Rasande sjåarar klagar i hopetal over nytt britisk TV-program der vaksne menn kler seg nakne for barn

Av Thomas Brooke, ReMix News. Omsett av saksyndig.

Den fyrste episoden av Naked Education, som gjekk på lufta sist veke på Channel 4, fekk totalt 930 klagar til britisk kringkasting si vaktbikkje.

Eit britisk TV-program som har som mål å fremje kroppspositivitet viste vaksne menn som kledde seg nakne framfor barn. Programmet har vore gjenstand for hundrevis av klagar til Storbritannia si kommunikasjonsvaktbikkje etter at fyrste episoden gjekk på lufta sist tysdag [11.april 2023].

Naked Education, som blir sendt på Channel 4, handlar om vaksne som tek av seg kleda framfor mindreårige tenåringar, som deretter blir bedne om å gje tilbakemeldingar på dei kroppsdelane dei seg framfor seg.

«Eg har aldri sett, liksom, ein heilt naken mann før,» fortalde ein tenåring til produsentane under den fyrste episoden.

«Det er berre mykje å prosessere. Nakne menn på ekte. Vi har verkeleg aldri sett det,» la ei anna ung jente til etter at fire vaksne menn stod framfor gruppa av barn og lét badekåpene falle for å openberre alt.

Programverten, Anna Richardson, sa før fyrste episoden sist veke: «Dersom du er nysgjerring på kroppen din, og livsreisa di (kva enn det kan vere), sjå episoden.» Ho skildra programmet som «lærerikt, emosjonelt, artig».

Derimot vart totalt 930 klagar frå medlemmer av folket mottekne av Storbritannia si kringkastingsvaktbikkje, Ofcom, etter den fyrste episoden, langt meir enn dei 66 klagane som vart mottekne for det nest mest støytande programmet sist veke.

Ein vaksen deltakar, Liam Halewood, forsvarte programmet onsdag [12.april 2023], og sa til eit panel på GB News at han vart med på programmet «berre for å vise at folk kan vere seg sjølv og ha sjølvtillit». Då han vart spurt om han aksepterte at programmet kunne bli sett på som «perverst» og potensielt farleg, avviste programdeltakaren denne ideen.

Halewood vart utfordra på sin analyse av programmet av den politiske kommentatoren Connor Tomlinson, som avslørte at ein episode av det identiske programmet produsert i Danmark nyleg måtte takast av lufta fordi ein av deltakarane viste seg å vere ein dømt pedofil.

Kringkastaren Channel 4 har ivrig forsvart programmet og intensjonane bak. Deira leiande innhaldsoffiser, Ian Katz, skreiv som respons på kritikken: «Alle som antydar at Channel 4 sitt program Naked Education fremjar pedofili eller mishandlar barn, har nesten garantert ikkje sett det».

«Programmet går mot dei farlege mytane og giftige bileta som tenåringar blir bombarderte med, ved å eksponere dei overfor verkelege, normale kroppar og engasjere dei i ein pen, trygg samtale om det.»

«Det ville vere vanskeleg å tenkje seg eit tydelegare døme på verdifull folketeneste-kringkasting som utfordrar den typen misoppfatningar som altfor ofte forårsakar angst og kjensler av å ikkje strekkje til hjå unge menneske,» la han til.

Medverten til programmet, dr. Alex George, la til: «Programmet handlar om kroppspositivitet og det å lære menneske korleis ‘normale’ kroppar faktisk ser ut.»

«Vi snakkar om alt frå den aldrande kroppen til [penis-]storleik, og svarer på dei spørsmåla folk er redde for å stille,» skreiv han på Instagram.

«Vi tek til etterretning klagane mot våre kringkastingsreglar før vi avgjer om vi skal etterforske dei eller ikkje,» sa ein talsperson i Ofcom som respons.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s