Sjå òg «Saksyndig-redaktøren leikar forfattar – vil litteraturkritikarar og forlagskonsulentar le seg fillete?», publisert 17.april 2026.
Den siste tida har eg lese artiklar og sett YouTube-videoar der publiserte, etablerte forfattarar delar sine skrivetips; alt frå plottstruktur til litterære verkemiddel. Frå å famle meir eller mindre i blinde har eg no fått ei lita lommelykt.
Lysalv sin roman Jotunkvad går for tida som føljetong på Saksyndig. Forfattaren har på si eiga nettside delt tilbakemeldingar frå folk som har lese den. Den beste strategien for ein forfattar er å finne andre forfattarar å dele erfaringar med. Mi personlege erfaring er at halvgamle, overarbeidde kollegaer er dårlege kandidatar til å gje råd om skriving.
Lysalv opplyser i innleiinga til romanen at han har fått mange testlesarar frå fellesskapet «Skriverne». Eg har i god Saksyndig-ånd gjort litt research. Han snakkar om ei Facebook-gruppe som har eksistert iallfall sidan 2015-2016. Gruppa skildrar seg sjølv som «et online møtested for alle typer lesere og skrivere».
I perioden 2015-2019 fekk eg sjølv publisert skjønnlitterære tekstar under eige namn i eit tidsskrift ved namn Kraftverk, utgjeve av Bergen kommune. I 2017 leverte eg eit manuskript til eit norsk forlag, der hovudhandlinga var at ein tilsett i heimetenesta med dårlege norskkunnskapar gav rekesalat til ein bebuar med alvorleg skaldyrallergi. Resultatet vart anafylaktisk sjokk og død, men verneombodet som varsla om hendinga vart omplassert fordi leiinga ikkje ville framstå som rasistar ved å røre ved den utanlandske tilsette. Forlaget gav avslag utan grunngjeving.
I 2019 fann eg ut at målgruppa til Kraftverk var personar med psykiske lidingar, og at eg ved å levere tekstar til tidsskriftet sjølv definerte meg som psykisk sjuk – noko eg verken var eller er. Ein av forfattarane fann i tillegg ut at eg var helsepersonell, og dette skapte sopass dårleg stemning at eg slutta å delta i dette fellesskapet. Eg leverte aldri ein tekst der igjen.
No når forfattardraumen min er tilbake, ser eg etter eit anna fellesskap utan denne «merkelappen».
I 2016 hadde bloggen Riss eit intervju med skaparen og administratoren av «Skriverne», Madeleine Ferre. Eit viktig nøkkelord er delekultur: dei deler relevante tips og ressursar med kvarandre, og eigne erfaringar rundt «så vel skrivehåndverket som skrivelivet», og ikkje minst den utfordrande prosessen det er å bli godteken hjå eit forlag og publisert. Mange skrivedraumar har blitt delt i gruppa, som opphavleg vart oppretta i samband med eit online-skrivekurs.
Madeleien takkar ei rekkje eldsjeler: Silje W. Pettersen, Hege Harreschou, Margrete Dyvik Cardona, Anniken Bjørnes, Gunn Marit Nisja, Pål Stuvand, Linn Tesli Lønaas, Beate Helle, M Amelia Eikli, Tonje Brantenberg, Alexander Sandtorv, Michael Kobernus og Jean-Louis Adorsen. For å presisere: Lysalv sitt ekte namn er ikkje å finne i lista, sjølv om han har samarbeidd med gruppa.
Når Madeleine fortel om seg sjølv, nemner ho ein oppvekst som eit skrivande og lesande barn som tidleg ønskte å bli forfattar. «Fornuftige vaksenpersonar» sa at ho heller burde bli journalist. Ho jobba ti år som frilansjournalist innan seksualitet, samliv og psykisk helse – noko som burde gje rikeleg med erfaringsbakgrunn til skrivinga. Eg kan nemne sånn i forbifarten at Ingvar Ambjørnsen jobba på psykiatrisk sjukehus, noko som var inspirasjon bak hans debutroman 21-salen.
Det Madeleine seier om forfattardraumen er so likt min eigen situasjon at eg like godt siterer den:
«Det at jeg ikke utviklet den kreative skrivingen og nedprioriterte den fra ung alder, gjorde noe med meg som sinket meg i livet mitt.
