Saksyndig fyller 2 år

Sjå òg «Saksyndig fyller 1 år», publisert 14.november 2022.

Mot alle odds har denne vesle nyheitsbloggen overlevd to år sidan den vart unnfanga under dramatiske omstende hausten 2021. I dag, tysdag 14.november 2023, kan eg sjå tilbake på heile to år som redaktør for Saksyndig. November 2022 brukte eg på å finne ny jobb etter at eg plutseleg fekk greie på at dåverande arbeidsgjevar ikkje ville ha meg på den aude sjukeheimen lenger. Det visste seg at min dåverande leiar (som var konstituert leiar mesteparten av 2022) i desember 2021 hadde loge til meg; ho og kommunen hadde inngått arbeidsavtale med meg i vond tru. Eg vart tilsett i eit årsvikariat, og min dåverande leiar hadde lovt meg fast stilling i 2023 «om alt gjekk bra». Ho nekta i oktober 2022 på at ho hadde sagt dette, og helse- og omsorgssjefen i kommunen sa at dei hadde gjeve fast stilling til nokon andre på grunn av at dei følte «uvisse» over at eg ikkje ville bruke referansar frå ein viss arbeidsgjevar som prøvde å få meg avskjediga på grunn av min skepsis knytt til «koronasituasjonen». Den vesle kommunen laug til meg, eg måtte finne meg ny jobb, og bebuarar og kollegaer miste ein dyktig helsefagarbeidar. Eg «hemna» meg på den leiaren ved å skrive ein fiktiv tekst der ho sprengkåt og desperat var med i ein episode av «Naked Attraction». Eg fann ny jobb til slutt, på ein privat sjukeheim – men ting gjekk ikkje akkurat noko betre der.

(Sjå òg «Å søkje jobb i ei tid med ‘alvorleg’ personalmangel, del 2», publisert 2.desember 2022.)

Året 2022 fekk ein særs dramatisk slutt då eg sklei på isen og braut beinet under ein føremiddagstur på sjølvaste julaftan i skogen like nedanfor der eg leigde. Eg knakk skinnebeinet (tibia) like nede ved foten, og måtte fraktast i luftambulanse til Haukeland, der eg vart operert i romjula. Dei fyrste to månadene av 2023 tilbrakte eg 100% sjukemeldt medan eg venta på at brotet skulle gro, og trena meg opp ved hjelp av fysioterapi og stadig lengre spaserturar; dette treningsprogrammet måtte eg lage sjølv ettersom eg ikkje fekk nokon hjelp frå helsetenesta. Medan eg jobba i den aude kommunen oppretta eg eit vennskap med ein likesinna sjukepleiarkollega, og vart mellombels ein del av det ho og kjærasten hennar kalla «den norske motstandsrørsla». Etter at eg heilt tilfeldig undersøkte broddane eg hadde brukt under ulykka mi i skogen, oppdaga eg at nokon hadde filt ned piggane på venstre paret. Det var venstrefoten eg sklei med slik at høgrebeinet vart vride og brote. I november hadde nevøen til min allierte plutseleg blitt arrestert, mistenkt for drap i Polen – saka er framleis pågåande i det polske rettssystemet. Eg trekkjer den konklusjonen at «nokon» har sett ting i rørsle for å råke oss.

(Sjå òg «Saksyndig-redaktøren sjukehusinnlagt etter alvorleg fall på isen», publisert 1.januar 2023, «Saksyndig-redaktøren med oppsiktsvekkjande informasjon frå førre arbeidsplass: Kvite hattar, motstandsrørsle og drap», publisert 5.januar 2023, og «Saksyndig-redaktøren kjem med urovekkjande teori om den eigentlege årsaka til si ulykke», publisert 10.mars 2023.)

Onsdag 1.mars 2023 byrja eg omsider i min nye jobb, ei 50%-stilling som helsefagarbeidar ved korttidsavdelinga på ein privat sjukeheim i Bergen. Eg oppdaga fort at noko skurra, både med personalgruppa og den nervøse, ustabile leiaren. Mellom anna vart eg nesten konsekvent nekta ekstravakter, og oppdaga til mi forferdig at sjukepleiarane dreiv og overmedisinerte pasientane. Dei administrerte til dømes morfin og midazolam ved minste teikn på uro, smerter og ubehag hjå pasientane. Fleire av dei kom med kommentarar om at eg gjekk rundt og halta, og det vart uttrykt misnøye over at eg på grunn av beinbrotet ikkje greidde dei tyngste stella åleine. Måndag 22.mai fekk eg etter kontortid innkalling til drøftingsmøte per e-post, men det stod ingenting om kvifor eg hadde blitt innkalla. Etter noko som eg sjølv skildrar som ein hekseprosess av ei personalsak, der min tillitsvalde i Fagforbundet nekta å hjelpe meg fordi ho var på ferie, vart eg oppsagt frå korttidsavdelinga. Eg vart plassert i ei mellombels stilling i vaskeriet, men kollapsa i byrjinga av juli etter ein månad med det eg klassifiserer som «negerarbeid». Per dags dato er eg framleis sjukemeldt, og har hamna inn under NAV på arbeidsretta tiltak. Eg ser ikkje på det som realistisk at eg nokosinne jobbar som helsefagarbeidar igjen fordi eg på grunn av koronasituasjonen har brent so å seie alle bruer i helsesektoren. Alle mine referansar frå 17 år i helsesektoren er kompromitterte.

