WEF-tilknytt tenestemann erklærer at «klimanedstengingar» er her «anten folk likar det eller ikkje»

Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Ein tenestemann i Oxford, England, har erklært at «klimanedstengingar» er komne og er her for å bli «anten folk likar det eller ikkje», når byen no annonserer at innbyggjarar må søkje løyve frå staten for å fare rundt i byen.

Innbyggjarar i Oxfordshire vil no trenge ei spesialløyve for å fare frå ei «sone» i byen til ei anna. Derimot vil til og med innbyggjarar som får tildelt løyve berre få lov til å reise frå ei sone til ei anna «maksimalt 100 dagar i året»:

«Fylkesrådet i Oxfordshire godkjende i går planar om å stengje innbyggjarar inne i ei av seks soner for å ‘redde planeten’ frå global oppvarming. Det siste stadiet i ‘15 minutts-by’-agendaen er å plassere elektroniske portar ved innfartsårer i byen, noko som sperrar innbyggjarane inne i sine eigne nabolag.

Dersom innbyggjarar i denne nye planen ønskjer å forlate sona si, vil dei trenge løyve frå Rådet som deretter får bestemme kven som fortener fridom, og kven som ikkje gjer det. Under den nye planen får innbyggjarar lov til å forlate sona si maksimalt 100 dagar i året, men for å i det heile teke oppnå dette, vil kvar innbyggjar måtte registrere opplysningar om bilane sine til rådet, som deretter vil spore rørslene deira via smartkamera rundt om i byen.»

Kjem innbyggjarane i Oxfordshire faktisk til å finne seg i dette?

Bill Gates vart teken på fersken i å innrømme at klimaendringsagendaen er ein gedigen bløff for Den nye verdsordenen i ein video som nyleg dukka opp, der han skryter over at frasen «grøn energi» har «føkka opp hovuda til folk».

Dersom vi aksepterer konseptet klimanedstengingar, vil vi gjere oss til offer for bløffen.

Eg trudde aldri at vi faktisk ville sjå klimanedstengingar bli innførde i den frie verda, men no er vi der.

Naturlegvis finst det eit og anna menneske som høglytt protesterer mot denne nye planen, men Duncan Enright, Oxfordshire fylkesråd sin kabinettmedlem for reise- og utviklingsstrategi, sver at «den kontroversielle planen vil bli innført anten folk likar det eller ikkje».

Dei globale elitane har slutta å låst som om dei trur på demokrati.

Dette burde ikkje kome som noka overrasking med tanke på naturen til retorikken som har kome ut av World Economic Forum i det siste. Dei ser no på seg sjølve som gudar med «guddomleg makt» over «skaping og øydelegging». Når det gjeld Gud, er Han død. Og Jesus er «falske nyheiter».

I mellomtida har Frankrike bestemt seg for å fullstendig forby visse kortdistanseflygingar i eit forsøk på å bekjempe sokalla klimaendring:

«Frankrike kan no tvinge deg til å ta tog i staden for fly.

Europakommisjonen (EC) har gjeve franske tenestepersonar grønt lys for å fullstendig forby visse innanlandsflygingar dersom gjeldande rute kan bli fullført per tog på under to og ein halv time.

Planen vart fyrst føreslegen i 2021 som ein måte å redusere karbonutslepp. Opphavleg bad den om eit forbod mot åtte kortdistanseflygingar, men EC har berre samtykt til å fjerne tre som har raske, enkle togalternativ med fleire direktesamband kvar veg kvar dag.»

Dette er galskap.

Men dersom det franske folket aksepterer desse nye restriksjonane, vil liknande forbod uunngåeleg kome til andre EU-land.

I Nederland kjem staten faktisk til å kjøpe og stengje ned rundt 3000 gardbruk for å «redusere si nitrogenforureining»:

«Den nederlandske regjeringa planlegg å kjøpe opp og deretter stengje ned opptil 3000 gardbruk i eit forsøk på å lyde eit miljørelatert påbod frå EU for å kutte utslepp, ifølgje rapportar.

Bønder i Nederland vil bli tilbydde ‘vel over’ verdien på gardbruket deira i eit forsøk på å få dei til å gå med på tilbodet friviljug, rapporterte The Telegraph. Landet prøver å redusere nitrogenforureininga si, og vil føreta oppkjøpa dersom ikkje nok bønder aksepterer å selje.

‘Der vil ikkje kome eit betre tilbod,’ fortalde Christianne van der Wal, nitrogenminister, det nederlandske parlamentet på fredag.»

Ja, den WEF-infiltrerte nederlandske regjeringa har no ein «nitrogenminister».

Dette er reine sjølvmordet.

Vi kjempar mot ei hittil usett global matkrise, og den nederlandske regjeringa har bestemt at no er tida for å stengje ned tusenvis av gardbruk med tvang?

EOTAD.com rapporterer: Og snakkar ein om sjølvmord, har Canada no funne ein måte å få folk til å slutte å sleppe ut noko som helst karbon so fort dei ikkje lenger er brukelege. Assistert sjølvmord har blitt temmeleg populært blant liberale kanadiarar, og talet menneske som tek det talet veks år for år:

«I fjor gjorde meir enn 10 000 menneske i Canada slutt på livet sitt via eutanasi – oppsiktsvekkjande nok er det meir enn tre prosent av alle dødsfall der – ein auke på ein tredjedel frå året før. Og talet kjem sannsynlegvis vil å auke vidare: neste år har Canada planar om å late folk døy eksklusivt av mentalhelsegrunnar.»

Dersom du kjenner deg deprimert, har Canada ei løysing på det.

Og dersom du er handikappa, har Canada ei løysing på det òg:

«Sist veke dukka det opp ei sjokkerande historie om korleis den kanadiske hær-veteranen og Paralympics-deltakaren Christine Gauthier, etter fem års enerverande kamp for å få ein rullestolheis til huset sitt, vart tilbydd eit ekstraordinært alternativ.

Ein kanadisk tenesteperson fortalde ho i 2019 at dersom livet hennar var so vanskeleg og ho var so ‘desperat’, kunne staten hjelpe ho med å ta livet av seg. ‘Eg har eit brev her som seier at dersom du er so desperat, frue, kan vi tilby deg MAiD, medical assistance in dying,’ sa den lamma tidlegare hær-korporalen i eit vitnesbyrd til kanadiske parlamentsmedlemmer.»

«Medisinsk assistanse til å døy» høyrest so klinisk ut.

Men til sjuande og sist der det den største nedstenginga av dei alle.

Fordi so fort du sluttar å puste, vil du ikkje vere i stand til å begå fleire «klimasynder».

Over heile den vestlege verda veks autoritarisme i ein fart som tek fullstendig pusten frå oss.

Dersom dei kan leggje alvorlege føringar på reise og stengje ned gardbruk i dag, kva slags tyranni vil vi sjå i framtida?

Tragisk nok forstår folk flest framleis ikkje kva som skjer.

Vi håper dei vil vakne opp før det er for seint.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s