Fryktkultur, misunning og konspirasjonar på arbeidsplassen, del 2

Ein vondsinna einingsleiars innføring av fryktkultur og overvakingsregime på arbeidsplassen

Denne meiningsartikkelen tek føre seg korleis ein vondsinna einingsleiar innførte ein fryktkultur og eit overvakingsregime på arbeidsplassen ho nettopp hadde byrja på. Dette er min hypotese rundt kva som skjedde, for kva som eigentleg skjedde, reknar eg som usannsynleg å nokosinne finne ut. Nokon har snakka saman, og teke drastiske steg for å halde sanninga hemmeleg. Identifiserande opplysningar er utelatne og/eller endra. Ikkje fordi eg er bekymra for velferda til visse personar om informasjonen skulle kome ut (eg kunne ikkje ha brydd meg mindre om velferda deira!), men fordi mektige juridiske krefter kan tilinkjegjere meg om det skjer. Det er opp til lesaren å vurdere sanningsgehalten i denne teksten.

Eg jobba fram til sommaren 2021 hjå same kommunale arbeidsgjevar i ein større vestlandsby. Eg jobba mellom anna i bufellesskap, som brukarstyrt personleg assistent, på eit ambulerande team og på sjukeheim. Min siste arbeidsstad var på sjukeheim, der eg frå tidleg 2021 byrja å ope kritisere dei øydeleggjande koronatiltaka og den uvettige massevaksineringa på arbeidsplassen. Eg vart utan jobb og inntekt over natta. Kort fortalt meinte dåverande arbeidsgjevar at eg hadde begått «grovt pliktbrot» og handla i strid med deira interesser. Dei dikta i tillegg opp brot på retningslinjene for bruk av munnbind. Fire dagar seinare hadde eg ny jobb, denne gongen i eit privat vikarbyrå. I januar 2022 skifta eg på nytt arbeidsgjevar, då eg fekk eit årsvikariat i ein utkantkommune, der eg jobbar på noverande tidspunkt.

I byrjinga av januar 2021 såg eg ikkje på nokon måte alt dette kome. I desember 2020 hadde den tidlegare einingsleiaren på sjukeheimen gått av med pensjon i ein alder av 62, og ein ny einingsleiar, ei dame i 50-åra, hadde teke hans plass. Dei to kunne like gjerne ha vore natt og dag. Medan han hadde ei jordnær tilnærming til heile «pandemien» og sa at munnbind berre var naudsynt i stell- og matesituasjonar, men ikkje i miljøet elles, forlanga ho full underkasting og underordning: alle måtte bruke munnbind heile tida, og matpausar måtte avviklast i einerom om mogleg for å unngå «smitte». Ho maskerte heile personalgruppa og innførte det eg karakteriserer som ein fryktkultur på arbeidsplassen.

For å gjenta mi etter kvart so velbrukte, ofte modifiserte setning: Alle skulle halde avstand, halde kjeft og rette seg etter ordrar frå einingsleiar!

Eg kom til eit punkt der eg hadde fått nok. Propagandaen frå regjering og media hadde etter mitt syn eskalert til farlege nivå, med påstandar om ein «mutant-variant» frå Nordre Follo. Den påståtte «pandemien» hadde lege som eit irriterande bakteppe over livet mitt sidan mars 2020, og teke frå meg både kjærast og steson. Eg hadde flytta til ny leilegheit, og selt den gamle leilegheita med dundrande tap – folk torte ikkje å kome på visning på grunn av «koronafrykt», og eg måtte til slutt godta eit skambod. På bakgrunn av dette, delte eg i slutten av januar 2021 «Covidfilmen 2020» på Facebook-gruppa til dei tilsette på sjukeheimen. Filmen gav etter mi vurdering eit alternativt syn på koronasituasjonen, og det var fleire moment i den dokumentaren som eg meinte var verdig ein helsefagleg diskusjon i personalgruppa – kan hende på neste personalmøte.

