«Useless eaters» vil om få år vere uønskte i Den nye verdsorden

Det har i lengre tid vore kjent i alternative og uavhengige media at den vestlege verda er i ferd med å bli overteken av ein vondsinna, globalistisk elite som ønskjer absolutt kontroll og omfattande overvaking av befolkninga. Dei ønskjer mellom anna å oppnå dette med å innføre ein digital valuta som dei kontrollerer tilgangen din til, og ei slags «digital lommebok» som er knytt til deg. Dei ønskjer å bestemme kva du skal bruke pengane dine på, og kor mykje pengar du skal ha tilgjengeleg til ei kvar tid. Dette vil i sin tur vere knytt opp til eit sokalla sosial-kreditt-system av den typen ein har i Kina, der til dømes kritikk av regimet vil ta frå deg poeng, medan ord eller handlingar som hyllar regimet – Den nye verdsorden – vil gje deg poeng. Denne eliten ønskjer at du skal oppfatte normale, gudegjevne menneskerettar som privilegium som dei kan mellombels tildele deg når dei sjølv føler for det.

Dette vil bli stoda dersom denne eliten får det som dei vil. Etter fleire års planlegging lanserte dei koronaviruset seint i 2019, og Verdas helseorganisasjon (WHO) erklærte i mars 2020 «pandemi» av den «smittsame, allmennfarlege» sjukdommen SARS-CoV-2. Tilbake i 2009 hadde WHO endra sjølve definisjonen på ordet «pandemi»; dei hadde fjerna kriteriet om at den smittsame sjukdommen måtte føre til omfattande dødsfall i områda den råka. Dette vart gjort i forkant av svineinfluensaen, som enkelte reknar som «oppvarminga» til SARS-CoV-2. Som vi hugsar, mislykkast dei den gongen, og vaksinen Pandemrix førde til livsvarige mein hjå mange ungdommar, til dømes den invalidiserande sjukdommen narkolepsi. Fleire fekk erstatning, men helsestyresmaktene – inkludert våre eigne Steinar Madsen og Bent Høie – innrømte ingen skuld. Dei hadde jo berre følgt instruksar frå sine overordna.

Sjølv ved hjelp av omfattande psykologisk krigføring som skremde folk flest frå sans og samling, og sjølv ved hjelp av ulovlege vaksinepåbod og etisk forkasteleg sosialt press, greidde ikkje eliten å få alle til å ta dei eksperimentelle mRNA-injeksjonane til dei mektige farmasiselskapa Pfizer, Moderna, Johnson & Johnson, AstraZeneca og andre. Enkelte nekta å ta «vaksinane», for dei såg galskapen i det – og ikkje minst såg dei alle dødsfalla og dei alvorlege biverknadene som hovudstraumsmedia anten ignorerte eller hånleg avfeia som «feilinformasjon» og «konspirasjonsteoriar» frå «anti-statlege sympatisørar og høgreekstreme». Eliten mislykkast med det enkelte kallar eit biologisk våpen. So dei framprovoserte krig i Ukraina i staden for.

Informasjon som per dags dato (15.mars 2022) har kome ut, antydar at Putin gjekk til åtak på Ukraina fyrst og fremst for å eliminere biovåpenlaboratorium som eksperimenterte med dødelege virus, laboratorium som var finansielt støtta av USA. Tilstadeveringa av slike fasilitetar so nær grensa til Russland måtte for Putin ha framstått som særs illevarslande – saman med ekspansjonen av NATO-land austover, som jo var eit brot på avtalen som vart laga mellom NATO og dåverande Sovjetunionen.

Denne konteksten er viktig for å forstå kva slags ekstreme grep denne vondsinna eliten vil ta for å innføre sin draum om absolutt kontroll over befolkninga. Dei skal opprette ein global-kommunistisk stat der du skal eige ingenting og vere lykkeleg – og «lykkeleg» må her oppfattast som «hjernevaska til å tru at alt er fryd og gaman, og at Staten vil deg vel». Dette fører oss over til det eigentlege temaet i denne meiningsartikkelen: Kva om du av ulike årsaker er uønskt i denne Nye verdsorden?

Eliten har heilt sidan sin fødsel i City of London på 1800-talet djupt hata det dei oppfattar som «useless eaters» – ubrukelege etarar. Dei som ikkje bidreg til samfunnet, og som tilbringer dagane med å sitje på ræva, late seg og forsyne seg uforskamma av ressursar dei ikkje har gjort seg ervervsmessig fortent til. Om du synest dette høyrest menneskefiendtleg ut, har du heilt rett. Slike «useless eaters» omfattar nemleg alle som ikkje er i stand til å vere i lønt arbeid. Dei som er på trygd eller andre velferdsordningar som skaffar dei mat, tak over hovudet og ei inntekt som gjer det mogleg å leve eit verdig liv.

Slike vil ikkje den vondsinna eliten ha – og dei må difor døy.

