Matthew Perry var i ferd med å eksponere pedofili-ring i Hollywood då han vart funnen død i sitt eige massasjebad

Om ein skal tru gjengen på nettstaden The People’s Voice, hadde Matthew Perry som mål å eksponere pedofili-ringen i Hollywood – men hans plutselege død sette ein stoppar for dette. Perry var kjent som rollefiguren Chandler i komiserien Venner for livet (engelsk Friends), som var reine landeplaga tilbake på 90-talet og eit godt stykke inn på 2000-talet. Hans plutselege død i ein alder av 54 sist veke (28.oktober 2023) har fått fleire til å mistenkje at den sataniske eliten i Hollywood har teke livet av han.

(Sjå òg «Ikkje berre ei bilulykke? Anne Heche var i ferd med å avsløre pedofili-ring i Hollywood i tida før ho døydde», publisert 17.august 2022 og «Coolio var i ferd med å ta ned pedofiliring i Hollywood før han døydde», publisert 3.oktober 2022.)

The People’s Voice skriv (mi omsetjing):

«Matthew Perry dreiv og skreiv på ei bok der han skulle avsløre alt i månadene før hans død, ein oppfølgjar til [boka] Friends, Lovers and the Big Terrible Thing, og manuskriptet er sagt å grave djupt inn i dei mørkaste hjørna til underhaldningsindustrien i Hollywood, og kaste lys på dei mørke hemmelegheitene til eliten.

Ifølgje venner hadde Perry drive og samla informasjon og anekdotar i årevis, med det mål å kome med eit hittil usett blikk på kva dei eigentleg driv med i Tinseltown [eit kallenamn for Hollywood; oms.an.] i form av dei mest eksplosive memoarane sidan Hollywood Babylon.

Mange har spekulert i motivasjonane for eksponeringa til Perry. Enkelte trur at det var ein personleg vendetta, igangsett av fleire tiår av navigasjon gjennom det komplekse nettet av Hollywood-politikk og -alliansar. Andre trur at det var Perry sitt forsøk på å oppnå ei grad av frelse, hans måte å tre unna mørket, øydelegginga og alkohol- og stoffkulturen som oppslukte han frå 14-årsalderen då han flytta frå Canada til Hollywood.

Kva enn motivasjonen er, var Perry bestemt på å eksponere Hollywood-elitane som vel seg ut barn som offer, valdtek dei, bruker dei som valuta, og drikk blodet deira for å bli høge av adrenochrome.

Instagram-kontoen til Perry vart plutseleg aktiv for fjorten dagars tid sidan etter ein lang periode med inaktivitet, og fansen vart sjokkerte over innhaldet. Der var mange innlegg om Batman, som ingen på den tida kunne skjøne. So var det dette innlegget: ei oppfordring til å gå til aksjon for å eksponere dei pedofile som kontrollerer Hollywood, øydelegg unge liv og forgiftar massane med sitt giftige produkt.

Perry vart åtvara om at han aldri ville få jobbe i Hollywood igjen, med mindre han gav opp planane om å publisere den avslørande boka. Å bli pressa opp i eit hjørne stoppa han derimot ikkje. Tjukktarmen til Perry eksploderte i 2017 etter mange års tett drikking, noko han skildra som sjølvmedisinering for å overleve det forderva Hollywood-systemet som sakte hadde knust sjela hans sidan han var ein 14 år gammal gut. Då han kom seg etter tjukktarmkollapsen – etter 14 operasjonar – dobla Perry innsatsen, nekta å høyre på trugslane og følgde hjartet sitt og sin eigen moralske leveregel.

Ifølgje Perry, dersom det var ein måte han kunne sone for sine tarvelege år i hjartet av Hollywood-systemet, dei åra der han vende blikket vekk frå dei vondsinna utskeiingane til eliten, måtte det involvere eksponering av pedofilien i senteret av det mørke hjartet av industrien.

Forteljingar om hemmelege møte på svarte natta med andre skodespelarar, regissørar og produsentar har kasta bensin på bålet. Ein snakkar om at Perry samarbeidde med andre på innsida, la til vitnesbyrd og sikra seg at avsløringane var autentiske.