Einingsleiar ville det ikkje slik. Eg delte dokumentaren ein sundag. Måndag ringde ho meg og forlanga at eg fjerna innlegget mitt frå Facebook-sida. Eg sa at det burde vere opp til moderatoren av gruppa. Ho ville deretter ha meg inn til samtale fyrstkomande onsdag. Tysdag hadde sjefen min, avdelingsleiar Christine, eit nervøst samanbrot då ho tilfeldigvis såg meg utan munnbind i same lokale som ein bebuar (eg hadde ein munnbindpause etter å ha gått med munnbind samanhengande i nesten tre timar). Einingsleiar gjekk i harnisk, kontakta Byrådsavdelinga og gav meg veka etter ein skriftleg advarsel. Der heitte det seg at eg hadde «handla uetisk og vist bekymringsverdige vurderingar som helsefagarbeidar» ved å dele filmen. Dette vart seinare om til at eg hadde handla i strid med arbeidsgjevars interesser; dei hadde gløymt sine eigne løgner, verka det som. I tillegg kom det feilaktige påstandar om brot på retningslinjene for bruk av munnbind. Det var visst «smittefarleg» å ta av munnbindet på noko som helst tidspunkt i løpet av arbeidstida, same om ein heldt éin eller to meters avstand eller ikkje. Då eg sa at det ikkje fanst nokon som helst studiar på at munnbind beskytta mot viruspartiklar, brølte einingsleiar at dette var «konspirasjonsteoriar».

Advarselen, som frå min ståstad kom som lyn frå klar himmel utan forsøk frå arbeidsgjevar på å opprette dialog, var eit irreversibelt brot på tilliten eg hadde til arbeidsgjevar. Eg visste instinktivt der og då at verken einingsleiar eller Byrådsavdelinga ville meg vel. Dei berre leita etter eit påskot for å fjerne meg. I deira auge var eg den «vanskelege» tilsette som nekta å sluke løgnene deira, og som nekta å gjere si «borgarplikt» og ta ein eksperimentell mRNA-vaksine. Seinare fann eg ut at einingsleiar hadde fått fleire i personalgruppa til å samle døme på det dei oppfatta som «ukollegial åtferd» om meg bak min rygg. Dei samla, utan at eg visste om det, punkt til ei avskjedssak. I tillegg hadde ein ufaglært kollega fått medisindelegering i byte mot å forklare seg uriktig om min munnbindbruk på avdelinga. Konspirasjonen var eit faktum, og mine dagar hjå den arbeidsgjevaren var talte.

Her er kva eg trur skjedde. Då ho byrja som einingsleiar på sjukeheimen i desember 2020, hadde ho møte med den avtroppande einingsleiaren og avdelingsleiarane, inkludert Christine. Eg reknar med ho hadde både fellesmøte og møte med kvar av dei. Eg og Christine hadde dårleg kjemi på grunn av fleire årsaker, og einingsleiar visste nok at eg hadde sterke meiningar og at eg tenkte sjølv. For ei som ho, var eg dermed ein trugsel. Ho ville ha underkasting og underordning. Ho ville ha ei samling lydige nikkedokker, for det var ein slik leiarstil ho hadde utvikla.

Eg ser ingen grunn til å pakke det inn: den nye einingsleiaren var etter mi vurdering ein psykopat. Ho hadde slik ei utstråling at ein av kollegaene sa til meg at ho kjende seg liten framfor ho. Enkelte vart visstnok fysisk uvel av dette vesenet. Einingsleiars handlingar mot meg var derimot det som bekrefta hennar vondsinna, menneskefiendtlege natur.

Etter å ha fått høyre frå sjefen min Christine at eg var ein «vanskeleg tilsett», kalla psykopaten inn til samtale dei ho oppfatta som «nøkkelpersonale» frå avdelinga. Verneombodet Synnøve, som hadde jobba på sjukeheimen i ei årrekkje, sidan ho var 17-årig elev. Christine si barndomsvenninne Karla, som var bestevenninne med Synnøve. Christine, Karla og Synnøve var kjernepersonalet på avdelinga, ein trio av høge, biletvakre brunetter. Einingsleiar oppfatta dei som jentegjengen som heldt avdelinga saman, og resten av oss som outsiderar som enkelt kunne fjernast.

Det var ei kjent sak at eg var ein populær tilsett i etasjen. Dei to andre avdelingsleiarane i etasjen skrytte av meg. Eg var dyktig i jobben min som helsefagarbeidar, eg spelte instrument til stor glede for bebuarane og kollegaene, og eg var vant med administrative og medisinske oppgåver frå tida mi som uoffisiell nestleiar på ambulerande team (einingsleiar hadde utan tvil snoka i personalmappa mi). Faktisk var det eg som hadde legevisitt i Christine sine lange fråværsperiodar, sidan det var eg som hadde mest peiling på den medisinske og helsemessige statusen til bebuarane på mi avdeling. Eg var òg den einaste som greidde sjølv dei tyngste stella åleine. Eg var hardtarbeidande og fagleg dyktig, men eg tenkte sjølv.