Klart, eliten kan ikkje berre spore opp dei trygda og ta livet av dei på høglys dag. Då vil folk reagere og innsjå kva Staten sine intensjonar eigentleg er; opprør og valdeleg revolusjon er då eit sannsynleg utfall. Om ein sit på ei god hand under eit intenst pokerspel, so fortel ein ikkje motstandaren kva slags kort ein sit med før det er for seint. Dei uproduktive medlemmane av samfunnet må eliminerast på ein langt meir subtil måte.

mRNA-injeksjonane var eit middel til å «luke ut» dei som ikkje bidrog til samfunnsmaskineriet. Som fleire varslarar innan helsevesenet har antyda, er enkelte parti av sprøytene langt giftigare enn andre – og nokre parti er berre saltvatn, som ikkje skader kroppen på nokon måte. Det som inntil nyleg fekk meg sjølv til å tenkje «konspirasjonsteori», verkar no plausibelt: Maktpersonar får saltvatn injisert, som ikkje skader dei, middelklassen får mRNA-injeksjonane, som skaper uhelse og død på lang sikt (blodproppar, myokarditt, menstruasjonsforstyrringar, osb.), medan dei uproduktive får giftsprøyter.

Eg vil her skunde meg å leggje til at mi personlege erfaring ikkje stemmer med den teorien. Eg kjenner til dømes berre til éin sjukeheimsbebuar som vart sjuk og døydde i samanheng med mRNA-sprøytene (og der fanst ikkje andre plausible årsaker som til dømes underliggjande sjukdom; personen var frisk for sin alder før sprøyta vart injisert). Om teorien stemte, ville ein i løpet av 2021 ha sett historisk massedød rundt om på sjukeheimane, og Statens utgifter til trygdeytingar ville ha gått dramatisk ned.

Dette treng derimot ikkje tyde at teorien er sludder. To årsaker kan eg kome på i farten:

1) Staten kan heller ikkje her umiddelbart avlive «useless eaters» i hopetal, for då vil vaksinemotstanden gå i taket og heile prosjektet strande; visse maktpersonar vil bli stilt for retten og dømt for massemord.

2) Det har vore reell overdødelegheit blant dei trygda på grunn av mRNA-injeksjonane, men trygdeutgiftene har likevel vore uendra eller auka ein tanke på grunn av massiv innvandring av folk som ikkje er i stand til å fungere i lønt arbeid.

Igjen, dette er berre mine ufiltrerte tankar, og sistnemnde går òg over i den særs upopulære teorien om «befolkningsutskifting» i den vestlege verda; eliten vil kvite kristne til livs fordi menneske frå andre delar av verda er meir viljuge til å underkaste seg totalitære styreformer med sensur, overvaking og sosial-kredittsystem. Den vestlege verda har ein fleire hundre år lang tradisjon for demokrati, menneskerettar og ytringsfridom, og slikt vil ikkje eliten ha noko av.

Om det verst tenkjelege skulle skje, og Staten verkeleg har som agenda å kvitte seg med uproduktive (kvite, kristne) medlemmar, er følgjande framgangsmåte éin av fleire moglege:

  1. Det vil bli lettare å få trygdeytingar. I dag er det vanskelegare enn nokosinne å få velferdsordningar frå Staten, blant anna dagpengar i samband med at ein har mista jobben. Enkelte har i fleire år snakka om å innføre borgarlønn, ei ordning som vil erstatte alle noverande trygdeytingar. Denne «borgarlønna» påstår dei skal gjelde for alle, og ikkje vere bundne av vilkår, slik det noverande trygdesystemet er. Dette er naturlegvis løgn, ettersom dei har tenkt å knytte borgarlønna opp til eit framtidig sosial-kredittsystem. Utifrå elitens agenda om å utrydde uproduktive medlemmer av samfunnet, reknar eg det som usannsynleg at borgarlønna vil bli innført. Dagens trygdesystem vil mest sannsynleg vere ordninga som vil bli knytt til sosial-kredittsystemet. Ved å godta trygd, innrømmer du samstundes at du er unyttig i samfunnet, og då vil du bli fjerna innan kort tid!
  2. Det vil bli lettare å kvalifisere til trygdeytingar. Og med det meiner eg at det vil bli lettare å falle utanfor arbeidslivet. Stadig fleire jobbar blir automatiserte, og i enkelte sektorar som til dømes helse og omsorg, kuttar dei gradvis i bemanninga i dei fleste føretak. Er du over ein viss alder (35+?) er det vanskelegare å få jobb som til dømes helsefagarbeidar eller sjukepleiar; leiinga tilset heller unge, nyutdanna som ikkje stiller spørsmålsteikn ved kritikkverdige forhold på arbeidsplassen (enkelte leiarar gjer det av eigen preferanse, andre etter instruksar frå sine overordna).
  3. Det vil bli lettare å bli rekna som «for sjuk» til å vere i arbeid. mRNA-injeksjonane øydelegg helsa til folk, slik at dei er ute av stand til å jobbe for føda. Ei 23-åring med blodproppar i heile kroppen og alvorleg myokarditt, som knapt kan kome seg frå senga og inn i stova, er ein dårleg kandidat for arbeid, men ein perfekt kandidat for trygd. Staten betaler viljug for personen, ettersom vedkomande toppen har fem år igjen å leve – om han er heldig. For dei som mot alle odds framleis er fysisk friske (men har meiningar som ikkje er i harmoni med regimet!), vil Staten prøve å skvise dei ut av arbeidslivet på meir utspekulerte måtar. Leiarar kan bli instruerte til å lovleg trakassere personen heilt til ho ikkje lenger maktar å stå i jobben og må sjukemelde seg. Fastlegen – igjen etter instruksar ovanifrå – vil mistenkje psykisk sjukdom og henvise til psykiatrien/spesialisthelsetenesta. Spesialistpsykologar og psykiaterar kan enkelt fabrikkere diagnosar som til dømes personlegdomsforstyrring eller «yndlingen» Asperger syndrom. Samarbeidsvanskar med sjefen kan jo skuldast mild autisme, og autistar er ikkje forventa å fungere i lønt arbeid der det blir stilt krav til dei som dei er dømt til å ikkje kunne oppfylle. Resultatet: trygd og nært føreståande død.

