Av Ramon Tomey, Natural News. Omsett av saksyndig.
Ein heil haug med e-postar indikert i ei rettsleg begjæring avslørte dei djupe banda mellom den avdøde seksualforbrytaren Jeffrey Epstein og den tidlegare leiaren i JPMorgan Chase og Barclays.
E-postane var del av eit søksmål begjært av regjeringa på dei amerikanske Jomfruøyane (USVI) mot bankkjempa JPMorgan Chase, der tidlegare Barclays-leiar Jes Staley arbeidde i 34 år. Han vart leiar i JPMorgan Chase i 2009, men gjekk ut i 2013. Han vart seinare tilsett som leiar i den britiske finanskjempa i 2015.
Ifølgje begjæringa utveksla Epstein og Staley meir enn tusen e-postar. Ein e-post frå 2009 frå Steley til finansmannen sa: «Eg skuldar deg mykje, og eg er djupt takksam for vennskapen vår. Eg har få som er so djupe.» Same år sona Epstein ein dom for å ha teke kontakt med ein mindreårig for prostitusjon.
Staley trekte seg frå stillinga som Barclays-leiar i november 2021 i samband med ei etterforsking av det britiske Financial Conduct Authority (FCA), som ville finne ut om banken hadde vore sannferdig om sitt forhold til Epstein. FCA fann ut at Staley «kom med eit ufullstendig bilete» av banda sine med finansmannen, medan ei intern undersøking av Barclays ikkje fann noko bevis for at den dåverande leiaren visste om Epstein sine påståtte brotsverk.
Staley har halde fast på at medan han var venn med Epstein, var han ikkje klar over dei påståtte brotsverka. Etter at Staley vart leiar i Barclays, hadde han òg avslutta vennskapen med Epstein, som døydde under mystiske omstende i fengsel i august 2019.
Ifølgje søksmålet frå USVI hadde Staley tilsynelatande gått god for Epstein som ein klient for JPMorgan Chase då interne tilsette stilte spørsmål. Banken sitt team bad gjentekne gonger om forsikringar etter at finansmannen fyrste gong vart tiltala i 2006 for sexbrotsverk og sa seg skuldig i desse tiltalane i 2008. JPMorgan sa at dei stengde Epstein sine kontoar i 2013, kort tid etter at Staley forlét banken.
E-postar avslørte òg bilete av unge damer som vart smugla av Epstein
USVI-søksmålet inkluderte òg e-postar av Staley og Epstein som inneheldt bilete av unge damer i forførande positurar. E-postane diskuterte òg reiser til finansmannen si private øy, Little St. James, som han kjøpte i 1998 for estimerte 7,95 millionar dollar.
Ein e-post frå juli 2010 frå Staley til Epstein sa: «Dette var moro. Sei hei til Snøkvit.» Epstein svarte ved å spørje kva slags rollefigur den seinare Barclays-leiaren ville ha, der Staley svarte: «Venleiken og Udyret.»
Ifølgje Wall Street Journal saksøkte det amerikanske territoriet JPMorgan Chase på grunn av påstandar om at dei mogleggjorde Epstein sin sexhandel. Banken gjorde det ved å gje han tilgang til bankkontoar og late han utføre overføringar som han brukte til å betale unge damer. Minst 20 unge damer eller jenter smugla av Epstein vart betalt på denne måten.
I tillegg påstod USVI-søksmålet at Epstein overførde pengar til ei dame etter Staley sitt opphald i finansmannen sitt herskapshus i Palm Beach, Florida. Den avdøde seksualforbrytaren overførde òg pengar til den same dama etter at Staley fortalde Epstein at han kom til å vere i London.
Banken nekta for anklagane, og argumenterte at dei ikkje mogleggjorde nokon som helst brotsverk utført av Epstein. Dei la til at USVI burde ha stoppa han i fyrste omgang.
I denne videoen legg Josh Sigurdson i World Alternative Media ut om sambandet mellom Jeffrey Epstein og JPMorgan Chase.