Når «leiarane» flyktar frå det søkkande skipet

Denne meiningsartikkelen er meint som ein generell kritikk av stoda i helsesektoren, og er ikkje knytt til ein bestemt arbeidsplass, verken noverande eller fortidige. Kritikken er heller ikkje retta mot spesifikke personar, men er eit forsøk på å skildre mi personlege tolking av tendensen eg no ser på alle nivå i samfunnet. Av naturlege årsaker er helsesektoren referansepunktet, ettersom det er der eg har jobba i alle år. Sjølv om helsesektoren ikkje fungerte optimalt i gamle dagar, har dei seinare åra transformert den til eit misdanna, vansira monster som berre tryglar om å få døy. Mykje tydar på at den vil få det som den vil om ikkje so altfor lenge.

Den norske helsesektoren har i lengre tid vore i ferd med å kollapse. Vi har for lengst fått ei bemanningskrise på grunn av rekordhøgt sjukefråvær relatert til den ukritiske masse-injiseringa med mRNA-sprøyter i 2021. Fastlegar sluttar i jobben sin fordi dei har altfor mykje å gjere, noko som har ført til det som blir kalla både ei legekrise og ei pasientkrise. Fleire kommunar – og fleire skal det bli – står heilt utan legar, og legevakter og legekontor må difor stengje.

Helsesektoren er no eit skip som er i ferd med å søkke, og det ser ut til at dei ansvarlege ikkje kan kome seg vekk fort nok. Nok ein leiar har brått trekt seg, og nok ei leiarstilling må lysast ut. Somme synest mangel på leiing er himmelriket – dei om det. Etter mi meining kan ingen arbeidsplassar gå utan leiing på ubestemt tid, for det er nokre oppgåver som berre leiarar kan gjere, til dømes å ivareta dei tilsette. Arbeidsgjevars omsorgsplikt vart i det stille avskaffa 12.mars 2020, og har med særs få unntak ikkje vore gjennomført sidan.

Personalkonfliktar ligg og ulmar, og ingen leiar er der for å ta tak i dei. Tidlegare gjorde i det minste leiarane eit meir eller mindre ærleg forsøk på å løyse situasjonen, som i mange tilfelle nok skuldast ein uheldig kombinasjon av dårleg kjemi og ulikt syn på kva som er god utføring av yrket. Erfaringsmessig vil konfliktar i verste fall eskalere til open krig i personalgruppa, og i «kjerringsektoren» vil dette føre til sjukmeldingar på grunn av «utbrentheit». Ettersom ingen leiar er der for å dokumentere usemja, og løfte saker vidare opp i systemet, er konfliktsanering ikkje mogleg. Kven skal ein i so fall sanere vekk, når heile personalgruppa er ein rotnande byll, ein aggressiv kreftsvulst som for lengst har spreidd seg og blitt systemisk?

Ja, leiarane veit godt at den noverande bemanningskrisa ikkje kan løysast, for årsaka er på alle måtar systemisk. Metastasen er eit faktum. Det rekordhøge sjukefråværet er å finne alle stader, det er ikkje lenger nok å lyse ut stillingar og so satse på at folk frå nabokommunen (eller nabofylket) skal kome og fylle vakansen. Vi er ikkje der lenger. No er det for seint. Ingen høyrde på oss då vi åtvara mot galskapen, for dei ville ikkje hamne i unåde hjå den hjernevaska, massedanningspsykotiske leiinga. For å seie det rett ut: det er ikkje lenger ei leiing å hamne i unåde hjå!

Har vi fått ein arbeidsstad der leiar, når han eller ho for éin gongs skuld kjem på jobb, burar seg inne på kontoret med «turnus», kjem ut til lunsj og sluker maten, før han eller ho piler tilbake til kontoret og held fram «arbeidet»? Har vi fått ein arbeidsplass der leiinga ser på det som ei pine å kome på jobb, og som på grunn av sin openberre narsissisme heller fokuserer på sjølvrealisering enn å gjere si fordømte plikt og ivareta dei tilsette? Skal leiarar få lov til å stikke av for å takke ja til stillingar dei kanskje ikkje er kvalifiserte for, berre fordi nokon har snakka saman og bestemt seg for å synast synd på dei? Kor synd er det på folk – åleinemødrer, fråskilde, kreftsjuke, valdtektsoffer (!) – som trass sine episke private problem, likevel takkar ja til leiarstillingar? Har dei valt stillinga og lønna, har dei òg valt ansvaret.

Klart, kven tek eigentleg ansvar i desse dagar? Alle vil berre vekk før skipet søkk. Men tenkjer dei over at fortida kanskje vil forfølgje dei? Tenkjer dei nokosinne over at grums frå fortida – personalsaker, avskjedssaker, fiendskap, sjølvmord, kyrkjegardar av øydelagde karrierar – vil, skal og må bli med dei som nissen på lasset? Akkurat som nazistane som etter Andre verdskrig flykta til Argentina for å sleppe unna si velfortente straff – berre for å bli innhenta av sine fiendar og dømt. Vi kan ikkje late desse «leiarane» sleppe unna. Og iallfall ikkje til karrierar der dei i sine narsissistiske vrangførestillingar trur at det dei gjorde var «rett og heilt naudsynt». Og ettertida skal ikkje framstille dei som helgenar som ofra og forsaka visse delar av livet sitt i ein kort, mellombels periode – til dømes totalt unaudsynte nedstengingar av helseføretak, der «tiltaka» bokstavleg tala førde til tap av menneskeliv.

Vi kan ikkje sitje tause og sjå på at slike stiller opp i større aviser med blanke auge og munnbind og klagar over «den krevjande tida», og «den stormen eg stod i, naken og åleine» (men med arbeidsgjevar i ryggen, klar med ei betre betalt stilling når helvetet var over, medan vi på golvet skal vere takksame for at vi framleis lever!). Vi kan ikkje tillate slik historieforfalsking. Vi kan ikkje tillate forvrenging av sanninga, og iallfall ikkje av dei. Dei er ikkje sigerherrar, dei er dei store taparane som vi vil skrive mørke ting om i bøker. Dei har fråskrive seg retten til å definere kva som var «rett og heilt naudsynt». Dei er på feil side av historia, og somme av dei er mordarar.

Skal dei få kome med si tolking av denne absurde tida, skal vi få gjere det same. Deira side kan dei få kome med, men bør ikkje rekne med forståing eller sympati. Dei har fått sine sjansar, men dei har føkka det opp. Visse handlingar må fordømmast, for dei er i sin natur av slik ein infam vondskap at der ikkje finst noko forsvar. Frå helvete kjem dei og til helvete skal dei atter fare. Sjelene deira er fylde av ugjennomtrengjeleg mørke, av ei æveleg natt der morgonen aldri kjem. Om det er massedanningspsykose eller noko som låg latent i personlegdomen deira, er i denne konteksten irrelevant. Det er handlingane som til sjuande og sist tel, og det er handlingar – og ikkje haldningar eller meiningar – folk burde bli straffa for.

Om ikkje domstolane vil dømme dei, vil sanneleg vi gjere det ved å eksponere dei for folket som dei ynkelege lakeiane dei er. Og då hjelper det ikkje med blanke auge og munnbind.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s