Ifølgje vennene hans visste Perry at hans dagar var talte. Ein av dei siste tinga han la ut på nettet var ein video av hendene hans, der han la tre tranebær på eit bord.

Vokalisten i The Cranberries [engelsk for nettopp «tranebær»], Dolores O’Riordan, døydde i ei drukningsulykke i 2018.

Når ein kombinerer dette med dei andre merkelege tinga, blir det openbert at Matthew Perry visste at han hadde blitt eit mål i ei satanisk blodofring til skrekk og åtvaring til andre kjendisar, som mange før han.

Desto meir fordømmande, var hans siste bilete i eit massasjebad, der han enda opp med å ‘drukne’.»

Om denne historia er sann eller ikkje, teiknar den eit bilete av kjendisar som døyr på mystisk vis, ofte i ulykker, gjerne like før dei visstnok skal til å avsløre hemmelegheitene til eliten. Dei har alle til felles at dei har vore ein del av Hollywood-systemet, for so å ville bryte ut og eksponere all vondskapen som skjer der. Det er vanskeleg å ikkje sjå eit mønster i alle desse dødsfalla, og der er tydelegvis ting i Hollywood (og i andre mektige grupper av aktørar) som ikkje toler dagens lys.

4 comments

  1. Hvor mange injeksjoner hadde M.P. i seg? Flest mulig etter hans t-skjorte å dømme som sa «could I be any more vaccinated», så om han BLE druknet eller druknet av et illebefinnende i jacouzien? Ikke godt å si. I alle fall er Hollywood et sted ingen ansvarlige foreldre burde sende sine barn, det vet vi ved å betrakte historiene til Shirley Temple, Judy Garland, Carrie Fisher, Cory Haim og utallige andre, mange døde. Drew Barrymore «vokste opp» på Studio 54, alkoholisert før hun var kjønnsmoden. Graverende barnevernsaker alt sammen, i tilfeller som bl.a. Britney Spears helt og fullstendig sveket av sine egne foreldre, brukt som melkeku og masse penger å tjene. Honey BooBoo. Hollywood og USA med skjønnhetskonkurranser for småjenter, så pedofilt perverst at en kan spy. fysj!

    Likt av 1 person

    • Berre ein genuint vondsinna og pervertert elite kan utnytte barn på den måten Hollywood gjer. På ein måte kan Hollywood-stjerner samanliknast med gladiatorane i romartida, som underheldt folket med slåsskampar for å distrahere dei frå brutalitet og maktovergrep frå meir eller mindre sinnssjuke keisarar – berre for å bli drepne anten i kamp eller bak scena av misunnelege rivalar. Dagens leiarar, både innan politikk og i Hollywood, får derimot Caligula og Nero til å bleikne.

      Likar

  2. vigilantcitizen.com har god greie på Hollywood og musikkindustrien. Han kaller disse som solgte sjelen «industrislaver». Noen er født inn i det: Lily-Rose Depp, Miley Cyrus, Drew Barrymore, Liza Minelli, Carrie Fisher, Cruz Beckham og Jaden Smith er de jeg kommer på i farten hvor kontrakten later til å være gått til neste generasjon på noe vis. Noen later til å ha ofret en kjær for «fame»: Kanye West sin mor, Lady Gaga sin bestevenninne, Ellen Degeneres sin elskerinne; så ryktes det i alle fall. De må bare oppføre seg, ellers kommer de på «rehab» for å avruses, om de nå er avhengige eller ikke, for en ny runde MK-ultra og kommer ut igjen platinablond. Ofte er de øverste sjikt prostituerte som går på rundgang, som jeg tror er tilfelle med Kardashians; plaprer de eller vet for mye «tar de overdose», som Marilyn, og ryddes slik av veien. Og man ser f.eks. at «stjernene» har en påfallende høy forekomst barn som er trans, hvis det er ordren fra eierne. Glamorøst? Værsågod, behold luksusen, hvis prisen er så høy.

    Likt av 1 person

Legg att svar til e Avbryt svar