WHO innfører ei global pasientfil

Henta frå Free West Media. Omsett og noko forkorta av saksyndig.

WHO har innført ei global pasientfil der vaksinerte og uvaksinerte vil bli innkoda i framtida.

Offisielt er korona knapt nok eit tema lenger, og i dei fleste land blir dei fleste «hygienetiltak» ikkje lenger handheva. For eliten i World Economic Forum (WEF) som nyleg samla seg i Davos, er The Great Reset derimot langt frå over. Heller er inntrykket at WEF-sjef Klaus Schwab og gjestene hans allereie er opptekne med å planleggje den neste «pandemien».

I ein samtalerunde i WEF, var Storbritannia sin tidlegare statsminister Tony Blair forkjempar for behovet for digital registrering av vaksinasjonsstatus. Han annonserte «komande vaksinar» som vil bestå av fleire injeksjonar.

Blair sa bokstavleg tala: «De må vete kven som er vaksinert og kven som ikkje er det. Nokre av dei komande vaksinane vil krevje fleire injeksjonar, so, ut av generelle folkehelsegrunnar, men spesifikt for ein pandemi, for vaksinar, må de ha ein skikkeleg digital infrastruktur, og mange land, faktisk dei fleste land, har ikkje den infrastrukturen.»

Blair sitt krav er spesielt eksplosivt mot den bakgrunnen at Verdas helseorganisasjon (WHO) for tida driv og pushar i veg mot den fullstendige digitaliseringa av verdsomspennande pasientfiler utan særleg fanfare. Det nye klassifiseringssystemet ICD-11 har vore i bruk i WHO sidan januar 2022, og erstatta den tidlegare utgåva ICD-10.

Ifølgje WHO-informasjon inkluderer den 17 000 kodar for skadar, sjukdommar og dødsårsaker, som igjen er delt i meir enn 120 000 underkategoriar med sine eigne kodar. Ved å bruke kodekombinasjonar kan «meir enn 1,6 millionar kliniske situasjonar» no bli koda.

Og, for fyrste gong og i samsvar med Blair sitt krav i Davos, vil vaksinasjonsstatus òg bli registrert og tilskriven kode. Der finst tre kodar for dette: Z28.310 for «uvaksinert mot covid-19», Z28.311 for «delvis vaksinert mot covid-19» og Z28.39 for «anna under-immunisering».

I USA har det føderale byrået Centers for Medicare and Medicaid (CMS [«senter for medisin-omsorg og -hjelp»]) allereie innført WHO sin digitale diagnosekode for dei covid-vaksine-fri.

Sidan januar 2023 har dei vore tilgjengelege for nesten alle medisinske praksisar og sjukehus. I Tyskland kan dei to programversjonane ICD-10 og ICD-11 framleis bli brukt parallelt i ein overgangsperiode på fem år. «Fram til ICD-11 er innført i Tyskland, vil enkrypsjon halde fram i samsvar med ICD-10,» erklærte den tyske regjeringa.

Dette tydar at den digitale vaksinasjonsstatusen, som vart sentralverktøyet for bevegelseskontroll under «pandemien», ikkje på nokon måtar er ute av reknestykket. WHO sitt globale pasientklassifikasjonssystem ICD-11 vil ta over funksjonen i framtida.

Endelause sprøyter

I mellomtida forklarte multimilliardæren Bill Gates i eit intervju at dei noverande «vaksinane» verken hindrar infeksjon eller fungerer mot nye variantar eller beskyttar sårbare grupper.

Gates snakka med Lowy-instituttet, ein australsk tenkjetank.

I videoen forklarer Gates at det var naudsynt å fikse «dei tre vaksineproblema». Ifølgje den finansielle støttespelaren til covid-bløffen, er desse: «Noverande [covid-]vaksinar er ikkje anti-infeksiøse. Dei er ikkje breispektra. So, når nye variantar dukkar opp, misser du beskyttelsen og dei har særs kort handlingsvarigheit, spesielt hjå dei som speler ei rolle, nemleg eldre […].»

Gates brukte dette som ei orsaking til å introdusere fleire sprøyter. Ideen om endelause sprøyter vart bekrefta av ei bombe av ein rapport der ein Pfizer-direktør innrømte at selskapet hans eksperimenterte med muterande virus for å selje fleire vaksinar.

Pfizers Director of Research and Development, Strategic Operations – mRNA Scientific Planner Jordon Trishton Walker, vart i ein undercover-video teken på fersken i å innrømme at selskapet dreiv og eksperimenterte med covid-virusmutasjonar. Innrømmingane hans vart spelte inn av Project Veritas.

Ifølgje den Pfizer-tilsette: «same kva, det kjem til å bli ei pengeku, covid kjem til å vere ei pengeku for oss».

Denne oppsiktsvekkjande samtalen er bevis for den sanne naturen til farmasøytiske selskap, som øydelegg helsa til borgarar for å oppnå profitt og kontroll.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s