Tidlegare CDC-direktør åtvarar: Den neste plandemien vil bli VERRE enn covid

Av Mac Slavo, SHTFPlan.com. Omsett av saksyndig.

Den tidlegare direktøren i Centers for Disease Control and Prevention (CDC), dr. Robert Redfield, sa nyleg at gain-of-function-forsking vil sikre at den neste pandemien blir «verre» enn covid. Ifølgje ein annan lege, vil den neste bli eit biovåpen som er skapt for å forårsake reell skade som folk faktisk vil kunne sjå.

Dr. Paul Cottrell seier at det vil skje ei utslepping av eit kimærisk biovåpen som er sett saman av SARS, HIV og H5N1-fugleinfluensa. Denne timinga er interessant med tanke på at store Big Pharma-selskap allereie skaper «vaksinar» berre i tilfelle fugleinfluensa «muterer» og hoppar over på menneske.

Vaksinegigantane GlaxoSmithKline (GSK), Moderna og CSL Seqirus fortalde til Reuters nyleg at dei allereie har byrja eller er i ferd med å byrje testinga av dei nye sprøytene, som er designa for å takle ein hypotetisk «mutert» versjon av H5N1 som kan overførast til menneske. Moderna har indikert at deira H5N1-injeksjonar vil bli laga ved hjelp av den same messenger RNA (mRNA)-teknologien som finst i deira covid-injeksjonar.

På måndagens [20.mars 2023] sending av Hill.TVs «Rising», sa dr. Redfield at den neste pandemien ikkje vil kome frå dyr, men «frå gain-of-function-forsking eller bevisst bioterrorisme». Og at den neste pandemien «kjem til å bli mykje meir brutal for verda enn covid var».

Redfield sa: «Eg trur faktisk at den neste pandemien, og vi kjem til å få ein ny pandemi og eg trur den kjem til å bli den store pandemien, eg ser på covid som ein mindre pandemi, den store pandemien kjem til å kome. Og normalt ville den kome via dyr… fugleinfluensa som lærer seg måten å overføre seg til menneske, for deretter å smitte frå eitt menneske til neste. Men eg trur at artsbarrieren er veldig reell. Men det er mykje meir sannsynleg at det vil skje på grunn av gain-of-function-forsking i eit laboratorium, og deretter sleppe unna, og so kjem vi til å få ein pandemi… som vil bli mykje meir brutal for verda enn covid var».

Bill Gates og Anthony Fauci finansierte òg forsking som essensielt seier det same. Kringkastar herskarklassen sitt neste trekk?

«Eg fortalde dykk at den neste store pandemien er på veg. Eg trur den kjem til å kome, ikkje frå dyr, den kjem til å kome frå gain-of-function-forsking eller bevisst bioterrorisme. Det kjem til å vere eit fugleinfluensa-virus som er manipulert slik at det kan smitte mellom menneske, særs likt det vi såg med covid,» sa dr. Redfield ifølgje ein reportasje gjort av Breitbart.

Herskarklassen pønskar nøye ut fugleinfluensa-forteljinga òg, slik at so fort den nye pandemien blir sleppt laus, har ikkje folk noko anna val enn å tru på den.

3 comments

Legg att svar til Derimot: Tidligere smitteverndirektør i USA: Det vil komme en ny pandemi og Big Pharma forbereder allerde vaksiner. – Antiglobalisten Avbryt svar