Dette er tre av mange moglege framgangsmåtar Staten kan ta i bruk for å fjerne uønskte medlemmer av samfunnet. Fellestrekket er at personen anten må vere – eller bli gjort – unyttig eller overflødig i samfunnet. Noreg blir av mange reknar som eit føregangsland når det gjeld helse- og omsorgstenester til innbyggjarane. Vi har eigenandel på medisinsk nødvendig behandling og operasjonar, og vi har eit omfattande tenesteapparat for eldre (sjukeheimar og eldresenter), psykisk utviklingshemma (bufellesskap og dagsenter), psykisk sjuke (psykiatriske sjukehus og psykiatribustader) og rusavhengige (oppfølging frå ruskonsulentar og NAV). Ved fyrste augnekast ser dette ut som verdas beste system, og eit guddomleg avansert og velsmurt velferdsmaskineri. Jobbar ein på innsida, derimot, framtonar det seg som eit skip som raskt tek inn vatn utan at kaptein eller mannskap reagerer på nokon måte.

Helsesektoren har sidan 1980 blitt utsett for kritikkverdig nedbemanning og kutting i offentlege midlar. Talet intensivplassar på sjukehus er til dømes halvert sidan den tid. Sjukeheimar rundt om i landet slit med bemanning og dårleg økonomi; personalet slit seg ut, og leiarrolla er blitt so omfattande at fleire personar må uoffisielt dele på å få gjort unna alle oppgåvene. Sjølv innan Tenester til utviklingshemma har det skjedd ei nedbemanning, og mi personlege erfaring frå den tida får meg til å tenkje på følgjande kritikkverdige forhold: gamle, dårlege hjelpemiddel som vart brukte til dei fall frå kvarandre (til dømes rullestolar, personløftarar, handikap-bilar, osb.); kommunale leilegheiter som var slitne, gamle og halvrotne, og der fasilitetar slik som dusj og toalett plutseleg kunne slutte å fungere. Eg har ingen personleg erfaring med arbeid innan rus og psykiatri, men bekjente som jobbar der bekreftar at stoda liknar den som er å finne innan eldreomsorg og tenester til psykisk utviklingshemma. Økonomien er der til å forbetre liva deira, men viljen frå høgste hald manglar. Dei vil heller bruke pengar på unyttige konsulentstillingar og farleg inkompetent leiing.

For å setje ting på spissen: Eldre, psykisk utviklingshemma, psykisk sjuke og rusavhengige blir av eliten sett på som unyttige i samfunnet – «useless eaters». Dei fleste i desse målgruppene mottek trygdeordningar – og med unntak av dei eldre, har dei ikkje gjort nemneverdig nytte for seg i samfunnet; dei har berre vore ein utgiftspost. Det er i Statens (og elitens) interesse at desse gruppene forsvinn frå jordas overflate. Per dags dato lever dei på herskarklassens nåde. Om fem år… Kven veit.

2 comments

  1. Dette treng derimot ikkje tyde at teorien er sludder. To årsaker kan eg kome på i farten:
    ——————————————————————————————————————-

    Eit lite bidrag her:
    1) …
    2) …
    3) Staten og regjeringa veit ikkje kva som er i sprøytene. Det veit derimot produsentane. Norge si regjering gjer rikeleg av skattepengane våre til globalistane. Om pengegavene deira tar slutt, blir kan hende også sprøytene litt etter kvart giftigare. (Eg ber ikkje om orsaking for kynismen min. Eg har sett for mykje til det.)

    Likt av 1 person

    • Dette er ein interessant vri, at regjeringa bestikker globalistane for ikkje å bli forgifta av «vaksinane». Dette kan vere ei mogleg forklaring på kvifor ein ser mykje mindre «vaksine»-dødsfall i Noreg enn til dømes i USA. Verdt å tenkje på.

      Likar

Legg att svar til saksyndig Avbryt svar