Ein tidlegare politisk rådgjevar og statssekretær ved namn Erlend Svardal Bøe (Høgre) slengde her forleden med kjeften til VG. Document skriv at Bøe seier til VG «at han vil stille strenge krav til helsepersonell med pasientkontakt om å vaksinere seg». Logikken hans (om der finst nokon) er at sidan helsepersonell jamleg er i kontakt med pasientar som er sårbare eller i risikogruppa for smittsame sjukdommar, er vaksinering ekstra viktig. Bøe er for tida installert i Stortinget sin helse- og omsorgskomité. Han jobba under Bent «Meter’n» Høie under korona-«pandemien».
Noreg har visstnok eit mål om at 75% av helsetilsette skal vere vaksinerte. For Høgre-Bøe er ikkje dette nok, han vil gjere det påbode. Han refererer til Ingeborg Senneset i Aftenposten, som skal ha lira av seg at dette ikkje er vaksinetvang, men eit yrkeskrav.
Noverande statssekretær Ole Henrik Krat Bjørkholt (Ap) er kritisk til Bøe sitt utspel, ettersom dette er i strid med regjeringa sitt prinsipp om at vaksinering skal vere friviljug i Noreg. Sjølv under verste koronahysteriet fekk ikkje personar som nekta å injisere seg med mRNA-sprøytene sparken – i det minste ikkje berre fordi dei ikkje ville late seg «vaksinere». Arbeidsgjevarar innførde etter instruksar frå djupstaten derimot differensierte retningslinjer som skulle gjere arbeidskvardagen so utriveleg som mogleg for uvaksinerte, utan at dette hjelpte nemneverdig med å oppfylle den nedrige agendaen deira.
Bøe kjem ikkje med dokumentasjon på sine påstandar om at uvaksinert helsepersonell er ein trugsel mot pasientgruppene. Ei heller har han presentert noka form for statistikk som belegg for at manglande vaksinasjon har ført til sjukdom og død hjå pasientgruppene. Det gjorde forresten ikkje hans tidlegare sjef Bent Høie eller resten av den politiske eliten heller, då dei tilbake i 2020 og 2021 innførde ei totalitær styreform i det tidlegare uavhengige landet Noreg.
Høgre-mannen sine ytringar er bekymringsverdige. Han ser ikkje ut til å ha lært av korona-fadesen, og alle dei alvorlege biverknadene som oppstod etter at fleirtalet i befolkninga lét seg presse, kue og tvinge til å late seg injisere med eit eksperimentelt legemiddel som ein ikkje aner langtidsbiverknadene til. Han ser ut til å prøve å skape dårleg stemning i helsesektoren, der det allereie er temmeleg alvorleg personalmangel på grunn av mykje sjukdom og fråfall. Mange har blitt permanent sjuke, og den eine sjukepleiaren etter den andre forlèt yrket på grunn av stress, utbrentheit og plandemi-utmatting. Det at han gjentek nesten ordrett det Bjørn Guldvog sa tilbake i 2021, kan tyde på at han vil gje uheldige idear til leiinga rundt om på ymse helseføretak, no når WHO driv og jobbar fram sin vondsinna Pandemitraktat som skal stemmast over på den komande verdshelseforsamlinga. Folket må atter ein gong kondisjonerast til å late seg stikke med kva enn slags nifst heksebrygg som dei enorme farmasiselskapa har kokt i hop.
NAV har etter instruksar frå Storting og regjering innført ein 18 vekers karantene på dagpengar dersom dei meiner det er arbeidstakars skuld at han eller ho miste jobben. Dette er ein dramatisk auke frå dei tidlegare åtte vekene. Som eg skreiv i ein meiningsartikkel i slutten av februar i år, er logikken til NAV/Storting/regjering/djupstat(?) at tilsette er pliktige til å halde på jobben sin, den sokalla arbeidsplikta. Ein tilsett som seier opp sjølv eller godtek ein sluttavtale, vil møte den same utestenginga frå NAV-ytingar. Få, om nokon, har oppsparte midlar til å leve utan inntekt i 18 veker. Då eg sjølv stod utan jobb i juni 2021, var eg heldig og fekk ny jobb nærast på dagen – behovet for faglærte vikarar i helsesektoren var enormt, og det berre voks utover hausten og vinteren. Andre er langt ifrå so heldige. Sjukepleiaren Iris Frohe, som fekk sparken av Hamar kommune fordi ho ikkje godtok dei differensierte retningslinjene for uvaksinert helsepersonell, kjempar framleis mot det hjartelause maskineriet for å få oppreisning for det overgrepet hennar tidlegare arbeidsgjevar utsette ho for.
Diverre er fleirtalet av helsepersonell kvinner, som er langt meir lydige og autoritetstru enn menn. Dei lèt seg viljug kue, tvinge, presse og fornedre, og underkastar seg dei tåpelegaste retningslinjer med nærast nyfrelst iver. Dersom nokon i personalgruppa vågar å påpeike elefanten i rommet, rottar dei seg saman og fryser vedkomande ut av flokken. Difor er det aldri ein god idé å bli altfor gode venner med kollegaene dine, for dei kan aldri bli dine venner. Alt du seier vil kunne bli brukt mot deg når du minst ventar det. Rådande praksis i «kjerringsektoren» er at dersom ein kollega gjer ein feil i arbeidet, eller gløymer å gjere ei arbeidsoppgåve, so seier ikkje kjerringane eit ord til vedkomande, men går heller til leiinga og klagar anonymt. Under koronahysteriet vart nok denne «kjerringtaktikken» brukt hardt og nådelaust for å reinske ut «vaksinenektarar», «konspirasjonsteoretikarar» og «dødsenglar» frå ymse personalgrupper. Kvinnelege leiarar lét makta gå til hovudet på seg og innførde fryktkultur, overvaking og det som rett og slett er eit tystarregime. Gestapo kunne ikkje ha gjort det betre.
Anten lid Høgre-Bøe av ein total mangel på sosiale antenner, eller so har han blitt hjernevaska av retorikken til Bent «Meter’n» Høie og resten av dei rævsleikjande lakeiane til globalist-eliten. Dette er sannsynlegvis det dummaste eg har høyrt frå ein toppolitikar på lenge, og i våre tider seier det sitt. Munnbind vart under «pandemien» snikinnført i helsesektoren fordi ein brukte ein paragraf i Arbeidsmiljølova om arbeidsgjevars medvirkningsplikt og bruk av «påbode verneutstyr»; munnbind vart altso klassifisert som «verneutstyr», sjølv om all empirisk evidens seier at dei ikkje vernar mot viruspartiklar. Arbeidstakarar som ikkje ville bruke munnbind, braut altso plikta om medvirkning. I dette tilfellet ser det ut som ein ønskjer å klassifisere vaksinar (og «vaksinar») som eit yrkeskrav, akkurat som at ein jagarflygar ikkje kan vere fargeblind.
Erlend Svardal Bøe ser ut til å ville gjere det endå mindre attraktivt å jobbe i helsevesenet, ein sektor som i våre dagar ikkje akkurat har eit godt rykte lenger. Denne skamlause medlemmen av den unyttige og uproduktive skravleklassen ville hatt godt av å jobbe ein månad på sjukeheim sjølv. Gjerne med dei same «retningslinjene» som Høie og noverande helseminister Ingvild Kjerkol var med på å innføre. Utspelet hans er ein farleg brannfakkel i eit post-apokalyptisk landskap dynka i bensin og blodet frå alle dei «vaksine»-døde, inkludert stakkars Greta.