fire dagar tidlegare, 19.juni, hadde Washington Post publisert den fyrste av mange artiklar om eit innbrot i Watergate-kontorbygningen.
Ukjent for Nixon og ikkje rapportert av Washington Post, arbeidde fire av dei fem innbrotstjuvane for CIA. Den fyrste av mange uærlege Watergate-historier vart skrivne av ein 29 år gammal metro-reporter ved namn Bob Woodward. Kven var eigentleg Bob Woodward? Vel, han var ikkje ein journalist. Bob Woodward hadde ingen som helst bakgrunn i nyheitsbransjen. I staden kom Bob Woodward direkte frå dei hemmelegstempla områda av den føderale regjeringa. Kort tid før Watergate var Woodward marineoffiser i Pentagon.
Han hadde topphemmeleg klarering. Han arbeidde jamleg med etterretningsbyråa. Til tider var Woodward til og med utkommandert til Nixons Kvite hus, der han samhandla med Richard Nixon sine toppassistentar. Kort tid etter at han forlét marinen, for grunnar som aldri har blitt spesifisert, vart Woodward hyra av den mektigaste nyheitsformidlaren i Washington og tilknytt den største historia i landet. Berre for å gjere det krystallklart kva som skjedde, var Woodward si hovudkjelde for Watergate-serien sin visedirektøren i FBI, Mark Felt, og Mark Felt leia – og dette diktar vi ikkje opp – FBI sitt COINTELPRO-program, som vart utvikla til å hemmeleg diskreditere politiske aktørar som dei føderale byråa ønskte å øydeleggje – folk som Richard Nixon. Og på same tida arbeidde desse same byråa òg med å felle Nixons visepresident, Spiro Agnew. Hausten 1973 vart Agnew sikta for skatteunndraging og tvinga til å gå av. Erstatninga hans var ein fargelaus kongressmann frå Grand Rapids ved namn Gerald Ford.
Kva var Ford sine kvalifikasjonar for jobben? Vel, han hadde tent i Warren-kommisjonen, som frikjende CIA frå ansvaret for mordet på president Kennedy. Nixon vart tvinga til å godkjenne Gerald Ford av Demokratar i Kongressen. «Vi gav ikkje Nixon noko anna val enn Ford,» skrytte Speaker-en i Huset Carl Albert seinare over. Åtte månader seinare var Gerald Ford frå Warren-kommisjonen president i USA. Ser de korleis dette fungerer? Dette er fakta, ikkje spekulasjonar. Alt dette skjedde faktisk. Ingenting av dette er hemmeleg. Det meste av det er faktisk på Wikipedia, men ingen hovudstraums-nyheitsorganisasjonar har nokosinne fortalt den historia. Det er so openbert, men blir likevel bevisst ignorert. Og som eit resultat styrer permanente Washington stadig vårt politiske system.
Ikkje-valde livstidstilsette i føderale byrå tek dei største avgjerdene i den amerikanske regjeringa og knuser alle som prøver å leggje føringar på dei, og i prosessen blir demokratiet vårt ein vits. No, de kan ha lagt merke til at den aller fyrste personen i Trump-administrasjonen som byråa gjekk etter, var general Michael Flynn. Kvifor Flynn? Fordi Mike Flynn var ein karriere-etterretningsoffiser i hæren som styrte Defense Intelligence Agency [«byrå for forsvarsetterretning»]. Med andre ord visste Mike Flynn nøyaktig korleis systemet fungerte, og som eit resultat var han i stand til å kjempe tilbake. Fire dagar etter at Trump vart svoren inn, lurte FBI Mike Flynn til eit møte utan advokaten hans, dikta i hop ei rekkje falske brotsverk og tvinga han til å gå av.
So dette er korleis ting eigentleg fungerer i Washington. Lat oss stoppe å lyge om det. I mellomtida gaula Joe Biden som ein hyene då Justisdepartementet øydela Mike Flynn. So vi må innrømme at der er ei viss pervers rettferd i sjå noko svært liknande skje med Joe Biden sjølv seks år seinare. Joe Biden fortener ikkje sympatien vår. Han blir lurt trill rundt, men ikkje fell tårer for han – og resten av oss fortener vitterleg eit betre system, eit reelt demokrati. Når folk som ingen stemde på styrer alt, lever de ikkje i eit fritt land.