Ikkje på noko tidspunkt kalla einingsleiar meg inn til samtale for å høyre min versjon av ting. For ho var ikkje min ståstad relevant. Hadde ho spurt om mi meining, ville eg ha sagt at eg oppfatta Christine som ein usikker leiar som stadig blanda seg opp i korleis eg gjorde jobben min. Unødvendig detaljstyring og fokus på uvesentlege detaljar. Eg var vand med å jobbe sjølvstendig, og eg trong ikkje slike «baksetesjåførar» som behandla meg som om eg var ein grøn lærling på mi fyrste vakt.

Einingsleiar konkluderte raskt at eg måtte fjernast. Det same var tilfellet med Christine. Ho var ikkje på nokon måte populær på sjukeheimen. Dei andre tilsette var òg særs skeptisk til ho som leiar. Ho var på den andre sida ein dyktig omsorgsarbeidar, og til og med barndomsvenninna Karla meinte at Christine ville ha vore lykkelegast som vanleg tilsett. Dei andre avdelingsleiarane himla med auga over Christine sin stressa veremåte, og korleis ho såg ut til å mangle evna til å roe ned og puste med magen.

Som vanleg tilsett kunne eg fjernast utan problem for bemanningssituasjonen – der var meir enn nok vikarar å ta av, iallfall våren 2021. Christine var det derimot verre å fjerne. Ho var nemleg leiar, og avdelinga trong ein leiar. Einingsleiar byrja so å grave i personalmappene til dei andre tilsette. Synnøve hadde i si tid søkt på den leiarstillinga som Christine, som kom frå utsida, fekk. Den tidlegare einingsleiaren hadde for nokre år sidan fått inn klage på Synnøve for rasisme. Einingsleiaren hadde bede den aktuelle kollegaen om orsaking på vegner av Synnøve, sidan Synnøve sjølv nekta. Dette kan ha vore grunnen til at Synnøve ikkje fekk leiarstillinga ho var kvalifisert for.

Då var Karla ein betre leiarkandidat. Ho mangla kontroversielle episodar, og ho var lydig på grensa til det pinlege og hykleriske. Sjølv om ho til meg stadig ymta frampå at ho var møkka lei av alle dei tåpelege koronatiltaka, følgde ho likevel ordrar ovanfrå utan å ytre eit skeivt ord til leiinga. Ho var difor, i einingsleiars auge, perfekt leiarmateriale som kunne formast i den vonde kjerringa sitt eige idealbilete. Planen var klar: eg og Christine måtte ut, og Karla måtte bli leiar. Synnøve fekk ei stilling i administrasjonen som plaster på såret.

Christine sitt nervøse samanbrot i januar 2021 kan ha blitt framprovosert av den nye einingsleiaren. Som ein klassisk psykopat visste ho garantert kva slags knappar ho måtte trykkje på for å øydeleggje den allereie psykisk ustabile avdelingsleiaren. Korthuset byrja å rase saman, og alt kunne leggjast til rette for ein fryktkultur og eit overvakingsregime, nøyaktig slik den nye einingsleiaren ønskte.

Dette er som sagt kva eg sjølv trur skjedde. Mine fiendar vil nok kalle det løgn og dikting, men då er eg i so fall på trygg grunn, ettersom fiksjon jo er beskytta av ytringsfridommen… At det skjedde ein konspirasjon mot meg (og Christine), har eg ingen grunn til å tvile på. Ein kjent tenkjar skreiv ein gong i tida at alle som oppnådde ting, skaffa seg fiendar. Det er nok prisen ein må betale for å bli dyktig i sitt eige arbeid. For alternativet er nemleg å gjere ein dårleg jobb med vilje for å unngå misunning og konspirasjonar frå dei middelmåtige kollegaene. Slikt er naturlegvis både uetisk og ikkje minst i strid med bebuarane sine interesser – og det er bebuarane eg er på jobb for.

4 comments

Legg att svar til Personlig fortelling fra Covid-vaksinering. Mange som ble vaksinert på sykehjemmene ante ikke hva de fikk i seg. - Antiglobalisten Avbryt svar