Canada trekkjer i all hast tilbake Pfizer og Moderna sine covid-19-«vaksinar»: «Øydelegg alle hetteglas!»

Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice melder:

Kanadiske vaksinetilbydarar har fått ordre om å sende tilbake sine lager av covid-19-mRNA-vaksinar til regjeringa, og øydeleggje alle gjenverande hetteglas frå dei gamle partia – so raskt som mogleg.

Ifølgje Health Canada må gamle parti av Pfizer og Moderna sine covid-19-vaksinar øydeleggjast for å «hjelpe til med implementeringa av den nyaste covid-19-vaksine-formulasjonen (KP.2) for komande haust».

Derimot har det hittil usette direktivet frå Health Canada om å i all hast levere tilbake eller øydeleggje alle eksisterande vaksinelager, inkludert brukte hetteglas, gjeve vaksinatørar hakeslepp. «Kvifor skal ein kvitte seg med noko som enno ikkje har gått ut på dato?» spurde Toronto-farmasøyt Fady Salama.

Medisinske profesjonelle som etterforskar samanhengen mellom covid-19-vaksinane og overtalsdødsfall har oppmoda farmasøytar og vaksinatørar om å avvise det statlege direktivet.

Ifølgje etterforskarar, må vaksine-hetteglasa ikkje bli øydelagde under nokon omstende. I staden må dei takast vare på som bevis.

«Akkurat no går der føre seg eit forsøk på å dekkje over og øydeleggje bevis på eit særs alvorleg brotsverk,» sa dei leiande kanadiske kreftlegen dr. William Makis.

Dr. Makis har oppmoda vaksinetilbydarar i heile landet å nekte å følgje den statlege ordren om å sende tilbake vaksinelagera sine og øydeleggje gjenverande hetteglas der har vore Pfizer- og Moderna covid-19-vaksinar i.

På X skreiv dr. Makis: «IKKJE SEND TILBAKE ELLER ØYDELEGG nokon vaksine-hetteglas, dei er uvurderlege. Gøym dei.»

«Til alle covid-vaksineklinikkane, til alle apoteka, til alle Walmart-parkeringsplassane, stadiona, bakgatene på Superstore, kor enn covid-vaksinar vart gjevne og kven enn som gav dei – so har eg ei melding til dykk,» sa dr. Makis.

«De lurer kanskje på om de ein dag kjem til å bli haldne ansvarlege for å ha injisert eit giftig farmasøytisk produkt i folk, som deretter vart skadde eller døydde plutseleg… De lurer kanskje på om rettferd ein dag kjem til å råke dykk.

I mellomtida har eg derimot det beste rådet eg kan gje dykk. Ikkje under nokon omstende fjern eller øydelegg covid-19-vaksine-hetteglas, sidan de kanskje har blitt bedne av Health Canada eller sjefane dykkar om å gjere.

Ta vare på dei glasa. Desse glasa er verdt si vekt i gull. Dei vil bli verdt ein heil formue. Akkurat no går der føre seg eit forsøk på å dekkje over og øydeleggje bevis for eit særs alvorleg brotsverk.

Desse vaksinane er kontaminerte. Der vil vere laboratorium i framtida som kjem til å ønskje å teste desse vaksinane. Hundrevis av dei, kanskje fleire tusen av dei, og dei vil betale gode pengar for dei.

Ikkje lat Health Canada og staten øydeleggje desse vaksinane. Redd desse covid-19-vaksine-hetteglasa. Ikkje lat dei bli øydelagde.»

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

2 comments

Legg att svar til Alt for legemiddelindustriens fortjeneste. Nye vaksiner uten utprøving godtas i USA på løpende bånd. - Derimot Avbryt svar