Dr. Michael Palmer: Covid-«vaksinar» hadde som mål å skade og drepe

Den kanadiske legen Michael Palmer var professor i biokjemi ved University of Waterloo i provinsen Ontario. Han vart oppsagt frå jobben sin i 2022 då han nekta å ta den sokalla «vaksinen» mot covid-19. No hjelper han med å styre Doctors4CovidEthics.org, som er ei heimeside vigd til å åtvare om farane til covid-19-mRNA-«vaksinane». mRNA-teknologi er laga for å få immunforsvaret til å øydeleggje alle organ i kroppen, og denne teknologien skal etter planen brukast i alle framtidige vaksinar. Dette skriv Greg Hunter på Lioness of Judah sin Substack.  

Hunter skriv (mi omsetjing):

«Dr. Palmer har akkurat skrive ei bok med tittelen mRNA Vaccine Toxicity. Dr. Palmer har godt over 1000 timar med personleg forsking utført på mRNA-vaksinane, som han kallar for ‘gift’. Dr. Palmer har òg ei imponerande liste med bidragsytarar til si siste bok, som inkluderer den verdsanerkjende mikrobiologen dr. Sucharit Bhakdi og Catherine Austin Fitts, berre for å nemne nokon. Dr. Palmer seier at covid-19-sprøyta var eit ‘bevisst mordprogram’.

Dr. Palmer forklarer: ‘Det var tydeleg i 2020 at risikoane som vart tekne var fullstendig urimelege. Det tek vanlegvis fleire år å utvikle ein vaksine… desse åra hadde blitt trekte saman til berre nokre få månader… Dersom du kombinerer den radikale tidsavkortinga for testing, som i seg sjølv skaper ein enorm risiko, kombinert med ny teknologi (mRNA), tydar dette at risikoen ikkje kan bereknast. So det er fullstendig uansvarleg… Etter byrjinga på vaksinasjonskampanjen, og dei fyrste vekene med katastrofale resultat, ville det ha vore naudsynt å med éin gong stoppe denne kampanjen.

Det vi i staden har sett, er ustanseleg tvang, ustanseleg sensur, ustanselege løgner frå styresmaktene om tryggleiken og effektiviteten til desse vaksinane. Dette må ha vore heilt naudsynt for desse vaksinane. Dette må ha vore ein bevisst politikk for å skade og drepe.’

Korleis drep mRNA? Forskinga til dr. Palmer viser igjen og igjen at mRNA-vaksinar får immunforsvaret til å gå til åtak på og drepe dei covid-19-injiserte. Dr. Palmer forklarer: ‘Dette er det vi ser i obduksjonsmaterialet. Vi ser immunforsvaret i full marsj, og det går til åtak på kvart tenkjelege organ. Det er litt ulikt frå pasient til pasient… men i mange tilfelle ser du åtak på blodkara. I ikkje akkurat få tilfelle ser du myokarditt. Det er temmeleg vanleg i obduksjonar. Du ser alvorleg lungeskade.

Alt dette er dokumentert i overflod no… Eg trur dette er designa for å drepe menneske medan det blir laga ei dekkhistorie som seier at dei [vaksinane] er til nytte og at dei beskyttar. Hovudeffekten til desse (mRNA)vaksinane er å skade og drepe menneske. Det er det desse vaksinane gjer.’

Dr. Palmer slår fast at mRNA er gift for kroppen same kva vaksine det er brukt i. Det medisinske samfunnet og Big Pharma ønskjer å bruke mRNA i alle framtidige vaksinar. Dr. Palmer åtvarar: ‘Vi må stoppe alle mRNA-vaksinar fordi teknologien er grunnleggjande mislykka. Det vil alltid produsere det utfallet at kroppen vil byrje å øydeleggje seg sjølv… Vi ser ofte øydelegging av blodkara, og dette forårsakar blodproppar. Du øydelegg blodkara, og deretter får du slag og hjarteinfarkt… Dette er ein bevisst agenda av drap, ikkje av personen som gjev sprøytene, dei kan bli ærleg bedregne. Dette er mord gjort av menneska som fann på heile denne vaksinasjonsagendaen og utstada mandat. Desse menneska er skuldige i mord. Det er ingen grunn til å gå rundt grauten… Der finst inga anna tolking etter mitt syn, enn at dette er bevisst mord, bevisst dreping. Heile den genbaserte (mRNA) vaksineagendaen er ei bevisst forgifting og dreping.’

Dr. Palmer fann òg ut at mRNA-sprøytene akselererer veksten av kreft og stoppar immunforsvaret ditt frå å kjempe mot den. Dr. Palmer slår fast at terminologien ‘turbokreft’ er ei nøyaktig skildring av resultata til mRNA-vaksinane.

Dr. Palmer åtvarar alle om å ikkje ta nokon mRNA-vaksine, og dette inkluderer alle framtidige mRNA-vaksinar for unge og gamle. Dr. Palmer seier at ein ikkje skal ta influensavaksine heller. Avslutningsvis seier dr. Palmer ‘mRNA-teknologi burde ein gå vekk frå med éin gong, og kvart individ burde gjere alt opp til det å kjøpe eit skytevåpen for å beskytte seg sjølve frå desse giftene.»

Ein video med dr. Palmer der han forklarer dette kan sjåast her.

2 comments

  1. Pfizers Albert Bourla forsnakket seg en gang og sa «biovåpen» da han skulle sagt «vaksine».
    Ricardo Delgado og hans medarbeidere i La Quinta Columna, folk med faglig kompetanse, de registrerte for øvrig for et par år siden at også noe så tilsynelatende uskyldig som lokalbedøvelse hos tannlegen er forgiftet, så for å erstatte to tapte fyllinger forbereder jeg meg på å få det gjort uten å tillate noe som helst å penetrere min hud.
    Yuval Noah Harari drømmer jo om en ugudelig menneskehet uten sjel og ånd, sånn som han selv, for eksempel, og alle de andre som står ansvarlig for menneskenes histories verste «crime against humanity».

    Likt av 1 person

    • Eg veit frå personleg erfaring at tannlegar bruker Xylocain, som er lokalbedøvande. Dei injiserer det inn i tannkjøtet sidan det ikkje gjev nok bedøving å berre smøre det på huda. Xylocain brukte vi òg på sjukeheim for å bedøve penis når vi skulle leggje inn kateter på menn. Då smørte vi det naturlegvis på penis. At Xylocain skal vere forgifta høyrest underleg ut, men ingenting overraskar meg i våre dagar. Med tanke på alle medisinane dei køyrde i meg då eg vart operert etter beinbrot på Haukeland i Bergen, er eg nok sjølv forgifta for lengst.

      La Quinta Columna kjenner eg til. I desember 2021 publiserte dei ein artikkel om underlege pandemibabyar som hadde svarte auge, og som utvikla seg langt raskare enn normalt. Eg skreiv ein artikkel om dette på Saksyndig:

      Merkelege pandemibabyar byrjar å sjå dagens lys – eit resultat av mRNA-injeksjonane til foreldra?

      Likar

Kommenter innlegget