Jeg mistet noe på veien som var knyttet til selve personligheten min, og det som skjedde kort fortalt, var at jeg sluttet å lese og skrive kreativt. Bare det å åpne en roman var som å pirke borti barndomsdrømmen jeg ikke fulgte, veien jeg ønsket å følge, og jeg kom inn i en negativ sirkel der jeg i mange år undertrykket drømmen ved å drømme meg bort fra den.»
Madeleine søkte på både Forfattarstudiet i Bø og Forfatterakademiet i Oslo – og sidan ho kom inn på begge to, bestemte ho seg for å ta begge studia parallelt.
I 2016-2017 følgde eg skrivehjartet mitt. Det var diverre òg på den tida at eg opplevde mi fyrste alvorlege arbeidskonflikt – personalsaka enda med at einingsleiar etter råd frå HR omplasserte meg. I tillegg sa sjefen min opp leiarstillinga si. Kollegaen som laga all faenskapen vart verande. Ein kan trygt seie at mitt verkelege liv kom i vegen for skrivedraumen, og eg tek sjølvkritikk for å ha brukt min ustabile jobbsituasjon som ei orsaking for å ikkje søkje profesjonell hjelp. (Eg meiner her skrivehjelp, hehe. Mine fiendar såg helst at eg fekk einvegsbillett til galehuset, men det er ei heilt anna historie!)
Eg kjem til å følgje med på det som rører seg i litteraturverda framover, samstundes som eg jobbar med min eigen engelskspråklege roman. Til dei lesarane som forventar fleire omsetjingsartiklar og kontroversielle meiningsartiklar om arbeidslivet: eg må diverre skuffe dykk. Om de vil lese slike tekstar, er det rikeleg av dei på nettstadene til konkurrentane mine.

Det hører med til historien at det var gjennom Skriverne at jeg ble meldt til, og oppringt av terrorpolitiet på grunnlag av et videodikt jeg lastet opp der. Dette av en kvinnelig kiosklitteraturforfatter jeg vet navnet på, og som har befatning med en kvinne jeg kjenner i samme yrke. Dette diktet var mytologisk og hadde ikke noe spesielt graverende innhold.
Denne hendelsen rystet meg dypt i mine grunnvoller og medførte at jeg trakk meg fra både gruppen og Facebook. Det forandret også mitt paradigme og menneskesyn. Nå har jeg fortsått at det er umulig for meg å få publisert en bok i dette landet, idet kontroverser og dissens nådeløst stenges ned av de politisk korrekte kvinnene som dominerer bokbransjen.
Man tar seg jo i å undre hva denne siden skal bestå av nå som nyhetsartiklene tilsynelatende er satt på pause. Håper du legger ut egne verker som føljetong etterhvert. Skal si ifra til de skrivende jeg kjenner at her er det muligheter for samarbeid og føljetong. Initiativ kommer til han som ikke venter.
Nå er det tilbake til egen skriving.
LikarLikar
Takk for denne informasjonen, Lysalv. No fall ei viktig brikke på plass i puslespelet mitt. Å angje ein forfattar til terrorpolitiet høyrest ikkje ut som delekultur i mi bok (!). Om Madeleine eller kiosklitteraturforfattaren skulle lese denne artikkelen, er dei naturlegvis velkomne til å gje tilsvar. Det hadde frå mi side vore interessant å sjå dette videodiktet, berre for å sjå kva som utløyste ein slik drastisk reaksjon. Om du ikkje vil dele det her, kan du sende det til meg på saksyndig@saksyndig.com
LikarLikar
Var egentlig to dikt jeg la ut på Skriverne. Vet med sikkerhet at det var «Hyllest til Mars» som avstedkom den ekstreme reaksjonen og det nedrige angrepet fra den såkalte «kvinnen.» Lave og usle mennesker finnes, men det som rystet meg aller mest er at terrorpolitiet fant det i seg å løpe ærendet hennes. Mistet all tro på nord»menn» etter dette.
Madeleine har nok ingen kjenskap til saken, all den tid hun bare eier plattformen. Det er intoleransen og sneversynet i seg selv jeg vil til livs. Dessverre er bokbransen og litteratur-Norge preget av en altomfattende ensretting, noe som gjør det umulig å utgi en bok med noen grad av kontroversielt innhold.
Her er diktene. Håper linkene funker. Hvis ikke skal det bare være å copy/paste dem.
Hyllest til Mars – et prosadikt (fremføring)
https://youtu.be/YatIK1b-1dw
Hyllest til Frøya – et dikt i dadaisme (fremføring)
LikarLikt av 1 person