(Sjå òg «Helse-Noreg i eit nøtteskal? Konspirasjon i personalgruppa på privat sjukeheim fekk erfaren helsefagarbeidar oppsagt», publisert 15.august 2023, og «Ein helsefagarbeidars undergang, del 1», publisert 7.september 2023, og «Ein helsefagarbeidars undergang, del 2», publisert 8.september 2023.)

Det viste seg at min dåverande leiar på den aude sjukeheimen i lengre tid har snakka meg med overfor den kommunale administrasjonen i ein større kommune der eg i lengre tid har prøvd å finne arbeid. Dette har ho sjølv innrømt til meg. Ho sa òg dette til leiinga på den private sjukeheimen i Bergen då eg brukte ho som referanse. Eg og ho er politisk ueinige om koronasituasjonen, og ho er i tillegg Høgre-dame – Erna Solberg er ei gudinne i hennar auge. Den plutselege oppseiingssaka kan difor kome av at leiinga oppfatta meg som ein trugsel fordi eg har «feil» meiningar. Dette er ikkje på nokon måte overraskande no i 2023, ei tid der den vestlege verda sjeldan har vore so totalitær som den er no. Det føregår openlys sensur, svertekampanjar og kansellering av meiningsmotstandarar, og staten utfører til og med sanksjonar mot oss. Her i Noreg såg vi døme på dette då ein mann i sommar vart tvangsinnlagt på psykiatrisk avdeling etter at han hadde posta innlegg på Facebook som var kritiske til koronahandteringa og «vaksinane».

Perioden 14.november 2022 til 14.november 2023 peiker seg ut ved at «Josefine Bru» i to periodar var mellombels redaktør for Saksyndig. Fyrst frå romjula 2022 til eit stykke ut i januar 2023, og deretter ein periode i juni då eg på grunn av mi arbeidsrelaterte livskrise og sjukdom i familien var ute av stand til å drive min eigen blogg. Sommaren 2023 markerte òg eit vendepunkt i den redaksjonelle linja, i og med at eg slutta å publisere reine omsetjingsartiklar og i staden gjekk over til å lage sjølvstendige artiklar utifrå utvalde artiklar. Josefine sjølv vart i september innlagt på Sandviken psykiatriske sjukehus etter eit sjølvmordsforsøk, som sambuaren hennar fortalde til meg i ein e-post. Ho er i skrivande stund framleis innlagt, og sambuaren blir nekta innsyn i journalen hennar fordi han ikkje er næraste pårørande.

(Sjå òg «Sjokkerande nyheiter: ‘Josefine Bru’ er tvangsinnlagt etter sjølvmordsforsøk», publisert 16.september 2023, og «Oppdatering om ‘Josefine Bru’», publisert 20.oktober 2023.)

16.oktober 2023 lanserte eg ei løysing der lesarar kan støtte arbeidet mitt ved hjelp av Vipps, for det er slik dei fleste uavhengige medieformidlarar får midlar til å drive nettstadene sine. I fråvær av Josefine har eg òg blitt meir avhengig av tips til saker frå lesarar, og eg har i tillegg publisert ei sak der helsepersonell har varsla meg om kritikkverdige forhold på arbeidsplassen. Slike historier viser at min situasjon diverre ikkje er unik – norske arbeidsplassar har rett og slett blitt mindre hyggjelege å jobbe på.

Akkurat som i 2021 og 2022 er mi personlege framtid uviss, spesielt med tanke på vidare karriere og arbeid. Ting har riktig nok ordna seg før, og eg håper eg vil kome tilbake til arbeidslivet igjen, til og med i ein heilt annan sektor. I mellomtida driv eg Saksyndig vidare, og publiserer nye artiklar kvar dag – til stor glede for min trufaste kjerne av lesarar.

2 comments

Kommenter innlegget