Det er ei kjent sak at Noreg er i ferd med å bli eit fattigare land, både intellektuelt og materialistisk sett. Nettavisen skriv 8.november 2023 at rekordmange ber om naudhjelp og julehjelp frå friviljuge organisasjonar slik som Opplandshjelpen. I dette høvet har Nettavisen intervjua 49 år gamle Line Gudinne Skarsvåg i Lillehammer. Ja, du las riktig. Mellomnamnet hennar er faktisk Gudinne. Og hennar daglege kamp for å overleve kan ikkje skildrast som anna enn guddomleg.
(Sjå òg «Knut Hallvard (54) har vore sosialklient i fire år: ‘Mitt mål og ønske er å kunne leve’», publisert 17.oktober 2023.)
Grupper med låg økonomisk tryggleik har vakse i Noreg dei to siste åra. Line Gudinne har derimot personleg lang erfaring i å leve på den måten: «Av ulike helseårsaker og livssituasjoner har hun stått mye utenfor arbeidslivet og levd på trygd, til tross for både fagbrev i barne- og ungdomsarbeid og etterutdanning innen rusfeltet.»
Ho vart åleinemor til to gutar, og måtte i periodar svelte medan ho venta på stønader – dette for at ungane skulle få mat. Ho seier sjølv: «Jeg priset meg lykkelig de gangene de ikke spiste opp maten sin. For da ble det litt på meg.» Slike historier er ikkje mindre enn hjarteskjerande, men det viser realiteten for mange åleinemødrer.
(Sjå òg «Bekymringsverdig tendens: Åleinemødrer blir pressa til å utføre seksuelle tenester for å få pengar til julepresangar til barna», publisert 13.desember 2022.)
Line Gudinne er med rette kritisk til det offentlege byråkratiet, der det frå hennar ståstad ser ut som om offentleg tilsette følgjer firkanta og langdryge retningslinjer i staden for å «utøve skjønn når livet har tatt en uventet U-sving og revet vekk den økonomiske tryggheten til folk». Å ha ungar i våre dagar er særs dyrt, noko eg som tidlegare stefar til ein liten unge kan skrive under på. Eg var saman med ein sjukepleiar som gjekk frå å vere kona til ein mann med millioninntekt den eine månaden, til å bli fattig åleinemor den neste. Hadde det ikkje vore for økonomisk støtte frå familien hennar, og økonomisk støtte frå meg (eg fylde opp både kjøleskap og bensintanken med jamne mellomrom), hadde ho gått til grunne temmeleg kjapt. Ikkje alle er so heldige, diverre. Sjølv måtte Line Gudinne lære seg å klare seg med lite, ein situasjon mange åleineforeldre står i, sjølv i verdas «rikaste» land.
Ho har større økonomisk fridom i dag, sidan ungane har flytta ut. For ho inneber «større økonomisk fridom» at ho kan kjøpe seg ein vellagra Jarlsberg-ost til over 200 kroner, og dette blir då hennar einaste pålegg i ein periode. Opplevinga hennar samsvarer med ein rapport frå Sifo, der 80 prosent av de med det lågaste nivået av tryggleik, «ille ute», svarer at dei har måtte kutte i matforbruket. 66% har ikkje råd til å gå til tannlegen. Lever ein på den økonomiske smertegrensa slik dei gjer, vil so godt som alle prisstigningar på mat, transport, straum og bustadsutgifter raskt skape store problem.
Dette veit sentralbanken godt – og likevel har dei skrudd opp renta 13 gonger dei to siste åra. Samstundes set dei store butikkjedane opp prisane, medan prisane på straum og drivstoff går i taket. Helsevesenet blir skore inn til beinet, og er på randa av kollaps. Er dette ei bevisst handling frå politisk hald for å sende folk ut i fattigdom, heimløyse og ein sikker død? Med tanke på banda «våre» toppolitikarar har til supranasjonale organisasjonar som i årevis har snakka om å redusere folketalet i verda for å unngå «overbefolkning», er dette ganske sannsynleg.
For tida overlever Line Gudinne. Ho sparer pengar der ho kan. Bustadlån har ho aldri hatt råd til å ha. Ho seier òg at det er sårt å ikkje kunne vere «en mamma som gir ungene en startkapital i voksenlivet». Ho reiser av og til bort for å besøke familie og venner. Ho seier sjølv:
«Uten lufteturer blir leiligheten som et fengsel […].»
På kontoen har ho 150 kroner, som skal vare ut november – artikkelen vart publisert 8.november. Hadde du klart deg med 150 kroner i tre veker? Line Gudinne har følgjande plan for å klare seg: Ho har mat i skapa, noko som er elementær beredskap. Ho seier at ho er «en jævel til å klare meg på ingenting».
Sifo deler norske hushaldningar inn i fire kategoriar basert på økonomisk tryggleik. Desse kategoriane er:
- Trygge (65% i juni 2021 à 51% i august 2023)
- Utsatte (28% à 32%)
- Sliterne (5% à 11%)
- Ille ute (2% à 6%)
Altso har hushaldningar i kategorien «ille ute» auka frå 2% i juni 2021 til 6% i august 2023. Dette er ei tredobling, og høgst urovekkjande. Denne sokalla «dyrtida» (som er 100% politikarskapt) rammar dei svakaste hardast. Line Gudinne har følgjande kommentar:
«Dette er skammens Norge. Mens stortingsrepresentanter og regjering bevilger seg selv lønnsforhøyelse, er det flere som ikke får endene til å møtes.»
Nordmenn er berykta for å sløse med pengar, noko program som Luksusfellen vitnar om. Line Gudinne har sjølv lang erfaring i å klare seg med lite, men ho trur at fallhøgda kan bli stor for dei som tidlegare har vore vant med økonomisk tryggleik:
«Det er helt jævlig! Det vil bli økning i psykiske lidelser og utfordringer. Å være fattig spiser deg opp innenfra om du vil det eller ikke. Du kan godt tro at du er et menneske som ikke kan rammes av psykiske utfordringer. Men når lommeboka er tom, skapene er tomme, og kontoen er tom og du vet det er to-tre uker til du får inn neste runde med penger… Da har du faktisk ikke noe valg […].»
I likskap med Knut Hallvard, som Saksyndig skreiv om i oktober, har Line Gudinne til tider drive med friviljug arbeid. I samband med flyktningkrisa etter Syria-krigen i 2015 koordinerte ho friviljuge bidrag gjennom Lillehammer utstyrslager.
«Jeg fikk masse kommentarer på hvordan jeg som var så langt nede på rangstigen kunne hjelpe andre. Men godhet avler godhet, og godhet skal sirkulere […].»
Saksyndig registrerer at Line Gudinne har fått mykje støtte etter at ho stod fram. Artikkelen om den saka ligg derimot bak betalingsmur i ei anna avis.

Alt ved agenda 2030 er ment til å innføre fattigdom og digitalt slaveri, så de vi har sett «smykke seg» med symbolet er avslørt som fiender av det norske folk.
LikarLikt av 1 person
Berekraftemblemet vil i framtida gå over til å få same tyding som nazi-symbolet har i dag.
LikarLikar