Av Sean Adl-Tabatabai, Newspunch. Omsett av saksyndig.
Sør-Afrika vurderer å forby covid-19-vaksinar på grunn av det hittil usette talet dødsfall og biverknader forårsaka av mRNA-sprøytene.
Store tal medisinske ekspertar i heile landet krev at regjeringa set i gang hasteetterforsking av sambandet mellom covid-sprøyter og plutselege dødsfall i befolkninga.
eNews Channel Africa intervjua sist veke Transformative Health Justice-forkjemparar Shabnam Mohamed og Sabelo Sibanda, som sa at gruppa deira prøver å beskytte barn frå å få ein vaksine som potensielt kan skade dei.
Infowars.com rapporterer: Sibanda, som diskuterte bekymring rundt vaksinane, forklarte:
«Der er ein høg auke av pasientar som rapporterer til legar om ymse manifeste symptom som, so langt legane seier, er uforklarlege. Og fellesnemnaren er at dette skjer hjå menneske som har teke sprøyta. Med ‘teke sprøyta’ meiner eg dei som har teke den sokalla Covid-19-vaksinen. Dei er dei som visseleg har byrja å manifestere desse medisinske tilstandane som gjev grunn til bekymring. Og so no seier vi at på grunn denne auken som legane rapporterer, er det naudsynt å ikkje eksponere fleire menneske til risikoen for å lide av dei same tilstandane dersom dette fann stad over heile linja – altso linja mellom dei som har teke sprøyta og dei som ikkje har det – då ville vi ikkje ha valt denne typen tilnærming. Grunnen til at vi tek denne tilnærminga, er at desse tilstandane er spesifikke for dei som har teke sprøyta og ingen andre, og fleire og fleire går til legen med desse tilstandane.»
Gruppa prøver å få saka si mot sprøytene høyrt av det sørafrikanske helsedepartementet, som dei håper vil stoppe massevaksinasjonskampanjen medan ei etterforsking kan utførast.
Den sørafrikanske gruppa si utfordring mot vaksineplanen vart fremja av den britiske kardiologen dr. Aseem Malhotra, som har oppmoda Storbritannia om å stoppe sprøytene basert på si eiga forsking rundt alvorlege biverknader.