Av Paul Craig Roberts, 21.januar 2023. Omsett av saksyndig.
Sjå òg «Tucker Carlson: CIA felte Nixon fordi han ville vete kven som drap Kennedy – Woodward vart planta av etterretningsbyrået», publisert 22.januar 2023.
Tucker Carlson leverer ein glimrande 12-minutts rapport om korleis CIA fjerna president Kennedy og president Nixon. Eg tilrår deg å sjå den to eller tre gonger til innhaldet søkk inn, og at du sender den til alle venner og slektningar. Der finst ingen annan stad du kan få so mykje solid og viktig informasjon på 12 minutt.
Carlson trur at Biden, som etablissementet ikkje lenger har bruk for, i skrivande stund er i ferd med å bli fjerna.
Eg har rapportert sanninga om fjerninga av presidentane Kennedy og Nixon frå embetet i fleire tiår. Det var spennande for meg å etter eit halvt hundreår sjå Tucker Carlson gje dei same forklaringane til slikt eit digert publikum. Om amerikanarane berre kunne vakne opp og bli involvert, kunne det kanskje ha vore mogleg å redde landet og fridommen til amerikanarar.
President John F. Kennedy vart myrda av CIA og Den militære sjefsnemnda [presidenten sine militære rådgjevarar; oms.an.] so fort han innsåg at regjeringa som han styrte ikkje var den ekte regjeringa. Forgjengaren, president Eisenhower, ein femstjerners general, åtvara om trugselen mot den demokratiske regjeringa som det militær-industrielle komplekset utgjer. President Kennedy hadde tenkt å gjere noko med det medan presidenten framleis hadde noko makt, men han vart styrta før han kunne gjere særleg meir enn å sparke CIA-direktør Allen Dulles og leiaren i Den militære sjefsnemnda, general Lyman Lemnitzer. President Kennedy var ikkje i stand til å bli kvitt general Lemnitzer, som gjekk over til å bli Supreme Allied Commander i NATO. Både Dulles og Lemnitzer er mistenkte for å leie plottet mot Kennedys liv.
Presidenten var den presidenten som var best informert og mest respektert i utlandet av nokon andre presidentar i USA si historie. Han heldt kontakt med utanlandske leiarar og var velinformert om historiske og samtidshendingar. Men han, i likskap med Kennedy og Trump, overvurderte òg makta til presidenten.
Nixon – som eg skreiv 19.januar – pådrog seg vreiden til militær-/tryggleikskomplekset med sin våpenkontrollavtale med Sovjetunionen og si opning mot Kina. Attentatet på president Kennedy var so openbert eit innsidemord, dekt opp av mediehorene til CIA og Warren-kommisjonen, at CIA ikkje våga å myrde ein andre president. I staden sytte CIA føre at ein av deira operative vart installert som journalist i Washington Post, som lenge hadde vore ein CIA-ressurs, aldri ei avis, for å leie «Watergate»-etterforskinga av president Nixon som vart brukt til å fordrive han frå embetet, trass at Nixon vart gjenvalt med den største marginen i amerikansk historie.
Donald Trump, som var ein eigedomsmogul, visste ingenting om Washington eller kven som eigentleg styrte der. Ved å erklære sin intensjon om å normalisere forholdet til Russland, vende han seg blindt mot CIA og dei underjordiske herskarane av USA. Og igjen vart media brukt for å bli kvitt han: «Russiagate», to forsøk på riksrett, «6.januar-opprøret», og no «Documents gate».
Presidenten blir ikkje eingong beskytta av Secret Service. Som turistvideoen tydeleg viser, vart Secret Service-mennene langs sida av president Kennedy sin opne limousin i Dallas kalla vekk av ein Secret Service-overordna. Videoen viser at ein av Secret Service-agentane gjer motstand mot ordren. So fort Secret Service-agentane vart fjerna, viser videoen at Kennedy vart drepen av ei kule framme som blåste ut baksida av hovudet hans. Videoen viser at kona strekkjer seg mot bakdelen av limousinen for å få tak i den utblåsne baksida av hovudet hans.
Trass dette klare, unektelege beviset, avgjorde Warren-kommisjonen at Kennedy vart skoten bakfrå av Oswald, syndebukken som CIA hadde valt ut for å ta på seg skulda. Før Oswald kunne snakke ut eller bli avhøyrt, vart han drepen i politiets varetekt av Jack Ruby (Jacob Leon Rubenstein), ein person som det var heilt uforklarleg at var til stade der, som fekk lov av politiet til å vere væpna i nærleiken av Oswald.
Mesteparten av den ubekymra, likegyldige amerikanske befolkninga fall for denne forteljinga, den mest usannsynlege av dei alle, men mange intelligente menneske gjorde det ikkje. So CIA våga ikkje å myrde Nixon fysisk. Dei brukte ressursen sin i Washington Post til å myrde han politisk, slik dei brukte media for å bli kvitt Donald Trump.
Amerikanarar som trur dei lever i eit demokrati er ute på bærtur. Amerikanarar, som so lett har late seg lure igjen og igjen, er grunnen til at vi har mist landet vårt og det håpet som det ein gong i tida representerte i verda.
Kor mange amerikanarar skjøner at dei ikkje lenger bur i eit fritt land, at dei er dei herska over undersåttane til kven veit? Røysting er ei kappe, eit bedrag. Ingen som folket føretrekkjer kan bli valt til president. Dersom han, som Trump, hamnar der uventa, blir han fjerna.
Grunnleggjaren av amerikansk sivil fridom, Thomas Jefferson, åtvara oss at fridom ikkje kan eksistere meir enn 200 år før den må bli oppfriska av blodig revolusjon. Han overvurderte livsløpet til fridom.
I løpet av livet mitt har tydinga til fridom endra seg. Det tydar ikkje lenger det Grunnlovsfedrane, som i dag blir fordømt som rasistar, oppfatta det som, som var sjølvstyre og fridom frå ein undertrykkjande stat. I dag er fridom svarte sin fridom til å rane butikkar utan å bli straffeforfølgt, fridommen som staten og mediehorene deira har til å sensurere og undertrykkje sanning, ytringsfridom og fri tilknyting, fridommen til staten å arrestere og fengsle dei som utøver sine sivile fridommar som «opprørarar», fridommen til staten og deira mediehorer til å stemple sanningsforteljarar som «trugslar mot demokratiet» som er skuldige i å spreie «feilinformasjon», fridommen til å fjerne autorisasjonane til legar som redda liv ved å bruke medisinar som var forbodne av Big Pharma sine behandlingsprotokollar.
Folk som er fødd i seinare tiår har inga aning om kor vanvitig dette er for nokon som budde i det ekte USA i fortida. Når min generasjon går bort vil der ikkje vere nokon i live som veit kva USA ein gong var.