Sjefen i amerikanske Department of Homeland Security stengjer migrantrute gjennom Panama etter sjokkerande avsløringar frå Natural News!

14.april 2023 publiserte Saksyndig artikkelen «Den store utskiftinga? FN-sponsa migrantleir oppdaga i det uframkomelege Darién-hinderet i Panama». Artikkelen var basert på ein video på Brighteon der journalist Michael Yon kom med oppsiktsvekkjande video og vitnesbyrd frå ein migrantleir i Panama til Natural News-grunnleggjar Mike Adams.

No melder Natural News at Alejandro Mayorkas i amerikanske Department of Homeland Security har erklært at han jobbar med to regjeringar i Sentral-Amerika om å stengje ei migrantrute som går nettopp gjennom Darién-hinderet i Panama. Det kan dermed sjå ut som om avsløringane til Michael Yon har ført til denne plutselege politiske heilomvendinga, no når eliten sine vondsinna planar om befolkningsutskifting har blitt avslørt.

Sitat frå artikkelen, som er skriven av JD Heyes for Natural News (mi omsetjing):

«Joe Biden sin gallionsfigur i Department of Homeland Security har erklært at han jobbar med to sentral-amerikanske regjeringar om å stengje ei rute dei sette opp for å frakte ulovlege immigrantar inn i USA for å ta jobbar frå amerikanarar og halde lønningane låge for sine konsern-donorar.

Stenginga av ruta gjennom Darién-hinderet i Panama kjem etter at Natural News-grunnleggjar og redaktør Mike Adams, the Health Ranger, og videotenesta Brighteon eksponerte skremmande forhold i migrantleirar, inkludert ein i San Vicente.

Nyheita om stenginga vart levert 11.april i ei Trilateral Joint Statement [«tresidig, felles pressemelding»] av Panama, Colombia og grensesjef Alejandro Mayorkas, rapporterte Breitbart News, og la til:

‘…dei tre regjeringane vil søkje etter å oppnå dei følgjande ambisiøse måla:

Gjere slutt på den ulovlege flyttinga av menneske og varer gjennom Darién både til lands og via maritime korridorar, som fører til død og utnytting av sårbare menneske for betydeleg profitt.

Opne nye lovlege og fleksible vegar for titusenvis av migrantar og flyktningar som eit alternativ til irregulær migrasjon.

Prisen som Bidens promigrasjons-grensesjef betalte til dei to landa for deira samarbeid vart ikkje forklart i dokumentet. Det er mogleg at prisen som er betalt kan vere ein avtale som lèt somme av borgarane deira ta jobbar meint for amerikanarar i USA, skreiv Breitbart News.

Stenginga av Panamas grense kjem i det evidens antydar at migrantar ser vekk frå Mayorkas sin plan om å redusere migrasjon og grensekaos i tide for den politiske kampanjen i 2024.»

Den «politiske kampanjen» det her er snakk om er naturlegvis presidentvalet. Ein FN-sponsa migrantleir i ingenmannsland i Panama vil ta seg særs dårleg ut for den sitjande presidenten, so ein skulle tru denne totalt mislykka regjeringa ville prøve å redde ansikt. Artikkelen skriv derimot vidare:

«Ifølgje mediereportasjar samlar eit aukande tal migrantar seg, inkludert venezuelarar og haitiarar ved grensa i Texas, i påvente av å kunne krysse den so fort president Biden fjernar Title 42-grensebarrieren 11.mai. Mange av desse migrantane hadde kryssa Darién-hinderet tidlegare i år, rapporterte nyheitsformidlaren.»

Title 42 vart innført av Trump-regjeringa under covid-19-«pandemien», og var meint å hindre personar frå land med utbrot av smittsam sjukdom å reise inn i USA. Trump brukte denne lova for å generelt hindre mange migrantar å reise lovleg inn i landet. 11.mai fjernar Biden-administrasjonen denne lova. Her er det altso politisk posering. Dei påstår at dei stengjer ei migrantrute, men vil samstundes gjere det endå enklare for migrantar å ta seg inn i USA. Det at USA samstundes har erklært «koronakrisa» for over, gjer det endå meir påfallande.

Den amerikanske grensa har i praksis stått vidopen under heile Biden sin presidentskap. Breitbart antydar at meir enn 20 000 migrantar tek seg inn i USA ulovleg – i månaden. So langt i år skal visstnok 90 000 migrantar ha reist via den farlege Darién-ruta, og mesteparten kan ha enda opp i Mexico og deretter USA.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s