Av Martin Armstrong, 26.januar 2023, Armstrong Economics. Omsett av saksyndig.
Kommentar:
Hei, Marty
Eg lurer på om bakdelen med den amerikanske okkupasjonen av Europa sidan Andre verdskrig og amerikansk subsidiering av militærhjelp har produsert ein pasifisme-kultur. Tyskland sin motvilje mot å forsyne Ukraina med stridsvogner antydar andre motiv.
Media fokuserer meir på Russland og intern dissens mot Putin. Ein les om avhopping og menn som prøver å sleppe unna verneplikta. Det ekte symptomet er forvitringa av NATO og det amerikanske oppdraget i Europa.
Eg tviler sterkt på at europearar vil ha krig. Desse militæralliansane døyr over tid. Med mindre der er ein oppfatta militær trugsel, ser NATO ut til å vere ein etterleivning slik som Maginotlinje-forsvarsverket i Frankrike for fleire tiår sidan.
Sovidt eg kan erindre, har ingen militærallianse nokosinne vart lenge. Dei døyr vanlegvis av krigføring eller tid. NATO lever no på lånt tid. Eg trur dei vil døy dette tiåret.
MS
Svar [frå Martin Armstrong]:
NATO er problemet. Russland og folket deira har ingen ønske om å invadere Europa. Tida med kommunisme og spreiinga av den som ei religiøs sekt er over, bortsett frå i Vesten der sosialisme er den valde maktmetoden til staten, og som den bruker for å halde folk avhengige av den makta, nøyaktig slik kommunismen fungerte. Trass det faktum at kommunismen kollapsa fordi den var so ineffektiv og frårøva folket fridommen til å fantasere, og nysgjerrigheita som er frøet i eit framstegsretta samfunn. Utan den fantaseringsfridommen og nysgjerrigheita til å oppdage nye ting, forvitrar samfunnet og døyr.
Dei nykonservative ser berre hat og krig. John McCain møtte openlyst nynazistane i Ukraina og lovde dei midlane til å øydeleggje Russland. Ingen tenkjer p folket. Det er alltid dette ideologiske føretaket til å øydeleggje ein motstandar som om dette var ein romersk gladiator-konkurranse der dei kjempa til døden. Dei forventar at folket ytrar dei same orda «vi som skal døy helsar dykk».
NATO er ein etterleivning. Dei har ingen føremål med mindre dei kan konstant argumentere at Russland er fienden som vil erobre heile Europa om NATO ikkje er der. For meg er dette det same som at Aten kravde tributt [avgift; oms.an.] frå greske byar som vart Delian-ligaen. Den alliansen av greske bystatar styrt av Aten vart danna i 478 f.Kr. som eit forsvar mot ein «mogleg» hemninvasjon frå Persia etter dei greske sigrane ved Maraton, Salamis og Plataea i det 5.hundreåret f.Kr.
Persarane prøvde seg aldri igjen på ein slik invasjon. Men Aten utpressa dei greske bystatane og flytta den sentrale statskassa frå Delos til Aten og brukte all den tributten til å byggje store monument i Aten. USA er som Aten. Dei slo dei tyske nazistane slik Aten slo persarane. Vi skapte NATO for å då forsvare oss mot dei russiske kommunistane, men har støtta dei ukrainske nynazistane heilt sidan den gong og beskytta dei frå kvar ei forfølging.
Den atenske utnyttinga førde til misnøye, og mange slutta seg difor til Sparta for å gå til åtak på Atens arroganse. Det var då Persia støtta Sparta for å slå Aten i 404 f.Kr. Spørsmålet er heller ukvast. Vil historia gjenta seg sjølv, og vil Russland slutte seg til Kina for å ta ned Vestens arroganse og få Stoltenberg til å ete i seg sine eigne ord – «våpen er vegen til fred»? Orsak, men Roma viste oss vegen til fred – inkludering og handel. Vesten har gjort ingenting anna enn å avvise Russland frå å gå inn i den vestlege økonomien. So fort folket er avhengig av handel, er det det som skaper fred – aldri våpen.
Aten fall i 404 f.Kr. Kostnaden av å forsvare seg sjølv mot Sparta støtta av Delian-ligaen og Persia førde til kvalitetslågning av mynteininga då det vart mindre av sølv. Naudløysinga vart bronse kledd med sjølv. Den vanlegaste mynteininga vart drakmen – kvalitetslågna til det. Dersom historia gjentek seg, vil pengesystemet til Vesten kollapse på liknande måte i det dei lèt det regne uberettiga pengar på Ukraina – ei regjering oppslukt av hat. Fred vil berre kome når det ukrainske folket styrtar Zelensky og vaknar opp og innser at dei rett og slett blir ofra i hatkrigen mot Russland som er driven av propaganda.
Berre høyr på propagandaen som Finlands statsminister spreiar; ho er òg førebudd på å ofre sitt eige folk på alteret til dei nykonservative. [videoen kan sjåast i originalartikkelen; oms.komm.]
NATO har ingen føremål om det er fred. Akkurat som oldtids-Aten må dei alltid skremme folket og påstå at Russland ønskjer å invadere og erobre Europa. Det russiske folket vil ikkje ha krig meir enn folket i Europa, og europearar ønskjer ikkje å erobre Russland. NATO vil hindre fred for kvar ein pris, og bruk av våpen lèt dei behalde jobbane sine og spreie propaganda for å halde på posisjonen sin. Hater som ligg og bryggjar vil vere slutten på vestleg kultur akkurat som den Peloponneskrigen underminerte Aten og lét dei bli erobra av Makedonia.